søndag 28. november 2010

Hei advent!

¤ snø som sprett fram bak persiennene
¤ adventslys og advendtssang, me måtte googla teksten for å sjekka kven som sang feil
¤ himmelen i kakaoform: På cocoa on the gogo med oreos-strø
¤ tenning av julegran (som me gjekk glipp av, men me fekk gløgg, så det så)
¤ kinderegg og måping då mathias erklærte at han likar best å få ting som ikkje må byggast i egget

I morgon er det eksamen og eg er ein kald fisk. Eg trur på å kopla ut ledningen dagen før eksamen, sånn at hjernen får kvila litt. Siste kvileinnspurt: disneyfilm og sørlandschips i gigasenga til Hanne.

tirsdag 23. november 2010

Tankar frå ein fryseboks

Vaktfuglane klarar ikkje å stenge kulda ute, så eg tenner stearinlys og seier oppmuntrande ord til ovnen. Han er ikkje i godt humør og det går ut over meg, som er heilt uskuldeg og som alltid har gjeve han all den strømmen han vil ha. Jammen godt eg har dobbelt lag med strømpebukser.

søndag 21. november 2010

Sneak a peak a boo

Eg tenkte eg skulle åpne døra litt på gløtt, berre fordi eg likar soverommet mitt så godt. Så kan du få sjå korleis ein sånn som meg bur.

Lite, er eit ord som fint skildrar rommet mitt. Fullt, er eit anna.

På ein vegg heng alle korta mine, av og til dett dei ned men då heng eg dei berre opp att.


Mest av alt er det fine menn og kvinner frå gamledagar. Og ein kaffetraktar eller to.


Origamifuglar som held auge med bakgården, vaktfuglar altså.

Ein kveld spelte eg så fint på gitaren at det vaks eit tre utifrå veggen. Neidå, eg kjøpte det på søstrene grene.

I treet bur det mellom anna ein koala og ein legomann, og eit bilete av Hanne som ser ut som ein Hans eller ein Harry eller i alle fall ein gut. Sånn ellers har eg fire hjørner og hjarterom <3

torsdag 18. november 2010

Snømannsnø og løvetann

Eg trur at det ligg eit bittelite gen inni kroppen vår som passar på at me alltid lengtar etter noko. Det var det genet som fant på at graset alltid er grønare på den andre sida, så kvar gong me tenker at, denne kaka var jo god, stikk genet albuen sin i magen vår og seier: men du, sjå på den kaka der, den er nok MYKJE betre. Nett no lengtar eg etter skikkeleg snømannsnø, samtidig som eg lengtar etter å gå barbeint i graset og blåsa løvetann opp i himmelen. Sånn som her, i sommarhagen til Mathias (mathias befinn seg òg bakom kameret, om nokon skulle lura).

mandag 15. november 2010

Finfinfin mandagmandagmandag

Bollesmular på tastaturet, kjærast som syng fola blakken/material girl og den gode kjensla som eg veit er julestemning, alt for tidleg seier Hanne men eg seier berre gje meg meir pepperkaker. Apropos mat, i dag åt me makronar frå Sebastien Bruno og eg kjente at eg eigentleg berre ønsker meg makronar til jul.

Finaste augneblink: då eg vakna til melding frå eit av dei finaste menneska/syskenbarna, ho hadde fått ei lita jente i rakettfart. Eg kjente meg som tante Frøydis sjølv om eg berre er Frøydis.

søndag 14. november 2010

It's saturday night and I ain't got nobody

Men det er heilt feil. Eg har to fine kollektivvenninner, og sjølv om dei har lagt seg allereie så har eg dei. Eg har ei kvart marsipanpølse, ein halv pakke sjokoladeflarn, og fine bloggar å lesa på. Dessutan har eg ein kjærast som nett no stakk hovudet inn, verdas finaste hovud faktisk, ikkje dårleg berre det. Eg har nokon, fleire enn nokon, eg har mange! Og her har du den beste medinsinen eg veit for tunge dagar og nedovermunn. Eg tenker på alle eg har, og kor fine dei er. God helg då vel :)

torsdag 11. november 2010

Sommar i eitt minutt og førtito sekund

Mathias kan mykje rart, men han er ekstra god på å filma og klippa og lima. Eg er flink til å seia at han er flink, Mathias er flink. Og fin. Sjå berre!

tirsdag 9. november 2010

I gilmore girls er det alltid heilt magisk når snøen kjem

I dag hadde me quiz i fransktimen, eg fekk brifa med at eg kan den franske nasjonalsangen og det er jo ikkje kvar dag. SÅ KOM DET SNØ! Eg er ikkje eigentleg ein vintarperson, men eg er ein snøperson. Det høyres ikkje så veldig praktisk ut men det går an, eg lovar. Eg sprang på rimi og kjøpte mandarin, heime fant eg Alvilde, og så dansa me til julemusikk heilt til det slutta å snø igjen.

Litt kvardagsmagi berre.


Snø

lørdag 6. november 2010

Og langt der borte ligg Oslo

Eg har sendt meg vekk til Rena, her isolerar eg meg frå store byar og bæbubilar.


Og dansar i gangen, tjohei!

onsdag 3. november 2010

Grunnar til at vintaren ikkje treng gå og legga seg likevel

¤ Is på bakken, skøyter på føtene. Glede i magen.
¤ Kakao i koppen, fredag på tv og pledd på fanget.
¤ Gavar under treet, askepott på tv og marsipan i magen.
¤ Snø på trea, lue på hovudet, englar på bakken.
¤ BURSDAG

Vintaren kan me andre ord ikkje gå og legga seg enno. Han må i alle fall venta til etter jul.