søndag 11. april 2010

Glede på fire bein

Eg har ein liten hemmelighet eller løyndom, som ein eigentleg burde seia på nynorsk, men eg får det ikkje heilt til for eg lyg jo ikkje. Eg veit om noko heilt fantastisk som kan gjera ekle dagar fine og som kan lura fram eit smil sjå kven som helst, til og med han læraren som eg hadde på ungdomsskulen som me kalla for smiley fordi me bare såg han smila ein gong.

I Frognerparken fins det ein stad litt oppe til høgre for monolitten, opp ein liten bakke med ei lita bu der ein kan kjøpa seg sorbet-is og anna fint. Der får alle hundar springa utan bånd, og gjera akkurat kva dei vil. Dei vil snusa! Og leika! Og mest av alt er dei glade og morosamme og rare, sånn at ein må le og smila og peika. I dag overhøyrte eg denne samtalen mellom to hundar:

-Du ser gamal ut! Kan eg lukta deg i rompa?
-Nei
-Eg gjer det likevel
-Javel då
-Du ER gamal, og liten!
-No er det nok, eg går til far
-Du har ete noko rart
-NEI!

Når eg blir stor skal eg ha ein hund, og den skal kanskje sjå slik ut:

3 kommentarer:

Hanne sa...

Ååå! En sånn vil eg og ha! Me kan ha an i kollektivet te høsten;-)

Eli sa...

hehe, den samtalen mellom di to hundane kan eg godt sjå føre meg!! honna e generelt lite opptatt av høflighet, har eg merka.

men hundaplenen i frognerparken e verkele heilt fantastisk! både tom og samson e enige i det. samson fekk masse sosialisering itte å ha vært på ferie i en liden oslo-leilighet, og tom slapp å gå så langt på tur akkurat den dagen.:)

Frøydis sa...

Hihi, eg ler når eg ser for meg store samson oppi alle dei små hundane!