lørdag 26. mai 2012

Slutt men byrjing

No er det slutt. Berre ein kveld igjen, og for ein kveld det skal bli, men auau i hjarta og tårer som ligg rett bak augelokka. Herlege fantastiske København, takk for at du tok meg inn! Eg er så utruleg glad for alt eg fant her nede, men mest av alt for morsomme Marit og Dagný med den høge latteren, for fleire centimeter med sjølvtillit, og for draumeskyer som eg endeleg tørr å dra nærmare. No blir det sommarferie i Oslo, og så dreg eg til London for å prøva lykka som musikar. Skål!



 

fredag 18. mai 2012

Emosjonell karusell

Hoi! Om ei veke flyttar eg heim til fine Norge, og før det har eg tenkt å nyta København så mykje som eg kan. Det kjennes litt som å flytta frå ein god venn, og det er ikkje det kjekkaste i verda. Spesielt sidan eg har blitt så glad i desse galne sangarane som plutseleg kan byrja å brøla i butikken for å testa ut noko me nettopp har lært, og som er like glade i å drikka billig øl som meg. Samtidig gler eg meg evig mykje til å få vera sambuar igjen, og til å ha gode Oslofolk berre ein gåtur/busstur unna. Eg er ganske emosjonelt forvirra, glad og lei meg og på toppen av alt har Mathias kome inn på filmskule og i september pakkar me gitar og koffert og kamera og flyttar til London.

London.

Hjelphjelphurrahurrahurra!!!


søndag 13. mai 2012

Helg / weekend

Helg er den beste oppfinnelsen eg veit om. Spesielt når det i tillegg til helg er venninnebesøk, konsert på skulen (eg fekk alle til å le, hurra!), middag på restaurant og kino med godtepose. No er det berre sundag igjen, og den skal brukast til å lesa Snømannen på kafé, og til å høyra på Tom Waits. Denne sangen blir eg aldri lei av:

God sundag!

onsdag 9. mai 2012

Gode tirsdagsaugneblinkar

Å byrja dagen på kafé med utsikt over Købmagergade og takknemlege tankar i hovudet.

Å synga songbird på skulen og tenka at dette hadde eg ikkje fått til for fire månadar sidan.

Å ha pizzakveld med fine klassekameratar på minihybelen, og å snakka om alt frå synging til skabb.

Å bli fortalt at eg liknar på Audrey Hepburn.

Å gleda seg til å få besøk av bestaste Mette Amalie om berre tre dagar.


fredag 4. mai 2012

Blomane i hagen

Då Mathias var på besøk gjekk me endeleg til Botanisk hage. Det har eg tenkt å gjera sidan eg flytta hit, så det var på tide, får ein vel seia.







Det vart litt hopping, rompekikking, blomesniffing og til slutt såg eg overlegen ut. Det var eg eigentleg ikkje.