søndag 7. september 2014

Pluss og minus

Avstandsforhold. Noko av det kjipaste eg veit om! Og no har eg altså vikla meg inn i enno eit. Min finaste Mathias har vendt tilbake til Norge for å laga eksamensfilmen sin, og eg heng att i London for å synga litt meir. I den anledning tenkte eg at ei pluss-og-minus-liste var på sin plass, kanskje mest fordi eg treng å hugsa på at det faktisk fins eit par plussar.

- Å vakna om morgonen utan nokon som mumlesøv på sida
- Vondt i hjartet
- At det ikkje er nokon til å varma opp dyna på kalde kveldar (må kjøpa varmeflaske!)
- Å sjå ein rev eller ein rar pinne, og ikkje ha nokon å sei "sjå!" til
- Å laga middag til éin

+ Gjensynsglede!
+ Å ta sit-ups saman på skype
+ Å ligga midt i senga, gjerne i stjerneformasjon
+ Å samla opp kaféar og fine gater som eg kan visa fram på neste besøk
+ Å planlegga og gleda seg
+ Pakkar i posten med sjokolade og kjærleik i

Og når alt kjem til alt er eg jo svinheldig som har nokon å sakna i det heile. Trur eg skal legga meg i stjerneformasjon og eta litt sjokolade.

3 kommentarer:

Synne sa...

Jeg vet hvordan du har det! Store avstander mellom folk som er glade i hverandre er ikke noe gøy.
Likevel kan jeg legge til noen ekstra pluss-punkter, hvis du vil?
+ Å kunne spise mer av sånt man selv liker kjempegodt, men som den andre ikke er så glad i.
+ Å snakke sammen på Skype.
+ Å kunne kjøpe små gaver og planlegge overraskelser til den andre uten å være redd for at de skal oppdage det.
Varme tanker herfra!

Frøydis sa...

Ja til meir pluss! Den med å eta ting den andre ikkje er så glad i hadde eg glømt av. Ut å kjøpa mais!

June sa...

Ja, du er heldig som har nokon å sakne! Eg saknar nokon som eg ikkje veit kven er. Men litt fint det òg, for då kan eg jo tileigne vedkommande alt eg vil ;-)