mandag 31. oktober 2011

Teater

På tirsdag var eg og Mathias på nationaltheatret og såg rockeulven. Rockeulven! Fullt av sauar, eit fantastisk esel, morsomme høner og ein liten pia tjelta-kylling. Og så ulven då. Det var så fint og latterframkallande at eg vil at alle skal sjå han! Og om ein er mellom 15 og 25 kostar det berre hundre kroner, hvis ein meldar seg inn i unge nasjonal. No reklamerar eg som ein galning, men det er berre fordi eg syns det er så bra.

Herifrå

torsdag 27. oktober 2011

Heimelaga

I fjor introduserte Alvilde meg for sushi, og sidan då har eg vore hekta. Sushi ser så stilig ut, i tillegg til å smaka perfekt. Eg er heilt ok på å laga mat, men trudde eigentleg ikkje at det var eit nivå som kvalifiserte til å laga sushi. Feil! Sjå berre, det liknar! Dessutan smakte det godt. 





mandag 24. oktober 2011

Glede på boks

I helga var Mathias på Londonbesøk, mens eg var heima og var økonomisk. Det var bittelitt kjipt, men alt vart mykje betre då Mathias dro fram denne boksen frå sekken. Hei på deg, lakrismakron!


fredag 21. oktober 2011

Tittei

Dei siste vekene har eg ikkje vore heilt i skrivehumør. Heldigvis har eg vore i mange andre typar humør, for eksempel jobbehumør, museumshumør og kaféhumør. Eg og mathias har til dømes vore på stockfleths for å prøva ut frappéen deira (å himmel) og for å lesa om stolar.


tirsdag 11. oktober 2011

Haustferie

Eg tek meg ein liten haustferie. No er eg heime på Klepp, her regnar det annankvar halvtime og trea held på å blåsa vekk. Det gjer ingenting, for det er jo sånn det skal vera.

Windy hillside by the sea with wildflowers ~ Explored!
(Link om ein trykkar på biletet)

tirsdag 4. oktober 2011

Besøk

I helga har eg hatt mi fine, galne, gode mor på besøk. Det er noko av det beste eg veit! Plutseleg får eg eit fullt kjøleskap og roser på bordet, lange kafébesøk med scrabble og enno lengre frokostar med nysteikte baguettar. Sidan eg har ein snill kjærast som tilbyr seg å sova på sofaen, fekk mor sova på sida av meg, sånn som då eg var lita og hadde mareritt. No var det mor som hadde mareritt, der nokon ville kasta dei fina dukane til mormor. Skumle greier! I går måtte me seia hadet, men i tillegg sa me snakkast snart, og det er fordi me snakkast snart. Det er fint å tenka på.