onsdag 26. juni 2013

(No kjem eg snart)

I det siste har eg sakna Oslo meir enn alt. Oslo er den første byen eg har budd i, den første byen eg har vore student i, og den første byen eg rekna som min. Inni hovudet mitt bur det masse fine Oslominner som eg kikkar på innimellom, men det er jo ikkje heilt det same. Heldigvis skal eg på Osloferie om berre nokre dagar! Eg gler meg så mykje at eg har laga liste.
  • Dansa/vagga/smila til Frank Znort på Blå
  • Kjøpa makronar på Sebastian Bruno
  • Spela brettspel på Colonel Mustard
  • Rusla/jogga langs Akerselva
  • Sjekka ut mathallane
  • Skrapa kryssordflax
  • Drikka espresso på Kaffefuglen
  • Spela kubb i parken
  • Laga middag i det rosa huset
  • Synga høgt på øvingshotellet
  • Eta ei terte på Liebling
  • Gå på kjolejakt på UFF og Frøken Dianas salonger
  • Kjøpa ei bok på Tronsmo
  • Treffa dei beste eg veit

5 kommentarer:

Lindis sa...

Gøy å lese! Jeg blir fast Osloboer 12.juli og gleder meg sånn! :D

Synne sa...

Hvilken flott liste! Det er så mye fint å finne på i Oslo! Jeg gleder meg på dine vegne til å komme hit igjen, rett og slett fordi jeg selv syntes det var så hyggelig å komme tilbake - og du må gjerne si ifra om du har lyst og tid til å ta en kaffe en dag!

Maren sa...

Jeg hiver meg på Synnes kommentar! Det hadde vært skikkelig hyggelig om vi kunne ha tatt en kopp i samlet flokk :)

Frøydis sa...

Lindis: lykke til i Oslo!
Synne og Maren: eg er veldig med på ein kaffekopp, det hadde vore koseleg :)

June sa...

Lov meg at du aldri, aldri sluttar med dei notatbøkene dine!