Om eg plutseleg vaknar midt på natta av ein liten fe som sit på magen min og seier Frøydis, sei kva du ønsker deg og eg skal trylla det fram, skal eg seie:
Squash-racket. Fordi eg vil, ikkje fordi eg kan. Og fordi det får meg til å springa og le samtidig.
Kamera. Eit fint eit som veit kva eg gjer når eg ikkje er heilt sikker sjølv.
Konsertbillettar til Eva Cassidy og Beatles. Eventuelt ein tidsmaskin.
Ein sjokoladefabrikk, sånn som Willy Wonka sin men med dei gamle ompalompaane.
Eit piano. Og plass til pianoet.