søndag 5. april 2009

Frøydis gjer ting hu ikkje kan

I det sista har eg blitt litt nysgjerrige på enn ting. Eg har innsitt at det finns ein heile verden, rett udføre dørå mi, som eg allti (meir elle mindre bevisst) har isolert meg frå. Og det e altså ganske mange som leve i denne verdenen. Naboen din, han rare som allti sidde på same plass på lesesalen, hu sura kassadamå som allti ser stygt på deg når du betale me 32 einkroninga - ja, di finns øvealt. Og di har ein ting te felles; di går på TRENINGSSENTER.

Nå sga eg ikkje lada som om eg e heilt fremmed for denne verdenen. Eg har stokke ei tå, kanskje te og me enn ukoordinerte fod, inn på dette noge spesielle territoriumet før. Akkorat det har eg ikkje tenkt å sei så møje meir om, udenom at den tånå trakk seg ganske fort tebage der hu kom frå. Det va ikkje enn blivande plass, for å sei det sånn.

Eg fant itte kvert ud at eg va nødt te å gjer noge me all denne nysgjerrigheden som dreiv og hoba seg opp, så eg bestemte meg for å take action, som det så fint hette. Problemstillingen va: Koffor går folk på treningssenter? E det noge tess? E det muligens enn blivande verden aligavel?
Oppgaven: Tren på treningsenter kver dag. I ei vega.

Hvis du nå sidde og tenke at dette hørtes litt vel ambisiøst ud, så e du ikkje aleina. Det tenkte eg og.

DAG 1
Eg fant ud at det va lurt å bjynna me noge lett, i og med at eg rekna faren for å dø av udmattelse som ganske store dersom eg dreiv den stakkars kvilekroppen min altfor hardt. Svaret va di grønne gruppetimane, som visstnok sgo ver lettare enn di andre. Eg troppa opp, og fant itte litt fomling og dilling fram te der det sgo ver rygg og rytme, som eg antog innebefatta både rygg og rytme. Eg fant fort ud at det finns enn egen mote på treningssenter, og den moten består av svarte strame bokse og enn fine strame treningstopp, som helst bør vær rosa. Og sko. Eg glømte sko. Altså va eg litt av ett udskudd samenligna me di andre, men bestemte meg for å ikkje la meg affisera av det. Itte diverse ukordinerte aerobicoppvarmingsøvelsa (det e enn gronn te at eg aldri va på aerobic på skiringssal) dreiv me på me diverse styrketing, du vett, litt sånn lyfting og pressing og bøying. Eg må innrømma at eg følte meg ganske spræge, der eg låg og peste på golvet. Alt i alt enn positive opplevelse, te min store øverraskelse.

DAG 2
Når du bruge muskla som du ikkje bruge te vanligt, blir du stive. Eg trur at eg har kjent te denne hemmeligheden på et tidligare tidspunkt, men eg hadde tydeligvis glømt det. AU I ARMEN! Aligavel, eg tog på meg sportyfrøydis og tusla meg bort te treningssenteret igjen. I dag hadde eg våre så lure og alliert meg me Solveig, som øve lengre tid har levd et parallellt liv i treningsverdenen. Me hadde peila oss inn på noge som hette styrke 45, som forøvrigt førte te mangen goe forslag te ke 45 sto for (me blei passeligt skoffa når me fant ud at det bare betydde at treningå varte i 45 minutt). Det viste seg at dette prosjekte sgo by på møje større udfordringa enn det eg hadde dreve me dagen før. Ikkje bare sgo me bruga vekte, i tillegg fekk me beskje om å finna oss nogen stenge, jernrøyr om du vil, som låg og kvilte i nogen store kassa. Du kan sei at me lurte litt på ke dei sgo ver godt for. Eg vett ikkje ke solveig såg for seg, men eg hadde jaffal et ganske så interessant bilde av meg som svingte rondt på dessen stengene i frisk ninjastil. Kjedeligt nok viste det seg at me bare sgo lyfta di litt opp og ner. Snakk om mangel på fantasi. Men, det sga ver sagt, eg blei sjikkeligt sleden! Og fornødde. Ittepå gjekk eg heim og åd froktsalat. FROKTSALAT! Frøydis, e du inni der?

DAG 3
Eg våkna opp og følte meg egentligt ganske bra. Heilt te eg bevegte meg. ALDRI kan eg huska å ha våre så stive, og jaffal aldri på så merkelige plassa. Eg va øvebeviste om at eg va stive i puppene, sjøl om eg ikkje heilt klarte å forstå koss det sgo ha gått te. PÅ TROSS av dette gjekk eg te treningssenteret igjen. På ein lordag. Den dag i dag lure eg på kor eg stjal den viljestyrken ifrå.
Altså, det e vel unødvendigt å sei at eg følte meg ganske sporty då eg vandra inn i treningssalen. Eg følte meg mesten litt øvelegen, og lo godt inni meg av dei som låg heima me bagrus tydane ud av alle åpninga. Enn time seinare va eg ikkje møje høge i hatten. Eg va så låge det går ann å vær i hatten, der eg krøyb me halen imydlå beinå inn i dusjen. Hvis du ikkje vett ke bosu e, så kan eg fortella deg at det e djevelen i treningsform. Ein bosu e ein halve hoppeball som ligge på bakken, som et lide ubestigeligt fjell. Oppå der sko eg trø. Og ikkje bare trø; stå, balansera, hoppa på ein fod - you name it. Det va omtrent umuligt. Og tongt. Og sikkar ganske løye, for alle di andre som fekk sjå på kor fine eg va når eg datt av ballen kvert tiende sekund. Den sporty sjøltilliten min forsvant som rotte i enn sekk, og eg såg bare ein udvei. Sjokolade. Og liggestilling.

DAG 4
Sundag. Ikkje fritt for at motivasjonen va på et farligt lågt punkt. Resultat? Ein stk. Frøydis heima i sengå si.

DAG 5
Ja, så va det på an igjen. Mandag e dagen for å starta på ny frisk, et udtrykk som eg forøvrigt ikkje heilt forstår, men bruge lell. Eg hadde peilt meg inn på noge som hette lett og svett, og udifrå tittelen så rekna eg me at eg kom te å bli svette på enn lette måde, og det hørtes jo alt i alt ganske tiltalande ud. Eg vandra inn i treningsrommet, og der fekk eg meg et lide sjokk. Hadde eg komt te enn gamleheim? Hadde eg gått inn i pensjonistland? Gjennomsnittsalderen på di tilstedeværande vil eg annslå te omtrent 56 år, noge som gjore meg te den yngste. Lett (men ikkje svett). Det va ikkje fritt for at eg følte meg litt malplasserte, men eg tenkte me meg sjøl at jaja, dette e jo nødt te å bli enn opptur for sjøltilliten, ikkje tale om at dei gamle skrokkene e sprægare enn meg! Så feil går det ann å ta. Det va ikkje lett (eg kom fram te at di må ha meint lett som i lett kroppsvekt, og ikkje som i lett trening), me eg blei heilt klart svette. Men litt niagaratendensa onna armane e jo ikkje å forakta. Treningsøktå inneholdt diverse udfordringa for koordinasjonen min, og ein gong holdt eg te og me på å spenna bein på ei som utvilsomt må ha våre øve 70. Eg va rysta. E det ikkje meiningå at gamle dame sga pinnholda seg te lenestolen og ikkje gå ud forde di e redde for å brekka lårhalsen? Ikkje dei sprægingane her. Eg va imponerte, og satt igjen me enn nyerverva ærefrykt for eldre dame.

Javel, seie du, kor blir det av dag 6 og 7? Nå må eg ærligt innrømma at det ikkje blei nogen dag 6 og 7. Elle, det vil sei at det blei jo dag 6 og 7, men di blei ikkje brukt te trening. Elle noge aent sporty (udenom då eg sprang te trikken og ikkje rakk an). Eg gadd ikkje, dessuten så hadde eg hørt fleire lure folk sei at det ikkje e bra å trena 7 daga itte kvarandre, det e nemligt viktigt å la kroppen få KVILA. In your face, Solveig!

I anledning resultatet av dette fina prosjektet, har eg tenkt å laga enn liden konklusjon. Det e tross alt på tide, i og me at eg igjen ser ud te å sprenga tidligare ramme for normal bloggoppførsel. Jau.

Det kan ver fint å gå på treningssenter.
Nogen gonge blir du glae av å gå på treningsenter.
Nogen gonge blir du mesten krøpling.
Det e ikkje lurt å trena sju daga på rad.
Fira daga kan egentligt heller ikkje anbefalas.

BOSU E BAJS.