Viser innlegg med etiketten om London. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten om London. Vis alle innlegg

onsdag 9. oktober 2013

Pustepause

Eg er glad i pustepausar! I det siste har eg ikkje pusta så mykje bloggluft, men desto meir av andre typer luft. Eg har mellom anna utforska fina kanalar, vore på Paristur med mi flotte mor, og feira seks år med kjærleik med usannsynleg god kakao på Ladurée. Og så har hausten kome! Eg trur alltid at eg ska bli lei meg når sommaren fer, men i går såg eg eit gult tre som kitla meg i magen. Her kjem nokre augneblink, som seg hør og bør.

Kakao på Laduré. Eg har nesten ikkje ord. Okei då, himmelskhimmelsk!

Ein veldig fin kanaltur etter snille menneske ba oss på sunday roast.
Kanalane i London er verkeleg som små pustehol, med tre som bøyer seg ned i vatnet
og fargerike kanalbåtar med urter og syklar på taket.

Til no har eg ete ganske mange burgarar i London, og her er den som ledar. Restauranten heiter Haché,
og kvifor sweet potato fries ikkje fins på alle menyar er meg heilt uforståeleg.

Ein annan kanaldag. Med øl og kake! 

Meir kake, meir grafitti.

Plutselig ein dag slumpa me borti den finaste London-kaféen eg har sett.
The Haberdashery i Crouch End. Kaféhjarta mitt banka fort!

Og til slutt ein dag der eg fant ein cupcake
som var akkurat like grøn som meg.


fredag 2. august 2013

Rolege dagar

Eg er sommarlat. På den gode, døsige måten som ein kjenner i augelokka når ein legg seg ned i ein park, eller drikk ein kald øl i ein bakgård med kveldssol i ryggen. Dette er min første Londonsommar, og i den anledning har eg kjøpt meg ein London-guide. Den heiter Quiet London og er skrive av ein som er glad i bortgøymde hagar, rolege kaféar og fine bokhandlar. London er full av lyd, men boka er full av pusterom. Eg håpar alle finn pusterom i sine byar, og kanskje ei ku eller to (ja, det fins kyr i London! GJETT om eg blei glad).



torsdag 20. juni 2013

Afternoon tea

Eg kjem ikkje på så mange ting som er meir engelsk enn afternoon tea. Ein kan jo ikkje driva og bu i London utan å ha vore med på det, så me pynta oss og undergrunna oss i veg til vest-London. Nam nam hurra! Eg fekk til og med ned ein kopp te utan å laga meir enn tre grimasar. Ny rekord!



søndag 2. juni 2013

Greenwich


På fredag hadde me fill-in-the-blanks-dag. Det betyr at me reiser til plassar på kartet me ikkje har vore før. Når eg seier fill in the blanks så høyres det ut som me har vore nesten overalt, men det er altså langt frå sanninga. Skikkeleg langt. Det eg eigentleg skulle seia var at Greenwich viste seg å vera veldig fint! Ein liten landsby i byen, nesten. Me krabba oss opp til observatoriet på toppen av Greenwich Park, og fekk solnedgang og full baluba. Kanskje ikkje så mykje baluba, men i alle fall litt frisbee. Eit bra Londontips til feriefiningar!

lørdag 13. april 2013

Kafé!

Å gå på kafé er ein av dei tinga som gjer livet litt lysare. Livet mitt er heldigvis ikkje så mørkt frå før, men å kikka ut av eit vindu med ein kaffikopp i hånda, er litt som meditasjon for meg. Her er tre av favorittkaféane min i London. Til no!

Tufnell Park Tavern, 162 Tufnell Park Road, London N7 0EE
Dette er lokalkaféen vår, som me fant på ein oppdagelsestur i nabolaget. Den har eit eige kaférom, og eit eige pub/restaurantrom. Dessutan har den tidenes beste cappuccino (spesielt når ho med det raude håret lagar han), store croissantar og ein fin og avslappa atmosfære. 

New London Cafe, 216 St. Paul's Road, London N1 2LL

Denne kaféen har kjedeleg navn, men snille innehavarar og fin musikk. Eg blir alltid skuffa når fine kaféar har slitsom musikk, men desse folka er like glade i Beatles som meg. Dessutan har dei god lunsj, og eg har oppdaga ein liten bakgård som eg har tenkt å sitta i når det blir litt varmare.

Candid Cafe, 3 Torrens St, London EC1V 1NQ
Denne er ordentleg fin! Det er ikkje så lett å sjå, sidan Mathias tar opp heile biletet, men eg lovar at det er sant. Den ligg litt gøymt vekk, så det føles heilt rett å belønna seg sjølv med eit kakestykke når ein har funne veien og gått opp ein haug med trapper. Så kan ein veksla mellom å kikka ut på fine hustak, i boka si, eller på dei unge/gamle/rare/kunstnariske folka som kjem og går.


søndag 20. januar 2013

Sundag




Denne helga har London blitt heilt kvit. Så kvit at det knirkar under føtene når ein går! I dag har me gått lang tur, hatt snøballkrig med framande, og sett på folk som aker på skilt. Me har lært at Londonfolk blir meir gira enn Oslofolk når det kjem snø, og at komle er den ultimate middagen (neidå, det siste har me visst lenge). No er eg akkurat sånn trøtt i kroppen som ein blir av ein lang dag i snøen. Litt som å vera liten igjen!

mandag 14. januar 2013

To fine ting frå dei to siste dagane


 
1. Pastellkjærleik i Notting Hill

2. Pære- og sjokoladekake på kafé i Angel

lørdag 12. januar 2013

Kom inn

No byrjer Londonheimen vår å bli ganske fin, så eg tenkte eg skulle visa han fram litt. Jei!









mandag 7. januar 2013

Storby


London, altså. Som til no har vore så stor og skummel, og i alle fall ikkje min by. Så plutseleg, ein dag eg sykla heim frå Kings Cross med svett panne, så kjente eg det. At eg er glad i mursteinhus, og i chips med eddik.
Litt min. 

lørdag 3. november 2012

Laurdag

I dag er det laurdag, men det kjennes mest som ein tirsdag. Mathias regisserar kortfilm på skulen, og eg prøvar å finna ut av ein frilansjobb som virker å vera litt over mi fatteevne. Då kjenner eg meg litt dum, men så hugsar eg at det meste går bra om ein berre øvar seg. Så eg øvar meg. Og tenker på fine ting eg gler meg til.
  • Å få besøk av dei beste Københavnvenninnene, og samen drikka masse øl
  • Billettane til Andrew Bird-konserten som står og smilar i bokhylla
  • At desember berre er ein månad vekke (julekalender, bursdag, Hobbiten!)
  • Å prøva ut den fine kaféen eg fann då eg sykla meg vekk
  • Å ha første bandøving med fire kjekke gutar
  • Å utforska meir av London med Mathias
  • Å laga noko ordentlig godt seinare i dag (snickerssnop eller innbakt pizza)
  • Å sjå fleire episodar av Game of Thrones for å finna ut om det er bra eller ikkje
  • Å ha kafédag i morgon, medan leiligheten vår forvandlas til kortfilmkulisser
  • Jul!

søndag 30. september 2012

Blink blink blink

Tida går fort i London. Eg kjører på med nokre fine augneblinkar!

Kanin i vindauget

 Themsen inni ein regnboge

Eit fint tre som ikkje skal frysa

Ein kafé som likna på ein barnehage. Eg trur faktisk at det var ein barnehage

 Cupcakebukett

 Endeleg ein prikkevegg

Eg trudde ikkje me var kule nok til å vera på takterassefest. Ein kveld var me kule nok

fredag 14. september 2012

Fint x 3


Å finna det som må vera den perfekte kaféen, med dragar i taket og musikkbingo.

Å gå på kino for tre og eit halvt pund i eit gammalt teater,
og få sitta på balkong med gull og utskjæringar på.

Å laga mat på kjøkkenet og kjenna på at me bur her. Og at det er langt oppe på treet fint.

torsdag 6. september 2012

London

London er så fint! Kvar dag går eg ned ei ny gate, og finn ein ny pub/kafé/butikk. Den første dagen tenkte eg at her er det altfor stort for meg, eg kjem til å forsvinna ned i eit hol der ingen finn meg. No er eg litt meir optimistisk, det hjalp for eksempel å mala bokhylla blå. Då vart liksom alt litt betre. Eg gler meg til å bli betre kjent, til å ikkje måtte ha med kartet over alt, og til å føla meg som heime. Det kjem nok! På ei veke har me rukke å gjera desse fine tinga:

Spela gitar i senga
 
Ete sjukt gode pølser på Borough Market
 
Hengt med Hallvard, som flytta heim til Norge med ein gong me kom til London
 
Sett på utsikta fra Primrose Hill
 
Våre på tekafé. Eg har fått høyra frå fleire hold at eg må læra meg å lika te, men eg er skeptisk
 
Blitt kjent med min første Londonvenn, fine Elisabeth
 
Fått eit lite fargeshow frå Londonhimmelen