tirsdag 3. februar 2015

Notatbok baby

Det kan sjå ut som at det er tid for ein kikk i notatboka mi! Tegneskillsa mine haldt seg stabilt på niårsstadiet i heile 2014, men i 2015 satsar eg på å stiga til ti. Eller i alle fall ni og eit halvt.















mandag 12. januar 2015

Totusenogfjorten

Huhei, der var det 2015!
2014 var året då eg:

Satt med øyrene på stilkar og høyrde på Serial, som gjorde meg nesten like spent og ivrig som då eg leste Harry Potter for første gong. Eg er ikkje ein podcast-person men FYTTI KATTEN så bra

Begynte å lika oliven. No lever eg eit rikare liv

Sang mine eigne sangar for smilande og svette menneske

Bestemte meg for å flytta attende til Oslo. I vår kjem eg!

Utforska meir av England og Wales, og forelska meg i Brighton

Såg Les Revenants og fekk Twin Peaks-assosiasjonar og ståpels

Sakna. Kjærasten min, Oslo, kjende fjes og kafékompisar.

Blei venn med yoga og fekk mjukare musklar og djupare pust


2015, eg vett ikkje kva du har tenkt, men eg tenker at det er best å hoppa i det.