søndag 27. februar 2011

Day swimming

Ikkje noko er betre enn ei lang og god sløvehelg etter ei maratonveke. Med gule roser (den finaste rosefargen, seiar eg) på bordet, sløyfeøyredobbar og snart, ganske snart, eit varmt og godt bad. Symjing er noko heilt fint og eige, beroligande og oppkvikkande på same tid. Eg som nesten er nabo med Tøyenbadet burde kanskje utnytta dette litt oftare enn aldri, men no altså, no er eg klar! God sundag til deg som les, til galningane som står på ski og til alle dei gamle mennene som har lua heilt på toppen av hovudet. De er fine!

The pool that taunted me in Jogjakarta
Her kanskje?

tirsdag 22. februar 2011

Sjørøvarar og bjørnebær

Helga mi var så fin så fin, eg fekk besøk av mor og kjærast på ein gong, og me gjorde sånne ekstra fine ting som ein gjer når ein har ekstra fint besøk. Makronsmaking på magiske Sebastien Bruno, eg fekk bjørnebær og karamell, mor fekk pistasje og det var nok eigentleg ganske søtt med makronar, fant ho ut. På laurdag sprang med i teateret for å sjå på skumle sjørøvarar som var skumle på ekte, og så var det kafékafékafé. Mathias fekk ein bil i gave, og så var det berre oss to att. Så. fint. 



mandag 21. februar 2011

To bilder som gjer meg glad

Ein: basketballspeling på lågt nivå, med ein blå Erlend som gøymte seg for mor si. Neidå.

To: ein Mathias som konsentrerar seg om viktige oppgåver. Med bamsesaft, sjølvsagt.

lørdag 19. februar 2011

Hei laurdag!

Knutsen og Ludvigsen syng meg i øyra, mor sit i sofaen og les i strikkeboka ho kjøpte på mammutsalget,  eg har kjent sola varme for første gongen på fleire månadar og kjolen min kragar seg så fint som berre det. God helg alle finingar som les, det er så fint å vita at de finnes!

onsdag 16. februar 2011

Heimelaga himmelsnop

For ei veke sidan laga me oreos, fordi mathias fant ei oppskrift på internett og fordi oreos er yndlingskjeksen min. Før var eg ordentlig dårleg på å laga mat, eg hadde som regel ansvar for å opna maisboksen, og å dekka på bordet. No kan eg laga oreos! Og det kan alle andre òg, om dei har eit par timar å ta av. Oppskrifta kvilar her. Ein ting: vær nøyaktig med steiketida, for det brenn seg fortfort. Så er det berre å nyta.

NAM!

tirsdag 15. februar 2011

I dag har eg sydd eit rådhus


Je.

søndag 13. februar 2011

Om å vera vanskeleg

Av og til er eg frykteleg vanskeleg. Eg seier nei og rullar meg saman i ein liten ball og kikkar på navlen. Då kan det vera litt vanskeleg å vera kjærasten min. Heldigvis er ikkje kjærasten min kven som helst, men faktisk så snakkar me om bestevenn nummer éin, som veit korleis eg tenkar. I alle fall ganske ofte. Men av og til veit eg ikkje korleis eg tenker sjølv ein gong, litt som om hjernen gløymer å gje beskjed om kva han driv med, og berre turar i veg. Då kikkar eg på navlen.

I dag kikkar eg ikkje på navlen, eg kikkar på verda. Fin og kvit er ho.

White Jacaranda

torsdag 10. februar 2011

Når det skjer litt mykje

Alvilde har fått fine mummikoppar og held på å bli tante, eg skal på ballett og på konsert saman med fine Hanna og høyra på You and me Alfred. (Er ikkje det eit koseleg bandnavn?) Med litt hell får eg kanskje fingrane i eit glas vin i tillegg, ikkje gale til torsdag å vera. Ha ein fin torsdag du òg!

To ting berre

Ein: heimelaga oreos-kjeks. Det går an, eg og mathias laga dei i går nesten midt på natta og dei smakar sjukt godt. Spesielt på lesesalen.

To: eg er velsigna med vidunderlege helger fordi eg nesten alltid får besøk av kjærasten min. Denne helga såg me den finaste søppelkassen. Eg trur at folk som bryr seg med å laga fina søppelkassar er ekstra lukkelege mennesker.

søndag 6. februar 2011

Ein bitteliten same


I dag er ein fin dag, for det er samanes nasjonaldag. Eg har feira med å gå med samelue og med å seia den eine setningen eg kan på samisk. Det har seg sånn at eg er omlag ein kvart eller kanskje ein femtedel samisk, og det skal ein ikkje kimsa av. Så der har dykk det, ein bitteliten same.

lørdag 5. februar 2011

Ein god nyhet

På vandring mellom vinmonopolet og norli oppdaga eg og mathias noko fint. Ben & Jerry's skal få sin eigen butikk i karl johan! Tenk det. Eg er litt for stor fan av isen deira til at det er sunt, men pytt. Min favoritt er cookie dough, den hadde eg ete kvar dag om ikkje nokon (les: samvittigheten) hadde stoppa meg. Hurra!


Om litt skal me springa i veg og sjå Black Swan på kino, med brus og popcorn og heile sulamitten. Mmm, laurdag.

tirsdag 1. februar 2011

Fin.

Første gongen eg høyrde denne songen måtte eg grina litt og ligga heilt stilt. No går det fint å berre nyta.