søndag 30. mai 2010

Om late dagar derpå

Lykken er ein lakris-is, ei mjuk joggebukse og ein gilmore girls-episode eg ikkje hugsar. Og seng. Og i alle fall ikkje meir vin.

lørdag 29. mai 2010

Hoppa paradis

torsdag 27. mai 2010

Snipp snapp makaron

Det var ein heilt vanleg kveld, slett ikkje annleis enn den i går. Nett då jenta tenkte; eg vil gjere noko fint, sa guten: me lagar makronar!

Mandlar skaut frå vegg til vegg, flasker gret raude og grøne tårar og ut frå ovnen kom små rundingar som ikkje likna på mat ein gong. Jenta bygga grøne makronar med smågodt og gomp, guten laga rosa med sjokolade og kiwi. Nokre vart rare, nokre fine, og alle så kvalmande at guten og jenta måtte gå rett til sengs og ikkje stå opp før dagen var slagen og klokka var i gang.





tirsdag 25. mai 2010

I alle dagar

Først: telefon tidlegare enn fuglane som sa at eg ikkje har sommarjobb likevel
Etterpå: eksamen og stive skulderblad
Til slutt: etegilde med bortgøymde oreoskjeks til dessert, cocorosie og flyging. Eg kan flyga, berre sjå




Finast av alt: når vondt blir til godt og tårer blir til kjeks.

mandag 24. mai 2010

Ein lagrar setningar ein høyrer i kortidsminnet, men nokre gonger er dei så fine at ein lagrar dei i langtidsminnet

Mathias, frustert over Paradise Hotel og alle millionane som ser på:
"hvorfor kan det ikke være sånn som i gamle dager da alle elska Beatles?"

Mathias, ein augneblink etter eit noko spesielt og utagerande danseinnfall:
"Jeg liker å stikke underlivet mitt frem!"

lørdag 22. mai 2010

Carl Berner, skal me vera vener?

Ballongar og brus, eg har funne meg eit hus!
Den tiande august forlatar eg beste vestkant med lange hagar og kråkeslott, og dreg med pikk og pakk til sjølvaste herr Berner. Eg skal få eit rom heilt for meg sjølv, og så kan eg banka i veggen og så kan Hanne eller Alvilde banka attende. Eg gler meg til å laga lister med alt me skal gjera, måla kor høge me har blitt, læra Hanne om korleis ein ter seg i ein by og laga mat heilt utan melk. Men eg skal ha gräddost, der går grensa.

Rommet mitt skal vera finare enn fint, og helst sjå litt ut som dette.





kjelde: flickr.com

fredag 21. mai 2010

Sgnelkab

Eg har ein slags fasinasjon for å seia ord baklengs.
Heime har me eit spel der ei av oppgåvene er å seia ord baklengs, eller å finna ut kva dei blir rett veg, og det er omtrent det kjekkaste eg veit. Her er nokre ord som er litt finare baklengs:

<3 erafnaf
<3 gadnam
<3 egnok
<3 knab

Dersom eit ord staves heilt likt både framlengs og baklengs kaller ein det for palindrom, men palindrom blir ikkje det same baklengs, det blir berre mordnilap tenk. Her er nokre setningspalindrom, eg ler:

-Skal varg ete gravlaks?
-Du har bra hud.
-Halla, Allah.
-Alle korkene ned i den ene krok, Ella.

onsdag 19. mai 2010

Eg turar

I går pakka eg ned pledd, solbriller og eksamensnotater for å pledda meg ein fin plass på sida av butikken vår. Det fins ein rar liten dal rett nedanfor der, med masse grøne flekkar til å pledda på. Ut av ingenting hoppa det ei elv, og så endte eg opp med å gå heilt til Bærum og attende, eg måtte jo sjå kor elva skulle, ho som rant så fort. Eg fekk klatra over og under trestammar, snakka med maur og helsa på sola med leggane. Rett som det var fekk eg ta eit bilete og to, og til slutt teikna eg i mi fine nye notatbok.



Fint


Ein dag kan bli frykteleg mykje finare med nokre blomar og ein kopp.

mandag 17. mai 2010

Augnebling

Eg skulle skriva augneblink, men det vart augnebling i staden. Er ei brille ein augnebling? Sminke med glitrediamantar? Her er nokre augnebling frå ein sekstande og ein syttande, i alle fall.


Fine kjærasten med fin t-skjorte med robotar på, han syns robotar er frykteleg spennande.


Eg fekk sjå Redda Joppe som eg såg då eg var lita, alt kom attende og det var nett like bra no, berre ikkje så skummelt.


Hanne kom med melis og sjokolade, det vart til kake som måtte smakast undervegs. Bittelita kosehake.


Tog + globus = fint


Min fine bunad ligg heime hjå mor og grin, Hanne sin bunad fekk vera med å eta is.

Hurra for marsjering og ballongar som får koma til himmelen!

søndag 16. mai 2010

Sundagsmorgon


kjelde: photobucket

Å stå opp først, krølla seg saman i ein ball og eta snop til frokost. Det er heilt stilt ute, eksamen fins ikkje men det regnar, for det regnar. Å tenka på ting langt framme som skal bli finare enn alt som er bak, men vita at no er ikkje så verst om ein berre kjenner etter på dei rette plassane. Ikkje seia eit ord på mange timar, berre synge same linja frå ein sang som ein ikkje kan, om og om og om att.

lørdag 15. mai 2010

Kaos?


Sjå ein gong til då vel.

torsdag 13. mai 2010

Om musikk og komle

Eg syng i eit fantastisk lite kor. Me er berre jenter, og nett no syng me berre sangar som er skrivne av andre jenter, eller damer om du vil. Eg trudde ikkje at eg likte Madonna for eksempel, men no likar eg ho bittelitt når me syng music, og eg får ropa do you like to boogie woogie kjempemange gonger.

Når eg syng vert eg raud i kinna og såpeboblete i magen, og sjølv om det ikkje alltid blir like fint så vert eg frykteleg glad. Eg trur at musikk er litt som dop, berre mykje sunnare.

No skal eg laga komle, for det er noko av det beste eg veit. Og om eg blir narkoman så skal eg i alle fall vera komle- og musikknarkoman.

onsdag 12. mai 2010

Dikt?

Eg har ein penn
som kan trekkas ut og bli
til ein lang
reklame

mandag 10. mai 2010

Vekeslutt utan gutt

Mon tru korleis ei helg med berre meg ser ut? Eg har fotfølgd meg sjølv for å finna ut kva som eigentleg foregår når eg er heilt aleine.


På fredag skreiv eg kort til ei adresse eg ikkje enno kan, i håp om å verta første postkort i ny postkasse.


Eg fann eit skilt som eg syntes var litt rart, tok eit bilete og snakka med ei dame som stoppa bilen for å spørja om eg tok bilete av skrivefeilen. Eg hadde ikkje sett at det mangla ein k og vart litt flau, eg som liksom skal vera lingvist og alt.


Eg har i alle fall ikkje mista skuggen min, sånn som Petter Pan.


Rett som det var måtte eg tenka litt på korleis Oslo kan sjå ganske fin ut.


Det vart bananwok med svinekjøt og chili, oppskrifta fann eg her og den var frykteleg god.


Mette Amalie fekk den beste bursdagsgåva i verda, øverst på mi liste i alle fall.


Sundag til sist, og eg såg kanskje seks episodar med gilmore girls i stadan for å lesa til eksamen.

Noko fint har skjedd, Solveig vil vera ballettvenen min!

lørdag 8. mai 2010

Bonsoir

Eg har ei rar kjensle i magen min. Litt som om eg skal flytta til eit anna land i morgon, eller som eg skal til tannlegen og bora utan bedøving. Eg skal ingen av delene, så nett no forstår eg ikkje heilt kva det er. Går det an å få vondt i magen av å sakna kjærasten sin?

torsdag 6. mai 2010

Eg vil òg ha ballettsko

Eg har googla litt.



Eg har tenkt, og det som eg har tenkt er at eg skulle så gjerne ha kunne dansa ballett. Det kan eg nemleg ikkje. Men no, no skal eg, og Solveig, eg veit ikkje om du les dette men du skal vera med. Og så kan me snakka om Belly Elliot og tenk så mange millionar lastebilar med fint oppi det kjem til å bli.

Sjå, her er me:

onsdag 5. mai 2010

Ho og han og eg under ei sky

I går kveld var eg på ein sånn konsert som ein berre blir med på utan at ein eigentleg veit kven som spelar, fordi ein som ein liker godt eller veldig godt treng nokon å gå saman med. Og noko nydeleg og magisk skjedde; eg vart forelska! I alle fall litt. Det var nesten berre glade tonar, oppvarmingsband som varma meg opp på innsida, fine tamburinar som eg aldri huskar namnet på, hår som flaug når ho hoppa på scenen og kanskje den største samlinga av låge gutar eg har sett i heile mitt liv. Så fint, og det kjendes som om eg stod under denne skya og akkurat der var alt perfekt.


Og dei som laga skya heitte She & Him.

Tre ting

Eg har gjort ein observasjon frå ei bru. Trikken er ikkje blå oppå sånn som han er på heile resten av kroppen, for han har ikkje noko lokk. Kven har tatt av lokket?

I ein av garderobane på treningssenteret der eg går for å bli raud i kinna er det nokon som har skrapa vekk nokre av bokstavane på døra. No står det: Takk for ølet, velkommen igjen. Det synes eg er frykteleg morosamt.

søndag 2. mai 2010

På ein snurr

Då eg var lita vart eg frykteleg glad kvar gong eg såg ein globus, for då kunne eg snurra med augene att og setja fingeren på den staden eg skulle bu når eg vart stor. Merkeleg nok (eg syntes det var merkeleg då eg var lita)havna eg nesten alltid ein plass i stillehavet. No veit eg at eg kan bu kor eg vil på nesten heile globusen, og eg vil! I Paris og i København, i New York og i ein bitteliten landsby i regnskogen i Brasil. På eit loft med skråtak og regn som trommar og i eit slott med musikkrom og ballrom og filmrom og pusterom. Og i ei lita hytte av bambus med pandabjørnar som vil eta middag.

Eg trur ikkje at eg er heilt stor enno, for no snurra eg nett på globusen igjen. Men eg er i alle fall stor nok til å vera på ein snurr.

lørdag 1. mai 2010

Ord om april


Neglelakk og fingrar, kven er eg tru?


Me måtte hoppa for å halda oss varme utan jakke (og litt fordi det var kjekt).


Ein kvar, men eg ville smaka på begge.


Tur med Hanne og Solveig og med sitjeunderlag som ikkje ville sitja. Ein sjokolade kvar, to til meg på grunn av Sunnveig.