Viser innlegg med etiketten om København. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten om København. Vis alle innlegg

tirsdag 28. mai 2013

Om å gå i gamle fotspor

Omlag i dag er det eitt år sidan eg flytta frå København. Så det er ikkje snakk om så veldig gamle fotspor. I helga var det reunion for oss som gjekk i same klasse og sang for høgt for lågt for stygt og for fint kvar einaste dag i fire månadar. Då eg landa på Kastrup og plutseleg hadde danskar på alle kantar, begynte eg nesten å grina. Men så smilte eg heile vegen til byen i plassen. København gjorde som gamle vennar gjer, tok imot meg med åpne armar og fekk meg til å føle meg som heime. Me hadde det så fint at det nesten var dag igjen kvar gong me skulle legga oss. København! Finast finast finast.





fredag 15. juni 2012

Oransje veggar og Københavnsavn


Å København, hvor er du smuk!

søndag 3. juni 2012

Oh yes, oh no

Den siste dagen i København var me i Tivoli, sidan eg aldri har vore der, og sidan Guro sa at det var ordentlig fint der. Det var ein litt rar og veldig fin kveld der me veksla mellom grining og latterkrampe, og eg fekk eit lite innsyn i korleis bipolare lidelsar artar seg.




lørdag 26. mai 2012

Slutt men byrjing

No er det slutt. Berre ein kveld igjen, og for ein kveld det skal bli, men auau i hjarta og tårer som ligg rett bak augelokka. Herlege fantastiske København, takk for at du tok meg inn! Eg er så utruleg glad for alt eg fant her nede, men mest av alt for morsomme Marit og Dagný med den høge latteren, for fleire centimeter med sjølvtillit, og for draumeskyer som eg endeleg tørr å dra nærmare. No blir det sommarferie i Oslo, og så dreg eg til London for å prøva lykka som musikar. Skål!



 

søndag 13. mai 2012

Helg / weekend

Helg er den beste oppfinnelsen eg veit om. Spesielt når det i tillegg til helg er venninnebesøk, konsert på skulen (eg fekk alle til å le, hurra!), middag på restaurant og kino med godtepose. No er det berre sundag igjen, og den skal brukast til å lesa Snømannen på kafé, og til å høyra på Tom Waits. Denne sangen blir eg aldri lei av:

God sundag!

fredag 4. mai 2012

Blomane i hagen

Då Mathias var på besøk gjekk me endeleg til Botanisk hage. Det har eg tenkt å gjera sidan eg flytta hit, så det var på tide, får ein vel seia.







Det vart litt hopping, rompekikking, blomesniffing og til slutt såg eg overlegen ut. Det var eg eigentleg ikkje.

onsdag 18. april 2012

Alle gode ting er kafé

Kafélivet er eit fint liv, syns eg. Restaurantkaféar, bokkaféar, pubkaféar, fortauskaféar - eg er venn med alle! I det siste har eg fått ein ny venn, han heiter kafé Retro og er ein slags pubkafé med gamle lampar og hylleblomstsaft i hyllene.





Knabrostrædet 26

tirsdag 10. april 2012

Pølsehorn og lakrispipe

Eg spring framleis rundt og leitar etter dei finaste kaféane i København, og syns eigentleg at det går ganske bra! Det er litt som å vera liten igjen, og ha bursdagsselskap med skattekart og sjokoladekiste som er gøymd innerst i garderobeskapet. Berre at det ikkje nyttar å leite i garderobeskapet. Då Mathias var her sist var me flinke skattejegarar og fann Krummen & Kagen i Nordre Frihavnsgade på Østerbro. Me hadde trøtte loppemarkedføter og trengte nøyaktig eitt pølsehorn, ein solbærdrikk og ei lakrispipe. Jammen flaks!



fredag 23. mars 2012

Kjærastbesøk

For ei lita stund sidan var Mathias på Københavnbesøk. Hjarta mitt hoppa då eg såg han, og då me venta på grønt lys for å gå over veien håpa eg at det skulle henga seg opp på raudt, sånn at me kunne kyssa enno lenger.

Me var på pub med fine klassekameratar og eg fekk syna fram Mathias.


Når ein har besøk får ein lov til å lata som om ein er på ferie. Sidan me var på ferie åt me frokost ute, på ein søtfinkul frokostkafé som heitte Granola. Mathias fekk pannekaker og yoghurt og eg fekk croque monsieur.





Me vandra i nye gater og fann Frederiksberg have. Der var det masse tre, og hundar som lukta på kvarandre og sprang som galne. Eg kan sjå på hundar i ein evighet, det slår tv kva dag som helst!


Me er godtemumsar.



Til slutt gjekk me for å eta sushi på bånd. Det var litt som å koma til himmelen, med sushirettar som glei forbi, og så kunne ein berre strekka ut hånda kvar gong ein såg noko som frista. Eg måtte passa meg, for eg ville eta alt, men det var ikkje nok plass i magen.

lørdag 17. mars 2012

Kaféfredag

På fredagar er det skulefri, og eg har gjort det til mitt personlege prosjekt å prøva ut ein ny kafé kvar fredag. I går fann eg ein skikkelig fin ein! Finasen heitar Den Franske Bogkafé og ligg i Fiolstræde 16. Den er halvt bokhandel og halvt kafé, full av franske bøker, franske folk og croissantar. Og sjølv om det ikkje var mykje golvplass, var det plutseleg eit par som reiste seg opp og dansa framfor alle croissantane. Sånt likar eg! Høgdepunktet var likevel då eg presterte ein liten samtale på fransk med servitrisa. Då var eg så sjukt fornøyd med meg sjølv.

søndag 26. februar 2012

Is og gras





Sånn her såg København ut då eg flytta hit for to veker sidan. Eg leste kart for å finna ut om det her var ein sjø eller kva, og halve København hadde våga seg ut på isen for mellom anna å spela curling med feiekostar og gryter. Sånt likar eg! To veker seinare ser byen heilt annleis ut, våren kjem tassande og graset blir grønt. I dag såg eg til og med blomar i graset! Dessutan treng eg ikkje ta opp kartet på kvart einaste gatehjørne lenger. Hurra!

lørdag 25. februar 2012

I want to ride my bicycle

Men det kan eg ikkje, for den er heima i Norge. Danskane er sjukt gode på sykling, og får nesten like mykje respekt i trafikken som bilane. Det verste ein kan finna på å gjera er å gå i sykkelfeltet, for der går det fort! Kvar dag ser eg utruleg mange fine syklar, og desse er eg spesielt misunneleg på:




onsdag 22. februar 2012

Ut men inn

Eg bur i ein bunkers. Neidå, eigentleg er det ei blokk. På utsida tøffar ho seg litt, men på innsida har eg mjukna ho opp med blomar og soppespeil. Og fargeblyantar. Tenk at eg bur i København! Fytti katten.


søndag 19. februar 2012

København!

Eg er bittelitt i himmelen. København er på ein måte himmelen. Eg har berre vore her i litt over ei veke, men eg byrjar å bli kjent med Københavnfrøydis, og ho er faktisk ganske bra! Her er nokre fine ting Københavnfrøydis har foretatt seg.

Eta hummussandwich og finna min nye stamkafé på ein gong

Vera glad, nøgd og litt trøytt på ein gong

Drikka fin og billig københavn-øl

Laga første middag på ny hybel

Gå på isen

Halda rundt den finaste kjærasten som ikkje skal bu i København

Vera meir på kafé.
 Og byrja på ny skule då, men det kan eg fortelja om ein annan gong. Ha ei fin veke, alle! Det skal eg!

mandag 6. februar 2012

Å hjelpes

På torsdag flyttar eg til København med ullsokkar og teskjeier og gitar, for å bli popstjerne. Neidå! Eg skal berre bli god til å synge. I nesten eit år har eg berre gleda meg og gleda meg til akkurat denne veka, men no når ho er her byrjar eg å lura på om det eigentleg kjem til å gå bra. Lille Frøydis i den store byen, i landet der eg kjennar ingen og på skulen der alle har mykje meir erfaring enn meg. Eg trøstar meg med at alt ordnar seg for kjekke jenter. Og at av og til så må ein berre hiva seg uti det, sjølv om ein kanskje må knipa att augene litt for å klara det.