onsdag 31. mars 2010

Regn på ein onsdag

Det er blaut utanfor vinduet mitt. Det kjem vatn frå himmelen, fordi ein mann i Brasil koka eit egg i staden for å gå på jobben. Det var i alle fall derfor det regna i Mr. Nobody. I dag likar eg regn, fordi den svarte snøen smeltar vekk og fordi eg veit så mange kjekke ting ein kan gjera når det regnar. Her er nokon.

Ta på seg fine gummistøvlar
Sitta på biblioteket og lesa aviser på andre språk
Spela pingpong på kjøkkenbordet
Finna nye måtar å kyssa på
Eta middag med stearinlys på alle kantar
Synga ein song som ein ikkje har songe på lenge
Gå på kafé og peika på gamle radioar og fine lampar
Telja kor mange pengar som ligg i magen til sparegrisen
Sjå på Poirot og tippa kven som er mordaren

Om Sverige og skrapelodd

Eg sit her og gumlar på ein stor raud munn. Den har kome heilt ifrå Sverige, og har overlevd ein ganske harry biltur med alt ifrå melodi grand prix til 50 cent på musikkspelaren. Ikkje verst for ein liten munn, syns eg. Det fins så mykje smågodt i Sverige! Hvis eg hadde budd der trur eg at eg hadde blitt til ei stor kjempekule som bare hadde rulla rundt heile dagen og våre lukkeleg og mett. Heldigvis er eg lukkeleg nesten heile tida, sjølv om eg bur midt i eller eigentleg litt utanfor Oslo. For eg har superveke, saman med den fine kjærasten min. Superveke betyr at me har ei stor fin liste med ting som me kan gjera eller ikkje gjera kvar dag, og at me har det litt ekstra fint sjølv om det kanskje ikkje går an med ekstra fint når vanleg fint er så fint som det er. Det er bare tirsdag, men alikevel har me gjort alt som fins på bileta under der.



Fysst av alt vedda me på hestar. Eg satte 10 kroner på Giant Batman, men han vart diskvalifisert fordi han var uregjerleg og sprang feil veg.


Når ein skal gjera mykje på ein dag kan det vera at ein må bruka litt mindre tid på å laga middag. Det kan resultera i resteblandingar som kanskje ikkje burde ha vore funne opp, som for eksempel lapskauslasagne. Her er forresten litt av den fine stova vår med eiffeltårn og tog og sparegris med lite pengar i.


Dei har ikkje bare smågodt i Sverige.


Bokstavskrapelodd er kjekkare enn vanlege skrapelodd fordi ein kan være to stykk og likevel få skrapa litt begge to. Dessutan kan ein kjøpa mykje for tretti kroner. Eit nytt lodd, for eksempel.

Og heilt til sist for ein time sidan var me på ein kino i ei vik og såg ein kinofilm. Den handla ganske mykje om tid, men ikkje på den måten ein kanskje helst vil tru. Han heitte Mr. Nobody og eg likte han fordi musikken fekk meg til å vugga og fordi det var mange fine fargar oppi han og fordi eg måtte tenka litt etterpå for å finna ut av ting.

Mathias seier at me skal spela bordtennis. Best å vera lydig.

lørdag 27. mars 2010

Å reisa på ferie

Det er ikkje alltid det blir ferie sjølv om ein reiser på ferie. Det kan for eksempel vere at ein må gå heile tida eller at ein savner si eiga dyne fordi ho er ei dyne, og ikkje eit teppe som klør og krøllar seg og er tynt der det burde ha vore dynete. Når eg reiser på ferie med Mathias blir det alltid ferie, eller det har det i alle fall blitt til no. Det er nok mest fordi Mathias er Mathias og fordi han kan ta meg med på ferie sjølv om me bare sit i sofaen vår.

For bare to eller tre veker sidan reiste me på ein skikkelig ferie, med fly og alt. Fly og jägermeister og tiramisu og kino på norsk og segway. Hvis du lurar på kva ein segway er så kan du rulla litt på det hjulet som sit på toppen av musa og kikka på dei fine bileta som nesten bare Mathias har tatt. Og hvis du er ekstra lur klarar du kanskje å gjetta kva by me var i.






Om gutar og spesielt ein gut

Eg bur i lag med ein gut. Mette Amalie vil ikkje bu i lag med gutar for ho seier dei er skitne, eller i alle fall at dei ikkje er så gode til å vaska. Men ho har jentekjærast, så eg vender det døve øyra til. Det høyre øyra, for der høyrer eg ikkje så godt som eg burde seier øyrenasehalslegen. Eg likar å bu i lag med ein gut, spesielt sidan han er fin, ganske ofte rein og veldig alltid min. Dessutan er han veldig god til å vaska, både golvet og opp. Av og til har me kosedag, og det betyr at me held henner og kyssar på t-banen og går i gater me aldri har gått i og skrapar kryssordflaks og drikk gratis kaffi i vindauge på det store biblioteket som har utsikt til alle dei gamle bøkene.

Eg har blåe negler og prikkar i augnekroken. Det skal eg ha i morgon òg. No skal eg snart legga meg og høyra på at Mathias les for meg frå den fine boka som er morosam og kanskje litt trist hvis ting går sånn som dei ser ut til å gå.