søndag 22. januar 2012

Å himmel



På fredag skulle me på familiemiddag i Mathiashuset, men først måtte me stoppa ein to tre fire gonger for å sjå på himmelen. Så herleg rosa. (og så fin kjærast!)

tirsdag 10. januar 2012

A room with a view

I haust fekk eg min eigen utsikt for første gong. Då reknar eg ikkje med den gongen eg hadde utsikt til carl berner-krysset, eller den gongen eg hadde utsikt til t-banen på makrellbekken. Eg meiner utsikt på ordentleg. Med tre og by og sjø på ein gong. Om ein månad dreg eg vekk frå denne utsikten, og då kan det jo vera fint å ha nokre visuelle minner når eg sit i eit Københavnsvindu å kikkar ned på trafikkryss og søppelbøtter. (no høyres eg litt klagete ut, men eigentleg så er eg nøgd berre eg har eit vindu, heilt sant).




søndag 1. januar 2012

Totusenogelleve

Året då eg budde i to forskjellige blokker. Kollektivblokka og kjærastblokka, begge med masse hjarterom og pusterom.

Året då eg ordna meg ein bachelorgrad, og lurte frykteleg på kva eg skulle bruka han til.

Året då eg fekk vera i mitt barndomsparadis saman med Mathias, og det endte med firehjuling i solnedgangen. Det blei til ein fin liten hellasfilm.


Året då eg gjekk seks månadar utan å kjøpe klede, og klarte meg ganske fint fordeom.

Året då me kjøpte scrabble. Scrabble <3


Året då eg gjekk på kafé, med mor, med Mathias, med scrabble, med notatbok og med meg sjølv.


Året då eg og Erlend laga litt musikk, og fekk lyst til å laga litt meir.

Året då mor kom på besøk fleire gonger, og var like søt og god som alltid.



Året då eg tok balletimar med Solveig. Me gjekk på litt øva, men eigentleg var me litt elendige. Og litt veldig fornøyde med å snurra rundt i ballettskoa våre.

Året då det vart jul i blokka vår, og me laga vårt eige pepperkakehus for første gong i historia.


Året med all kjærleiken. Klisskliss!


Tusen takk til de som kikkar innom av og til, de er så fine! No er det totusenogtolv og eg gler meg.