Avstandsforhold. Noko av det kjipaste eg veit om! Og no har eg altså vikla meg inn i enno eit. Min finaste Mathias har vendt tilbake til Norge for å laga eksamensfilmen sin, og eg heng att i London for å synga litt meir. I den anledning tenkte eg at ei pluss-og-minus-liste var på sin plass, kanskje mest fordi eg treng å hugsa på at det faktisk fins eit par plussar.
- Å vakna om morgonen utan nokon som mumlesøv på sida
- Vondt i hjartet
- At det ikkje er nokon til å varma opp dyna på kalde kveldar (må kjøpa varmeflaske!)
- Å sjå ein rev eller ein rar pinne, og ikkje ha nokon å sei "sjå!" til
- Å laga middag til éin
+ Gjensynsglede!
+ Å ta sit-ups saman på skype
+ Å ligga midt i senga, gjerne i stjerneformasjon
+ Å samla opp kaféar og fine gater som eg kan visa fram på neste besøk
+ Å planlegga og gleda seg
+ Pakkar i posten med sjokolade og kjærleik i
Og når alt kjem til alt er eg jo svinheldig som har nokon å sakna i det heile. Trur eg skal legga meg i stjerneformasjon og eta litt sjokolade.