lørdag 28. juli 2012

Sykkellykke

Om det er noko som gjer meg glad, så er det å sykla ned til byen langs Akerselva. Vind i håret, skjørt som blafrar, og hundekvalpar som ikkje har lært seg å gå i band. Sykkellykke!

onsdag 18. juli 2012

Sommargleder

Varme kveldar med globuslys og knitring frå platespelaren

Frokost på benken i hagen (ja, me har hage!) med scrabble til dessert

Å våkna klokka ti, bli liggande i senga og lesa fordi det er fint og fordi ein ikkje treng å stå opp

Sommarregn på takvinduet og på nasetippen 

Å flyga ned til byen på bestemorsykkel og tenka at verda ligg og ventar

Å gjennoppdaga bøker ein las då ein var tolv (i mitt tilfelle; Kabalmysteriet)

Gule roser på kjøkkenbordet







onsdag 11. juli 2012

Mini

Eg har vore på miniferie på Klepp, hatt ein minipause på bloggen og i dag skal eg spela minigolf! Hvis berre regnet held seg opp i skyene. Ha ein fin onsdag!


mandag 2. juli 2012

Tre augneblink


Em-finale + besøk av mi underbara mor. 


Besøk av mor er einstydig med blomar i vasen, fullt kjøleskap og gode klemmar.


Å sovna med ein mørk Oslohimmel over seg, og kanskje ein regndrope eller to på ruta.

torsdag 28. juni 2012

Krible krible

Når ein ikkje byrjar på jobb før klokka tre kan det vera fint å gå på kafé. Nei vent, det er alltid fint å gå på kafé! På Chillout på Grünerløkka fins det veldig mange reisebøker, og skikkelig gode kaker. Me bladde i Londonbøker og kjente på korleis det kribla i magen. Om to månadar flyttar me, tenk på det!

tirsdag 26. juni 2012

Klar, ferdig, hyttetur!

Når det er sommar, reiser me på hyttetur. Eg skriv det her, for då blir det sant.












Det vart grilling i sommarregn med kjekke gutar og søte jenter, bare føter på golvet og blomekrans på hovudet. Og smil om munnen!

mandag 18. juni 2012

Notatbok

Eg skriv ikkje eigentleg dagbok, men på ein måte gjer eg det likevel. Her er nokre augneblinkar frå glade/merkelege/fine dagar i København, i notatbokformat.












fredag 15. juni 2012

Oransje veggar og Københavnsavn


Å København, hvor er du smuk!

mandag 11. juni 2012

Finnes det ein park på Bjølsen?



Eg visste det ikkje, men det gjer det jo sjølvsagt. Bjølsenparken!

søndag 10. juni 2012

Bjølsensundag

Plutseleg var det juni, og plutseleg budde me på Bjølsen. Saman med Cathrin som bakar tebriks på sundagar og som likar nesten all musikken som eg likar. Eg heng opp soppar og blometeikningar på veggen, går tur for å sjå på dei fine bjølsenhusa, drikk kaffe på bakeriet medan eg les avis og ser på den gule jentebabyen utanfor vindauget. Eg har vanskeleg for å uttrykka kor mykje eg likar sundagar, men eg prøvar: mangemange lastebilar med blomar i! Ein kopp kan og vera nok.


søndag 3. juni 2012

Oh yes, oh no

Den siste dagen i København var me i Tivoli, sidan eg aldri har vore der, og sidan Guro sa at det var ordentlig fint der. Det var ein litt rar og veldig fin kveld der me veksla mellom grining og latterkrampe, og eg fekk eit lite innsyn i korleis bipolare lidelsar artar seg.




fredag 1. juni 2012

Kjærastmobil

Endeleg fekk eg og vera med på instagram! Ikkje med min mobil, for den kjem frå Clas Ohlson (og kan ikkje ein gong ta bilete), men med kjærastmobilen. Sånn blei det:







lørdag 26. mai 2012

Slutt men byrjing

No er det slutt. Berre ein kveld igjen, og for ein kveld det skal bli, men auau i hjarta og tårer som ligg rett bak augelokka. Herlege fantastiske København, takk for at du tok meg inn! Eg er så utruleg glad for alt eg fant her nede, men mest av alt for morsomme Marit og Dagný med den høge latteren, for fleire centimeter med sjølvtillit, og for draumeskyer som eg endeleg tørr å dra nærmare. No blir det sommarferie i Oslo, og så dreg eg til London for å prøva lykka som musikar. Skål!



 

fredag 18. mai 2012

Emosjonell karusell

Hoi! Om ei veke flyttar eg heim til fine Norge, og før det har eg tenkt å nyta København så mykje som eg kan. Det kjennes litt som å flytta frå ein god venn, og det er ikkje det kjekkaste i verda. Spesielt sidan eg har blitt så glad i desse galne sangarane som plutseleg kan byrja å brøla i butikken for å testa ut noko me nettopp har lært, og som er like glade i å drikka billig øl som meg. Samtidig gler eg meg evig mykje til å få vera sambuar igjen, og til å ha gode Oslofolk berre ein gåtur/busstur unna. Eg er ganske emosjonelt forvirra, glad og lei meg og på toppen av alt har Mathias kome inn på filmskule og i september pakkar me gitar og koffert og kamera og flyttar til London.

London.

Hjelphjelphurrahurrahurra!!!


søndag 13. mai 2012

Helg / weekend

Helg er den beste oppfinnelsen eg veit om. Spesielt når det i tillegg til helg er venninnebesøk, konsert på skulen (eg fekk alle til å le, hurra!), middag på restaurant og kino med godtepose. No er det berre sundag igjen, og den skal brukast til å lesa Snømannen på kafé, og til å høyra på Tom Waits. Denne sangen blir eg aldri lei av:

God sundag!