søndag 6. mars 2011

Apropos ballett

Fredag var ein fin dag på grunn av to ting.
Ein, eg åt ein himmelcoockie som var så god at eg klappa på innsida. Oslo city er ikkje akkurat yndlingsplassen min, men coockie, det kan dei.
To, ballett i operaen. På andrebalkong med hovudet utover kanten, med kriblekjensle i magen og frysningar på ryggen. Tidlegare har eg tissa på operadoen, og sjølv om det var fint så var det enno betre å få koma inn i operasalen. Me såg eit stykke som heitter Don Quixote, fullt med snurring og hopping og vindmøller og prinsessekjolar. Etterpå måtte me berre gapa, og Hilde snubla i trappa fordi ho nesten trudde ho kunne sveva. Ekte magi for berre ein hundrelapp, tenk det.

5 kommentarer:

Ine sa...

Å, så fint! Hvor kjøper man himmelcookie? Hvis jeg skal på Oslo City, må jeg har ruta klar og skylapper på, for jeg grøsser bare av kinoreklamene til Oslo City. Ekle, ekle hviskestemmen.

Frøydis sa...

Einig! Eg er heller ikkje venn med oslo city. Men om du går inn i hovedinngangen og fortsettar rett fram, så finns det himmelcoockiar i den runde "kaféen" rett på sida av H&M. Sjokoladecoockie må det vera ;)

Maren sa...

Takk for kjekstips! Hihi:)

Liv sa...

Kunne du se noe fra der du satt? Høres fantastisk kjekt ut! Jeg har også lyst en gang. :)

Frøydis sa...

Me såg nesten heile scenen, sjølv om det sto begrensa sikt på billetten. Me måtte berre lena oss bittelitt ut av og til :)