tirsdag 27. mars 2012

JA


Om ein dag kjem denne hånda til København. O lykke!

fredag 23. mars 2012

Kjærastbesøk

For ei lita stund sidan var Mathias på Københavnbesøk. Hjarta mitt hoppa då eg såg han, og då me venta på grønt lys for å gå over veien håpa eg at det skulle henga seg opp på raudt, sånn at me kunne kyssa enno lenger.

Me var på pub med fine klassekameratar og eg fekk syna fram Mathias.


Når ein har besøk får ein lov til å lata som om ein er på ferie. Sidan me var på ferie åt me frokost ute, på ein søtfinkul frokostkafé som heitte Granola. Mathias fekk pannekaker og yoghurt og eg fekk croque monsieur.





Me vandra i nye gater og fann Frederiksberg have. Der var det masse tre, og hundar som lukta på kvarandre og sprang som galne. Eg kan sjå på hundar i ein evighet, det slår tv kva dag som helst!


Me er godtemumsar.



Til slutt gjekk me for å eta sushi på bånd. Det var litt som å koma til himmelen, med sushirettar som glei forbi, og så kunne ein berre strekka ut hånda kvar gong ein såg noko som frista. Eg måtte passa meg, for eg ville eta alt, men det var ikkje nok plass i magen.

lørdag 17. mars 2012

Kaféfredag

På fredagar er det skulefri, og eg har gjort det til mitt personlege prosjekt å prøva ut ein ny kafé kvar fredag. I går fann eg ein skikkelig fin ein! Finasen heitar Den Franske Bogkafé og ligg i Fiolstræde 16. Den er halvt bokhandel og halvt kafé, full av franske bøker, franske folk og croissantar. Og sjølv om det ikkje var mykje golvplass, var det plutseleg eit par som reiste seg opp og dansa framfor alle croissantane. Sånt likar eg! Høgdepunktet var likevel då eg presterte ein liten samtale på fransk med servitrisa. Då var eg så sjukt fornøyd med meg sjølv.

torsdag 8. mars 2012

New Girl

Eg er bittelitt forelska i Zooey Deschanel. Ho er skikkeleg sjarmerande på ein litt merkeleg måte, superflink til å skriva sangar og dessutan har ho dei finaste kjolane. Eg VIL at dei skal vera mine. Så om du treng eit tips til ein ny fin morosam og søt serie å sjå på om kvelden under dyna med ein kopp kakao eller eit glas vin, eller berre litt vatn, seiar eg: sjå New Girl! Eg trur til og med det går på tv i Norge omlag no. Eg vart tipsa av fine Alvilde, så no tipsar eg vidare. Ha ein fin 8. mars, eg skal feira med øl og karaoke!

Herifrå

lørdag 3. mars 2012

Om å gå på skule

Tida leikar jagarfly, og no har eg vore tre veker i København. Eg har ikkje sagt så mykje om kva eg driv me her, så eg tenkte at eg kunne gje eit lite innblikk til dei som syns at synging er kjekt. Eg syns jo det er superkjekt! Skulen min heitter Complete Vocal Institute, og vart starta av tidenes dame i totusenognoko. Teknikken me lærar delar stemmen inn i fire forskjelloge modes: neutral, curbing, overdrive og edge. No veit eg at eg pleier å halda meg i neutral-land når eg syng, litt sånn rolig og forsiktig. Eg byrjar å våga meg inn i dei andre modane, som er høgare i volum og har eigne karakteristikkar som skal vera med om ein vil ta vare på stemmen sin. I tillegg til teknikktimar har me timar i interpretation, ambition and business, microphone training, anatomy, rythm and improvisation og så vidare. Det er verkeleg heilt fantastisk å få driva med noko ein elskar kvar dag! Eg kan ikkje få sagt kor glad eg er for at eg er her akkurat no, for det kjennes heilt utruleg rett. Eg anbefalar veldig!
Eg fann ein film som visar litt meir om kor fint det er på CVI, for dei som vil <3