Viser innlegg med etiketten om godis. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten om godis. Vis alle innlegg

torsdag 27. oktober 2011

Heimelaga

I fjor introduserte Alvilde meg for sushi, og sidan då har eg vore hekta. Sushi ser så stilig ut, i tillegg til å smaka perfekt. Eg er heilt ok på å laga mat, men trudde eigentleg ikkje at det var eit nivå som kvalifiserte til å laga sushi. Feil! Sjå berre, det liknar! Dessutan smakte det godt. 





mandag 24. oktober 2011

Glede på boks

I helga var Mathias på Londonbesøk, mens eg var heima og var økonomisk. Det var bittelitt kjipt, men alt vart mykje betre då Mathias dro fram denne boksen frå sekken. Hei på deg, lakrismakron!


lørdag 3. september 2011

Haust =

plommer! Raude gule søte sure plommer som veks på treet, eller i butikken for dei utan tre. Eg er utan tre, men kva gjer vel det! Plommer er så godt at eg må nødrima.

Plums

torsdag 2. juni 2011

Hei, morgon!

Det som er fint med å vera stor og bu for seg sjølv, er at ingen kan seia at det ikkje er lov med donut til frokost. Ha ein fin dag!

onsdag 16. februar 2011

Heimelaga himmelsnop

For ei veke sidan laga me oreos, fordi mathias fant ei oppskrift på internett og fordi oreos er yndlingskjeksen min. Før var eg ordentlig dårleg på å laga mat, eg hadde som regel ansvar for å opna maisboksen, og å dekka på bordet. No kan eg laga oreos! Og det kan alle andre òg, om dei har eit par timar å ta av. Oppskrifta kvilar her. Ein ting: vær nøyaktig med steiketida, for det brenn seg fortfort. Så er det berre å nyta.

NAM!

søndag 24. oktober 2010

Komle

870741074107401740

Dette er ei komle, og komler er kanskje det beste eg veit. I dag har eg åte så mykje komle at det ikkje er plass til meir, og difor er eg skikkelig glad. Eg har til og med ei komle i kofferten, den skal vera med til Oslo og så skal eg eta ho og vera glad.

onsdag 9. juni 2010

ISBILEN!

Isbilen har byrja å klinga på litt rare tidspunkt, akkurat når eg nettopp har sagt Å eg har lyst på dessert, for eksempel. I dag gjor han det igjen, og nett no sym ein lakrisis rundt i magen min. Det må jo vere eit teikn frå is-guden, ikkje sant?



Hei sommar <3

torsdag 27. mai 2010

Snipp snapp makaron

Det var ein heilt vanleg kveld, slett ikkje annleis enn den i går. Nett då jenta tenkte; eg vil gjere noko fint, sa guten: me lagar makronar!

Mandlar skaut frå vegg til vegg, flasker gret raude og grøne tårar og ut frå ovnen kom små rundingar som ikkje likna på mat ein gong. Jenta bygga grøne makronar med smågodt og gomp, guten laga rosa med sjokolade og kiwi. Nokre vart rare, nokre fine, og alle så kvalmande at guten og jenta måtte gå rett til sengs og ikkje stå opp før dagen var slagen og klokka var i gang.