Regn på ruta, treige brødristarar og skohælar som fell av. Heldigvis fins det òg nytrakta kaffe, tepper med armar og sudokuar som går opp. Så eg trur denne mandagen går i null.
Viser innlegg med etiketten om ingenting. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten om ingenting. Vis alle innlegg
mandag 13. oktober 2014
fredag 21. oktober 2011
Tittei
Dei siste vekene har eg ikkje vore heilt i skrivehumør. Heldigvis har eg vore i mange andre typar humør, for eksempel jobbehumør, museumshumør og kaféhumør. Eg og mathias har til dømes vore på stockfleths for å prøva ut frappéen deira (å himmel) og for å lesa om stolar.
Kategoriar:
om ingenting
torsdag 1. september 2011
lørdag 20. august 2011
lørdag 28. mai 2011
onsdag 20. april 2011
onsdag 13. april 2011
Fullt av fint
I dag leikar eg sjukepleiar for ein liten kjærast som hostar og skjelv, finn ekstra pledd og kjøpar loff i butikken. Innimellom prøvar eg å læra meg kva hjernen vår eigentleg driv med, og om det var hypothalamusen eller hippocampusen som lagar og hentar fram minner. Hippocampusen var det. Om litt skal eg vandra ut i vårsola og pakka ut bananar på rimi, og ein full dag er ein fin dag.
Kategoriar:
om ingenting
søndag 10. april 2011
God sundag!
Helg med blomar som sprett, snø som smeltar, og den fine sundagsfølelsen i magen. Eg har fått gjera musikkting, som er noko av det finaste eg veit å gjera, og no er eg berre glad, lukkeleg, smilande og så vidare.
God sundag!
God sundag!
Kategoriar:
om ingenting
tirsdag 29. mars 2011
Ein dag delt opp i punkt
- vakna opp til mitt eige sure fjes, høyrte på vampire weekend på banen og tok meg sjølv i å smila sånn heilt utan vidare.
- slapp ein fis på lesesalen, men lata som ingenting
- forelsning i psykologiens historie, fekk bekrefta at eg er betre venn med nåtida
- pause i forelesninga, fann ein tom krok med eit stort vindu og drøymde meg til ei blomstereng
- hadde 1,19 kroner på kortet, fann ein reddande engel som baud på middag og sitrongele til dessert
- prøvde å laga fine tonar saman med Erlend og pianoet
- kraup opp i senga mi med postmann pat-dyne og ei bok, åt sjokolade berre fordi ingen kunne seia at eg ikkje fekk lov (og fordi det smakar godt)
- eg har ikkje sovna enno så dette er ein spådom : sovna med elefanton i armane, gløymte ikkje å sette på vekkerklokka.
Kategoriar:
om ingenting
fredag 25. mars 2011
Flettefint
O lykke! For første gong i livet (!) har eg langt nok hår til å laga heidifletter. I alle fall nesten.
Kategoriar:
om ingenting
tirsdag 1. mars 2011
Og så på den første vårdagen og allting
Akkurat no skulle eg mest av alt hatt sjumilsstøvlar, ikkje sånne vanlege støvlar som sklir på isen og lagar sår i hånda. Nokon som har eit par stående?
Kategoriar:
om ingenting
tirsdag 15. februar 2011
søndag 30. januar 2011
Sundagsaktivitet
Eg trur ikkje eigentleg at eg og mathias kan reknast som eit normalt par. I alle fall er me frykteleg gode på å gjera rare ting på sundagar. I dag for eksempel, laga me ein appelsinfilm.
Kategoriar:
om ingenting
torsdag 20. januar 2011
Om appelsinar
Eg likar appelsinar. Eg likar appelsinjus. Eg hatar appelsinsjokolade og appelsinsaus, og alt anna med appelsin i. Utanom Appelsinpiken av Jostein Gaardar, den elskar eg faktisk litt. Mathias seier at eg er rar. Eg lurar på om det finnes nokon andre som er rare saman med meg?
| kjelde |
Kategoriar:
om ingenting
onsdag 12. januar 2011
tirsdag 4. januar 2011
torsdag 23. desember 2010
Overflødig informasjon
Her kjem litt overflødig informasjon om meg, overflod kan jo vera fint.
Då eg var lita budde eg på Svaldbar og snakka ein rar krysning mellom sørlandsk og nordnorsk.
Eg elskar å gå på skøyter, og eigentleg seier eg skjesse i staden for skøyter.
Ein av dei beste tinga eg veit er å gå aleine på kafé, då kosar eg meg alt eg kan og skriv ned kva alle rundt meg driv med.
Eg kan bli heilt avhengig av små spel, som det her, som eg spelte med meg sjølv i mange veker på folkehøgskulen.
Noko av det som gjer meg gladast er å sjå på menneske som er glade i kvarandre, gamle folk som held hender og unge folk som kyssar på t-banen.

Fargar har stor innverkning på meg, eg blir dratt mot alt som er litt ekstra grønt eller gult eller blått. Difor liker eg ikkje filmar i svart-kvitt, og difor vil eg ha kjolar i alle regnbuens fargar.
For omlag tre år sidan kjøpte eg klede i guteavdelinga og hadde skikkeleg kort hår. No er eg jentejente, det syns både eg og Mathias er fint.
Eg vil at ting skal vera spennande, eg klemmer ikkje på julegavar og eg vil ikkje vita kven som ledar i yatzy.
Eg elskar å vera heime aleine. Då syng eg opera og snakkar med meg sjølv på engelsk.

onsdag 22. desember 2010
Ynskje
I dette innlegget er det ingen bilder. Det er mest av alt fordi eg ikkje har noko kamera, ikkje noko linsedeksel og ikkje noko kameraveske. Det skulle eg gjerne hatt. Så kunne eg tatt bilde av snøstormen som syng i veggane, gule negler og blomekjolar som svingar. Nesten alle bildene her inne har eg lånt frå kjærasten min, han har kamera og linsedeksel og kameraveske og det skulle eg gjerne hatt. Eg seier det litt ekstra høgt nå rett før jul, berre sånn fordi.
Kategoriar:
om ingenting
tirsdag 23. november 2010
Tankar frå ein fryseboks
Vaktfuglane klarar ikkje å stenge kulda ute, så eg tenner stearinlys og seier oppmuntrande ord til ovnen. Han er ikkje i godt humør og det går ut over meg, som er heilt uskuldeg og som alltid har gjeve han all den strømmen han vil ha. Jammen godt eg har dobbelt lag med strømpebukser.
Kategoriar:
om ingenting
onsdag 27. oktober 2010
Om absolutt ingenting
Kollektivliv er eit fint liv. I dag har me åte potetbåtar med konditorfarge og snart skal me sjå Billy Elliot, eg blir aldri lei av Billy og Alvilde har berre sett han ein gong. Men fyrst er me flinke jenter og gjer skulearbeid, utanom meg for eg skriv blogg. Og et kjeks. Eg har nemleg ein regel om å ikkje studera om kvelden, og den held eg kvar kveld. Det er nok eigentleg den beste regelen eg har.
Dagens tips: ikkje pill deg i nasen om du nett har kutta chili.
Dagens tips: ikkje pill deg i nasen om du nett har kutta chili.
Kategoriar:
om ingenting
Abonner på:
Innlegg (Atom)