Hei mor, takk for at du er mi
tirsdag 14. september 2010
Om å vera ein og to
Eg er eit einebarn. Det er berre eg som har mi mor, berre eg som har nekta å laga middag, og berre eg som har gøymt meg inntil ho når eg ikkje visste kva som var draum og kva som var verkeleg. Det er berre eg som har ropt så fæle ting at det gjorde vondt for meg og, berre eg som har henta kald klut og spurt om ho trong noko meir. Det har alltid vore oss, sør og nord, kald og varm, rar og rarare. No er det aust og vest og blod som er tjukkare enn vatn og saft og appelsinjus med fruktkjøt til saman.
Hei mor, takk for at du er mi
Hei mor, takk for at du er mi
onsdag 8. september 2010
mandag 6. september 2010
Om å sakna
Eigentleg er det fint å sakna. Så lenge det er på eit middels intenst nivå, og ikkje på eit hol-i-hjarte-under-dyna-heile-dagen-skyt-meg-no-nivå. Når eg saknar noko gler eg meg ofte samtidig, og det er ein av dei finaste vanane eg har.
I dag saknar eg å vera meg i desse augneblinkane.

I dag saknar eg å vera meg i desse augneblinkane.
Kategoriar:
om fine augneblinkar
søndag 5. september 2010
Husvarming
På fredag varma me opp til den store innflyttingsfesten som skulle vera på lørdag og som me hadde gleda oss til i minst ein månad. Me tok på oss kjolar som matcha og dansa som galningar.
Eit vertskap må tilby noko til gjestane sine, me laga glutenfrie muffinsar med dinosaurar og fekk stjerne i boka hjå søliaki-jentene.
Sidan alle kom for seint, underhaldt me oss sjølv med miming på ein kasse. Eg var ananas.
Heldigvis kom det nokon.
Eirik var sist ut av døra fordi han hadde gløymt nøklane. Då klappa me i kanskje eit minutt.
FFF!
(for ein fest)
torsdag 2. september 2010
Om å føla seg som ein potetsekk
Du svevar ein centimeter over golvet over bakken over jorda, høyrar ikkje anna enn musikken som spelar langt der inne i øyra og kjennar at orda kjem ut av armane, halsen, tærne. Du strekk deg så langt at du rekk opp til himmelen, du er ein fuggel men eigentleg er du berre ein sekk med poteter.
Eg treng litt meir trening.
Ballett <3
Eg treng litt meir trening.
Ballett <3
Kategoriar:
om ingenting
onsdag 1. september 2010
Dans oppå bordet
her

I morgon byrjar eg på ballett, 21 år gamal. Eg og Solveig. Me kan ikkje dansa ballett, og eg kan eigentleg ikkje dansa på nokon andre måtar heller. Unntatt kanskje på den fulle måten. Det seier seg nesten sjølv at i morgon kan bli ein morosam dag, om ein meiner at morosam og flau er synonym, noko eg gjer. For å forbereda meg har eg høyrt på klassisk musikk og øvd meg på å setta håret opp i ein topp. Det har eg sett at dei gjer, dei som kan ballett.
Ps. håpar eg får vera svane.

Som boblene i bekken
Eg likar
<> at laksen hugsar kor han blei fødd og kjem attende
<> at datamaskinen min har ein pult å kvila på
<> at det er eg som har bygga den pulten
<> at eg et makronar i Paris om ei veke
<> at ei veke nesten ikkje er noko tid i det heile
<> at det finns skyer, så me kan setta meir pris på sola
<> at me ikkje har troll i Noreg

mandag 30. august 2010
Om å notera
søndag 29. august 2010
Farbror melker, varför badar du alltid med kläderna på?
herifrå
Omsider slo internettet rot i Grenseveien 10, og eg veit ikkje anna enn å feira med mitt yndlingssitat frå Vi på Saltkråkan, som eg elskar høgt og lågt og midt i.
tirsdag 24. august 2010
Lyden av sølepyttar
15 millimeter regn skulle det koma. Er ikkje det frytelig lite? Er ikkje ein millimeter ei lita lus berre?
Femten lus? Det kan eg klara.
Eg hoppar rundt og høyrer på lydane i sølepyttane, saknar musikkboksen min med heile hjartet og med øyrene og, ser ekstra nøye på alle for å sjå om eg eigentleg veit kven dei er, og sånn går no dagan. Fine Oslo.
Forresten, eg og Alvilde blei einige om at dette må vera nesten den finaste linja å byrja ein song med. I alle fall når det er Regina Spektor som byrjar.
Og så veit ein korleis det kjennes med ein gong.

It's like forgetting the words to your favorite song
Og så veit ein korleis det kjennes med ein gong.
Kategoriar:
om ingenting
lørdag 21. august 2010
Kollektivliv
No har me sove under same tak (som kan detta ned om ein skiftar lyspære) fem netter, Alvilde og Hanne og eg. Så fint å koma heim til nokon som spør korleis ein har det, eller kva ein har gjort, og så får ein fortelja det sjølv om det eigentleg ikkje er interessant i det heile tatt. Og alt er lov, ein kan sjå fem episodar av gilmore girls etter kvarandre eller grina på golvet fordi ein ikkje klarar å henga opp dei satans skohyllene og har laga seks store hol i den nyoppussa veggen.
søndag 15. august 2010
Lysglimt frå ei bortgjøymd verd
Om nokon der ute skulle koma til å lura bittelitt på om eg har blitt kidnappa eller sit fast i do, så gjer eg ikkje det. Eg er berre heilt utan internett, og nett no sit eg på ein kafé på carl berner med ein mann som kikkar meg over skuldra, Tracy Chapman lurar på om eg har ein rask bil, Alvilde har komt heim og snart skal me laga muffinsar med seigmenn og grønn melis. Eg gler meg til å kunna skriva på mitt eige rom, ikkje her eller der ein gong i veka. Så, eg tar ferie berre litt til.
Kategoriar:
om ingenting
onsdag 4. august 2010
Akkurat no
Å hekla små lappar med ei mormor som veit alt om alle, som slår hendene saman og seier er det sant når ho får høyra noko ho ikkje visste. Å høyra ein liten stemme som syng dyrene i afrika, på kassett, vita at det finns minner om meg som ikkje er mine. Å kjenna at det boblar ein stad på innsida, at freden har senka seg men at det manglar ein meter før han treff botn.
Kategoriar:
om innsida
mandag 2. august 2010
No kjem det noko
I ei vidunderleg veke har eg vore hekla inn i regndråpar og karusellar, varme hender og daimboller. Det skulle berre eit menneske til for å gjera Klepp til den mest romantiske staden i verda, kven hadde vel trudd det? Eg er full av fryd og gammen, eg veit ikkje kva gammen er men om det finns så er det noko frykteleg fint, om fire dagar flyttar eg attende til Oslo og heile verda ligg og ventar på at eg skal finne ho. I dag er det så lett å vere lukkeleg at hjælp.

Gut: Kan eg prøva gravemaskinen din?
Frøydis: Nei.
(Eg likar å grava og dessutan hadde eg nett satt meg ned)

Den finaste gata i Stavanger, berre synd at ho er så kort.

Eg vann eg vann! (På ebay, og eg måtte betala)(men eg vann)

Me måtte tenka oppover, vanskeleg om ein ikkje har trening.

Sjø og kjærleik, me sang Sea of Love og eg vart blaut oppi støvelen.

Abonner på:
Kommentarer (Atom)