lørdag 25. august 2012

Herliga London

For ei veke sidan var me i London for å finna tak over hovudet. Det var litt vanskeleg, men mest av alt fint! Sånn her såg det ut:





Og så, sist men ikkje minst. Her skal me bu, i ei gammal kyrkje som har blitt gjort om til leiligheter. I ei gate full av sånne engelske rekkehus som er så fine og smale, og med vindauge som vendar ut mot blomar og tre. Eg kan informera om at eg er rimeleg nøgd. På mandag dreg me, hoihoi!



mandag 20. august 2012

Hovedøya









Det tok meg 4 år å koma med båten frå Vippetangen til Hovedøya, det som eg hadde tenkt å gjera den fyrste Oslosommaren, og så den andre. Den fjerde blei det. Seint men godt.

lørdag 18. august 2012

Bye bye, butterfly


I går var det utflyttingsfest! Eg fekk sei hadet til nesten alle dei beste, og pynta meg i den nye Londonkjolen.

lørdag 11. august 2012

Blomstereng

No går alt frykteleg fort. Eg lurar litt på korleis det skal bli tid til pakking og jobbing og vasking og endå ein jobb og farvel og klem og øl og avskjedsfest og flytting og soving, men det ordnar seg til slutt. Det gjer det alltid for kjekke jenter. Og i enden av tunnelen (men det er ikkje ein tunnel, for eg likar ikkje tunnelar), i enden av blomsterenga, ligg London og putrar og ventar og seier kom dååå Frøøøydis. I morgon reisar me på visningsmaraton, tenk det, å ta fly for å gå på visning. Det har eg i alle fall aldri gjort før.


onsdag 1. august 2012

Juli + sommar + Oslo

                                             Juliaktivitetar: klatring, minigolf og Bezzervizzer!

                                                    Julistikkord: regn og rot i sokkeskuffen

                                                                  Juliutflukt: Drammen!

                                         Fine juli då eg fann sykkellykka, og Mathias hang seg på.

                                             Me las bok i parken, og samla D-vitaminar i sola


                                                            Julimat: hamburgar og øl.