onsdag 30. november 2011

Scrabble

Det skjer ikkje så mykje om dagen. Eg jobbar, Mathias jobbar, me jobbar, og innimellom har me spelekveld og kafébesøk og museumstur og bakekveld. Kanskje den beste dagen var då me kjøpte Scrabble. Scrabble! Eg ler meg i hjel av scrabble.







mandag 21. november 2011

Earl and the Girl

No skal eg visa noko som får det til å kribla i magen min, eit lite hjartebarn som eg er ganske stolt over. Fine Erlend og eg har på ein måte laga eit band, og no har me lagt ut ein sang på urørt. Om du vil høyra så blir eg glad!



Gå til Urørt for å finne ut mer om låta og artisten

Erlend har produsert og musisert, Mattias har klimpra litt på gitaren sin, og eg syng.

torsdag 10. november 2011

Scann deg ein blomekrans

Me har fått ein ny dingseboms i hus, ein fotoscannar. Han er frykteleg snill, for han lar oss scanna gamle negativar som me ikkje veit korleis ser ut, og så husker me ting som me hadde gløymt. Her er nokre fine smakebitar!