tirsdag 28. mai 2013

Om å gå i gamle fotspor

Omlag i dag er det eitt år sidan eg flytta frå København. Så det er ikkje snakk om så veldig gamle fotspor. I helga var det reunion for oss som gjekk i same klasse og sang for høgt for lågt for stygt og for fint kvar einaste dag i fire månadar. Då eg landa på Kastrup og plutseleg hadde danskar på alle kantar, begynte eg nesten å grina. Men så smilte eg heile vegen til byen i plassen. København gjorde som gamle vennar gjer, tok imot meg med åpne armar og fekk meg til å føle meg som heime. Me hadde det så fint at det nesten var dag igjen kvar gong me skulle legga oss. København! Finast finast finast.





søndag 19. mai 2013

Sundagsglede #5


Å grilla i denne bakgården, med fine folk og blomar over hovudet.

onsdag 15. mai 2013

Mandagsfint

Sidan mandag kan vera ein litt vanskeleg/grå/lang/tung dag, er min nye plan å gjera noko mandagsfint kvar veke. Denne mandagen blei det kafé, merkeleg nok. Eg er ikkje bestevenn med Tottenham Court Road, mest fordi han er så stor og bråkete. Men ein plass i alt mylderet ligg Paperchase, som er tidenes beste butikk. Den er full av notatbøker, almanakker, kart, fine magasin og ein bra kafé i tillegg. Så kan ein setta mylderet på lydløs.





Vips så blei mandagen bra! Om nokon har forslag til ting som gjer mandagar betre, så vil eg gjerne høyra.

torsdag 9. mai 2013

Tavletorsdag


 To ting som er bra: tavle og komle.

fredag 3. mai 2013

Fredagsfinurlig

Eg og Mathias tjuvstarta helga i går, med ein uslåeleg kombinasjon av indisk restaurant og Vampire Weekend-konsert etterpå. Hurra for at alle band som er bra kjem til London! Eg har nettopp levert arbeidet mitt for denne veka, og no er det berre litt sangskriving som står mellom meg og ei kald øl. No blir det kanskje litt for mykje skryt på ein gong, men det er altså 19 grader og sol i London! Fytti katten. God helg!