mandag 3. januar 2011

Feberfantasiar minus feber

Eg byrja det nye året med frisk luft i lungene. Kjærleiken vart med ut, me fann eit lite fjell rett bak blokka som me ikkje visste om. Så stod me berre der, eg tenkte på kor sjukt stort Oslo eigentleg er, og at det finnes fjell og parkar og bydelar som berre ligg å ventar på å bli sett. Eg bestemte at eg, så snart eg blir frisk, skal plaska i tøyenbadet, renna på akebrett og baka noko sjukt godt. Dessutan skal eg sy alle kjolane som har hol under armen og laga eit hemskt lurt system i klesskapet mitt, sånn at eg aldri treng å rydda det igjen. Dette systemet kjem sjølvsagt til å bli verdenskjent, eg tek patent og vert rikare enn Bill Gates og Kjell inge Røkke. Eg byggjer eit lilla kjærleikshus med vindaugskarmar i forskjellige fargar, med eit rom som er ei gigantisk seng, musikkrom med alle instrumenta eg vil, studio og eigen kino. Og ein ufo-lampe.

2 kommentarer:

Kathleen sa...

Hihi, gøy ufo-lampe!

Synne sa...

Denne kommentaren kommer mer enn en måned etter at dette innlegget ble skrevet, det innser jeg, men jeg er ny her inne! Ville bare si at det utvilsomt er den tøffeste lampen jeg har sett. Ha en fin dag!