onsdag 31. august 2011

Fint på ein onsdag

  • Stearinlys og regn på ruta
  • Glade fiskar som får symja i reint vatn
  • Glee med sjokolade på
  • Kjærleik heilt ut i tåspissane

lørdag 27. august 2011

Min sommar i tre bilder




Kafédagar, kjærleik og Hellas. Fint, fint og fint.

tirsdag 23. august 2011

Morgondypp

Nokre morgonar vaknar eg og kjenner med ein gong at det kjem til å bli ein fin dag. I dag er ein sånn dag! Sidan me er så priviligerte og bur rett på sida av akerselva, svinsa me oss ned til badeplassen for eit morgondypp.




søndag 21. august 2011

Fiskekompis

Eg har ein sånn lang fin sundag saman med fiskane mine, eg ser på minneseremoni og grin litt når Melissa Horn syng. Fiskane symjer rundt og rundt, dei heiter Joakim og Anne Lise og Fatso og Else, bur inni ei boble og tar livet med ro.


lørdag 20. august 2011

Ein sommarkveld på Korsvoll

 

Ut av vindauget, himmelen lata som om han var eit hav.

onsdag 17. august 2011

Hurra!

Hurra for kveldsvakter som lagar lange morgonar der både oppvask, klesvask og rydding er ferdig før klokka 12! No kan eg synka ned i sofaen, eta ein av muffinsane frå i går, og sjå på guilty-pleasure-program på tv. Mine favorittar for augneblinken er LA ink og Are you smarter than a fifth grader. Fint!




tirsdag 16. august 2011

Eg blafrar

Eg har ein sommarfugl i magen. Vanlegvis ligg han stilt, men om eg tenker på eitt ord så blafrar han som ein galning. KØBENHAVN. Om fem og ein halv månad bur eg der. Kanskje i eit kollegie, som eg har lært at danskane seier i staden for kollektiv, kanskje på sida av eit bakeri som vekkar meg kvar morgon med lukta av nysteikt brød, kanskje i eit rom med utsikt mot sjøen. Uansett så bur eg der, får pusta københavnluft og eta paradis-is og best av alt; driva med musikk kvar dag. Eg har komt inn på ein skule som heitter Complete Vocal Institute, og dei skal læra meg å bruka stemmen på ein million forskjellige måtar. Eller i allefall ti. Eg. Gler. Meg.

Copenhagen

mandag 15. august 2011

Fint besøk i hovudstaden

Kvar dag prøvar eg å vera takknemleg for alt det fine som finns i livet mitt. Mathias, leilighet med utsikt over Oslo, kropp som kan springa og hoppa og dansa, fine kjolar og eit hovud fullt av positive tankar. Men mest av alt er eg takknemleg for at eg har ei så god og flott mor. Sist veke kom ho til Oslo for å inspisera den nye leiligheten, gå på teater og gje gode klemmar. Og for å gå på kafé sjølvsagt!



søndag 14. august 2011

Hytteherleg

Ferie er jammen fint, men no har eg bestemt at det er på tide å forlata feriemodusen. I alle fall litt innimellom. Det regnar og bles i Oslo, men det gjer ingen verdens ting for eg høyrar på sound of music på den fine lp-spelaren, og om litt spring eg i veg for å høyra litt meir sundagsmusikk på blå. For ei veke sida var eg på hyttetur med nokre finingar, det såg omlag sånn ut:








Når mariekjeksen er god, er allting godt.

fredag 5. august 2011

Noko fint

Dei siste dagane har det vore sol i alle krokar, eg har spelt kubb og oppdaga at me berre treng å gå i fem minutter for å finna nærmaste badeplass. Å flytta til ein ny stad er noko av det finaste eg veit! Og så er det jo ekstra fint å bu med ein kjærast som diskar opp med middag og vin når ein kjem heim frå jobb. No dreg me på hyttetur, metrologen seier regn, eg seier YATZY!