søndag 30. september 2012

Blink blink blink

Tida går fort i London. Eg kjører på med nokre fine augneblinkar!

Kanin i vindauget

 Themsen inni ein regnboge

Eit fint tre som ikkje skal frysa

Ein kafé som likna på ein barnehage. Eg trur faktisk at det var ein barnehage

 Cupcakebukett

 Endeleg ein prikkevegg

Eg trudde ikkje me var kule nok til å vera på takterassefest. Ein kveld var me kule nok

mandag 24. september 2012

Mánudagur

I dag er det mandag på ordentlig. London har omsider sluppe taket i sommaren, og utanfor vindauget mitt er det berre regn. Då er det ekstra fint at dette skulle vera ein innedag uansett! Innedagen min skal bestå av frilansjobbing i sofaen, lange pausar med Gilmore Girls/Top Model/gitarspeling, og pianoliming. Det skal eg forklara nærmare ein annan gong. Finast av alt, i kveld kjem mi flotte mor heilt frå Klepp for å besøka meg. Eg gler meg! Nokre dagar med kaféliv, musikalopplevelsar og smil frå eit kjent fjes er akkurat det eg treng. God mandag!


onsdag 19. september 2012

5

Av og til tenker eg at eg må vera den heldigaste som fins. Som får vakna opp på sida av ein varm kropp kvar dag, som i tillegg er den kroppen eg likar best i heile verda. Å vera bestevenn med kjærasten sin er ein veldig bra ordning, truleg den beste ordningen eg har fått i stand nokon gong. I dag er eg ekstra glad! Då eg vakna kribla det i magen, og nokre minutter seinare satt det ein kaninlampe i senga og kikka på meg. Frå deg, du som støttar meg og tørker tårene mine og ler av meg når ingen andre syns eg er morsom. I dag har me vore saman i fem år, og det kjennes betre enn alt. Hurra!

  

fredag 14. september 2012

Fint x 3


Å finna det som må vera den perfekte kaféen, med dragar i taket og musikkbingo.

Å gå på kino for tre og eit halvt pund i eit gammalt teater,
og få sitta på balkong med gull og utskjæringar på.

Å laga mat på kjøkkenet og kjenna på at me bur her. Og at det er langt oppe på treet fint.

torsdag 6. september 2012

London

London er så fint! Kvar dag går eg ned ei ny gate, og finn ein ny pub/kafé/butikk. Den første dagen tenkte eg at her er det altfor stort for meg, eg kjem til å forsvinna ned i eit hol der ingen finn meg. No er eg litt meir optimistisk, det hjalp for eksempel å mala bokhylla blå. Då vart liksom alt litt betre. Eg gler meg til å bli betre kjent, til å ikkje måtte ha med kartet over alt, og til å føla meg som heime. Det kjem nok! På ei veke har me rukke å gjera desse fine tinga:

Spela gitar i senga
 
Ete sjukt gode pølser på Borough Market
 
Hengt med Hallvard, som flytta heim til Norge med ein gong me kom til London
 
Sett på utsikta fra Primrose Hill
 
Våre på tekafé. Eg har fått høyra frå fleire hold at eg må læra meg å lika te, men eg er skeptisk
 
Blitt kjent med min første Londonvenn, fine Elisabeth
 
Fått eit lite fargeshow frå Londonhimmelen


  

tirsdag 4. september 2012

Livsteikn


Første ordentlege middag i leiligheten vår. I London!
Fortsettelse fylgjer.