søndag 30. januar 2011

Sundagsaktivitet

Eg trur ikkje eigentleg at eg og mathias kan reknast som eit normalt par. I alle fall er me frykteleg gode på å gjera rare ting på sundagar. I dag for eksempel, laga me ein appelsinfilm.

lørdag 29. januar 2011

Slå på ringen

Sist gong eg gjekk med ring var eg sju år og hadde nettopp borra to hol. No er eg tjueto år og har nettopp åte ein sjukt god middag.

fredag 28. januar 2011

Dersom eg kunne teleportera meg sjølv


Utanfor Ladurée i Paris, ein pose med små mirakel i hånda og ein kjærast med snille auge innanfor rekkevidde.

tirsdag 25. januar 2011

Grekenland

No ligg dei der. Inni mailboksen til Mathias. To billettar til Brussel, men nei, det stoppar ikkje der, det fortsetter nemleg heilt til Hellas. HELLAS. Tenk det. Ni dagar under det blåaste vatnet og den varmaste sola, med sommarkjole og tsatsiki og is som ein må eta superfort. Då eg var lita reiste me til Hellas kvar sommar i kanskje fem år, så eigentleg skal eg besøka ein barndomsven. No har eg noko å gleda meg til heilt fram til juni!


Ps. Er det nokon som har ei gresk øy å anbefala?

mandag 24. januar 2011

Ei helg

I helga kom kjærasten til meg. Me sprang rundt og gjorde alt mogleg, svigerlunsj og kino og konsert og til og med litt dansing. Det siste gjer me omlag aldri, så det syns eg absolutt er verdt å nevna. Så var me berre glade, heilt til sundag kveld og me berre hadde nokre timar att. Eg fekk grina litt og han fekk kyssa meg litt på hovudet. Nesten dei finaste augneblinkane: holmenkollen-sightseeing og kaffi på Oslo mek.


fredag 21. januar 2011

Kjærligheten er en fanklubb med bare to medlemmer

Hausten 2007, Kongsberg. Nyfunnen kjærleik <3

torsdag 20. januar 2011

Om appelsinar

Eg likar appelsinar. Eg likar appelsinjus. Eg hatar appelsinsjokolade og appelsinsaus, og alt anna med appelsin i. Utanom Appelsinpiken av Jostein Gaardar, den elskar eg faktisk litt. Mathias seier at eg er rar. Eg lurar på om det finnes nokon andre som er rare saman med meg?

kjelde

mandag 17. januar 2011

Fem fine ting på F

Fruktsalat. Helst med litt vaniljekesam eller yoghurt i. Den under åt eg på nighthawk diner og det var kanskje den beste frokosten i heile fjor.


Filmar. Eg likar konseptet med å forsvinna inn i ei anna verd i ein og ein halv time. Og komma ut igjen med noko anna i tankane. Musikkfilmar treff meg hardast av alt, og Koret (eller Les Choristes) er ein fin og vond sådan. Litt sånn rampete sølvguttar.

kjelde

Fargar. Eg vil ikkje vera med på ei verd utan fargar.

kjelde
Familie. Nesten finast av alt. Eg har vore frykteleg heldig med min, og hadde ikkje bytta dei vekk for ein heil willy wonka-fabrikk ein gong. 

Søskenbarn og jul  (og det er dei som er høge)


Fransk. Språket og landet og filmane og maten og musikken. Alt som er franskt eigentleg.

fredag 14. januar 2011

Hei fredag!

I dag har eg det ordentlig fint. Eg har vaska badet og rommet og alt er reint, i kjøleskapet står heimelaga snickerssnop (Alvilde kallar det kake fordi ho ikkje får eta snop, kake er jo ikkje snop) og om eit par timar kjem finaste Mathias tilbake frå vinterlandet og me skal byrja på andre sesong av Pushing Daisies. Og nyta ein heilt ekstremt god laksewok som til og med kanskje burde få sitt eige innlegg. Eg håpar at alle har ein like fin fredag som meg! Hvis ikkje: brett ein origamifugl. Pynt skapa på kjøkkenet med alt du finn i skuffene dine. Drikk ein kopp kakao. Ta på kjole og leppestift sjølv om du er heime aleine. Sjå Little miss sunshine/ Singin' in the rain/ Once/ Harold and Maude. Skriv eit postkort til besteforeldrene dine. Og smil :o)

onsdag 12. januar 2011

Eg veit ikkje kva eg skal bli #3

Budeie?

tirsdag 11. januar 2011

Desperat på ein tirsdag

Eg tørr nesten ikkje å tenka på at eg om eit semester har ein heil bachelorgrad. Kva skal eg liksom gjera med den? Hoppa tau? Gå på kafé? Om nokon skulle kjenna ein lingvist så vil eg berre gjera det klart at eg tek i mot all informasjon om kva denne personen driv med, sånn i det daglege. Helsing desperat student som i alle fall ikkje har blitt til noko enno. 

 

lørdag 8. januar 2011

Vinterland

Eg er så heldig at eg har ferie i ei heil veke til. Eg les bøker sånn som eg gjorde på ungdomskulen, slukar dei nesten. Om litt skal eg byrja på noko som eg ikkje veit om går, ei heil bok på fransk! Ensemble, c'est tout av Anna Gavalda. Fint med litt meir utfordring enn å berre finna ut kva eg skal laga til middag.

Nett no vandrar eg rundt i eit fantastisk vinterland. Kjærleiken har eit semester att på Rena, det er kaldt, men heilt sjukt fint. Snø på tre er noko av det aller aller finaste eg veit. Me ser ut av vinduet, ser på mad men, ser på skisport og ser på kvarandre. Fint.

kjelde

onsdag 5. januar 2011

Reklame for ein reklame

Av og til blir eg til ei hønemor som spring rundt og klukkar og er frykteleg stolt av barna sine. Berre at eg har ingen barn, eg har ein kjærast. I fjor laga han ein reklame for avisa Østlendingen, saman med ein og to andre. Den er frykteleg fin, og eg får alltid litt frysningar når musikken blir stor og viktig. Sjå han eller ikkje, eller sjå han.

tirsdag 4. januar 2011

Drivhus

Eit drivhus er ei boble med tak og veggar.

mandag 3. januar 2011

Feberfantasiar minus feber

Eg byrja det nye året med frisk luft i lungene. Kjærleiken vart med ut, me fann eit lite fjell rett bak blokka som me ikkje visste om. Så stod me berre der, eg tenkte på kor sjukt stort Oslo eigentleg er, og at det finnes fjell og parkar og bydelar som berre ligg å ventar på å bli sett. Eg bestemte at eg, så snart eg blir frisk, skal plaska i tøyenbadet, renna på akebrett og baka noko sjukt godt. Dessutan skal eg sy alle kjolane som har hol under armen og laga eit hemskt lurt system i klesskapet mitt, sånn at eg aldri treng å rydda det igjen. Dette systemet kjem sjølvsagt til å bli verdenskjent, eg tek patent og vert rikare enn Bill Gates og Kjell inge Røkke. Eg byggjer eit lilla kjærleikshus med vindaugskarmar i forskjellige fargar, med eit rom som er ei gigantisk seng, musikkrom med alle instrumenta eg vil, studio og eigen kino. Og ein ufo-lampe.