Eg gjer meg sjølv eit klapp på skuldra - tenk at eg har gått eit halvt år utan å kjøpa klede! For å feira kjøpte eg meg ein premie, full av søte harepusar.
tirsdag 28. februar 2012
søndag 26. februar 2012
Is og gras
Sånn her såg København ut då eg flytta hit for to veker sidan. Eg leste kart for å finna ut om det her var ein sjø eller kva, og halve København hadde våga seg ut på isen for mellom anna å spela curling med feiekostar og gryter. Sånt likar eg! To veker seinare ser byen heilt annleis ut, våren kjem tassande og graset blir grønt. I dag såg eg til og med blomar i graset! Dessutan treng eg ikkje ta opp kartet på kvart einaste gatehjørne lenger. Hurra!
Kategoriar:
om København
lørdag 25. februar 2012
I want to ride my bicycle
Men det kan eg ikkje, for den er heima i Norge. Danskane er sjukt gode på sykling, og får nesten like mykje respekt i trafikken som bilane. Det verste ein kan finna på å gjera er å gå i sykkelfeltet, for der går det fort! Kvar dag ser eg utruleg mange fine syklar, og desse er eg spesielt misunneleg på:
Kategoriar:
om København
onsdag 22. februar 2012
Ut men inn
Eg bur i ein bunkers. Neidå, eigentleg er det ei blokk. På utsida tøffar ho seg litt, men på innsida har eg mjukna ho opp med blomar og soppespeil. Og fargeblyantar. Tenk at eg bur i København! Fytti katten.
Kategoriar:
om København
søndag 19. februar 2012
København!
Eg er bittelitt i himmelen. København er på ein måte himmelen. Eg har berre vore her i litt over ei veke, men eg byrjar å bli kjent med Københavnfrøydis, og ho er faktisk ganske bra! Her er nokre fine ting Københavnfrøydis har foretatt seg.
Og byrja på ny skule då, men det kan eg fortelja om ein annan gong. Ha ei fin veke, alle! Det skal eg!
| Eta hummussandwich og finna min nye stamkafé på ein gong |
| Vera glad, nøgd og litt trøytt på ein gong |
| Drikka fin og billig københavn-øl |
| Laga første middag på ny hybel |
| Gå på isen |
| Halda rundt den finaste kjærasten som ikkje skal bu i København |
| Vera meir på kafé. |
Kategoriar:
om København
mandag 6. februar 2012
Å hjelpes
På torsdag flyttar eg til København med ullsokkar og teskjeier og gitar, for å bli popstjerne. Neidå! Eg skal berre bli god til å synge. I nesten eit år har eg berre gleda meg og gleda meg til akkurat denne veka, men no når ho er her byrjar eg å lura på om det eigentleg kjem til å gå bra. Lille Frøydis i den store byen, i landet der eg kjennar ingen og på skulen der alle har mykje meir erfaring enn meg. Eg trøstar meg med at alt ordnar seg for kjekke jenter. Og at av og til så må ein berre hiva seg uti det, sjølv om ein kanskje må knipa att augene litt for å klara det.
Kategoriar:
om København
søndag 22. januar 2012
Å himmel
På fredag skulle me på familiemiddag i Mathiashuset, men først måtte me stoppa ein to tre fire gonger for å sjå på himmelen. Så herleg rosa. (og så fin kjærast!)
Kategoriar:
om fine augneblinkar
tirsdag 10. januar 2012
A room with a view
I haust fekk eg min eigen utsikt for første gong. Då reknar eg ikkje med den gongen eg hadde utsikt til carl berner-krysset, eller den gongen eg hadde utsikt til t-banen på makrellbekken. Eg meiner utsikt på ordentleg. Med tre og by og sjø på ein gong. Om ein månad dreg eg vekk frå denne utsikten, og då kan det jo vera fint å ha nokre visuelle minner når eg sit i eit Københavnsvindu å kikkar ned på trafikkryss og søppelbøtter. (no høyres eg litt klagete ut, men eigentleg så er eg nøgd berre eg har eit vindu, heilt sant).
søndag 1. januar 2012
Totusenogelleve
Året då eg budde i to forskjellige blokker. Kollektivblokka og kjærastblokka, begge med masse hjarterom og pusterom.
Året då eg ordna meg ein bachelorgrad, og lurte frykteleg på kva eg skulle bruka han til.
Året då eg fekk vera i mitt barndomsparadis saman med Mathias, og det endte med firehjuling i solnedgangen. Det blei til ein fin liten hellasfilm.
Året då eg gjekk seks månadar utan å kjøpe klede, og klarte meg ganske fint fordeom.
Året då me kjøpte scrabble. Scrabble <3
Året då eg gjekk på kafé, med mor, med Mathias, med scrabble, med notatbok og med meg sjølv.
Året då eg og Erlend laga litt musikk, og fekk lyst til å laga litt meir.
Året då mor kom på besøk fleire gonger, og var like søt og god som alltid.
Året då eg tok balletimar med Solveig. Me gjekk på litt øva, men eigentleg var me litt elendige. Og litt veldig fornøyde med å snurra rundt i ballettskoa våre.
Året då det vart jul i blokka vår, og me laga vårt eige pepperkakehus for første gong i historia.
Året med all kjærleiken. Klisskliss!
Tusen takk til de som kikkar innom av og til, de er så fine! No er det totusenogtolv og eg gler meg.

onsdag 21. desember 2011
Ting som er fine nett no
1. Fiskar som kyssar fiskekyss i fiskebolla
2. Å kjenna at det blir ein bra dag med ein gong ein åpnar augene
3. Å høyra på Sufjan Stevens si juleplate medan ein les aftenpoften som ligg og ventar utanfor døra
4. Å byrja på første sesong av Gilmore Girls. Igjen. Og igjen.
5. Julegavar som ventar på å få bli pakka opp
6. At det berre er to dagar igjen før eg får flyplassklem
7. Å lesa fine sitat som får ein til å tenka at alt er mogleg og at det kjem til å gå bra til slutt.

"If you can dream it, you can do it"
- Walt Disney
Kategoriar:
om fine augneblinkar
onsdag 14. desember 2011
Julestemning?
Om du treng litt ekstra julestemning, ein liten pause frå eksamenslesing eller berre har lyst til å gå på konsert, syns eg du skal koma på julekonserten vår i kveld! Eg syng i Trill vokalensemble, og me er eit jentekor som lagar masse fine lydar. Det blir litt jul, litt pop, litt madonna og kanskje litt pepperkaker. Eg gler meg! Meir info finn du her.
mandag 12. desember 2011
torsdag 8. desember 2011
Kvit glede
Åh, finaste snø! Eg måtte hoppa og hyla då han kom, fordi det kribla sånn i magen. I går gjekk eg tur for å kjenna korleis han knaka under skoa, og for å sjå på kor fint han har pynta trea. Lykke!
Kategoriar:
om fine augneblinkar
søndag 4. desember 2011
Lang sundag
Sundagar eignar seg godt til å gå tur, til å sjå på tv, til å spela spel. Og til skikkeleg mange andre ting. I dag har eg prøvd å få tak i nokre solstråler bak ein haug, tørka støv, og prøvd å lesa Anna Gavalda på fransk. Det er ikkje så lett, men eg blir skikkeleg glad når eg forstår kva det dreiar seg om. For eksempel om å eta middag med ein framand som ein nettopp har møtt, og så aldri sjå han meir. Hurra for desember og lange sundagar!
onsdag 30. november 2011
Scrabble
Det skjer ikkje så mykje om dagen. Eg jobbar, Mathias jobbar, me jobbar, og innimellom har me spelekveld og kafébesøk og museumstur og bakekveld. Kanskje den beste dagen var då me kjøpte Scrabble. Scrabble! Eg ler meg i hjel av scrabble.
Abonner på:
Kommentarer (Atom)