torsdag 22. august 2013

Ein to tre

Ein av mine beste kvardagsgleder er når eg kjem borti ordentleg fin musikk som eg ikkje har høyrt før. Dei siste månadane har det skjedd mange gonger, mykje på grunn av fine bandguttar som får med seg alt mogleg. Her er tre favorittar som er nye for meg!


Det skjer ytterst sjelden at eg må høyra ein sang om igjen med ein gong han er ferdig. I så måte er dette ein ytterst sjelden sang! Så skjør, vond og magisk.


Denne stemmen + denne teksten gjer meg ståpels.


Dette er ein ordentleg smilesang. Eg ser for meg kjolar med polkadottar, fargerike parasollar og piknik i parken.

Om nokon har oppdaga ein liten skatt som dei vil dela, så blir eg gladgladglad.

lørdag 10. august 2013

Aleine heime

Ein månad aleine i London. Det må jo gå bra? Eg kjenner jo folk her, veit jo kor ting er?
Når ein er vant til å vera sambuar, er det litt rart å plutseleg ha dobbelt så mykje plass i senga, og ingen å lista seg rundt på tidlege morgonar. Samtidig er det fint å vita at ein klarar seg fint på eiga hand. Eg gjer som eg pleier når eg treng litt motivasjon. Lagar liste! Med ting som eg har tenkt å gjera aleine.
  • Gå på kafé. Det gjer eg jo uansett, så det hadde vore frykteleg rart om eg skulle slutta med det no.
  • Gå på kunstutstilling. Ingen som dyttar ein vidare, og ingen som held ein tilbake. Det er fint å få glo i fred.
  • Utendørssymjing. I Hampstead fins det ein Ladies' Pond full av damer og ender. Eg har vore der ein gong før, og det var omlag det beste eg har gjort i heile sommar. Altså skal eg tilbake.
  • Gå på kino. Her er eg heilt jomfru, så det blir spennande. Så langt står valget mellom Monsters University, Kick-Ass 2 og The Conjuring.
  • Sykla tur. Med eit pledd, ei bok og noko godt i sykkelkurven.
  • Å gå tur langs Parkland Walk, ei nedlagt toglinje som snirklar seg under bruer og tunellar. Best av alt, den svinger visstnok innom nabolaget mitt!
 Hurra, motivasjonen er på plass! Ha ein finfin lørdag.


fredag 2. august 2013

Rolege dagar

Eg er sommarlat. På den gode, døsige måten som ein kjenner i augelokka når ein legg seg ned i ein park, eller drikk ein kald øl i ein bakgård med kveldssol i ryggen. Dette er min første Londonsommar, og i den anledning har eg kjøpt meg ein London-guide. Den heiter Quiet London og er skrive av ein som er glad i bortgøymde hagar, rolege kaféar og fine bokhandlar. London er full av lyd, men boka er full av pusterom. Eg håpar alle finn pusterom i sine byar, og kanskje ei ku eller to (ja, det fins kyr i London! GJETT om eg blei glad).