onsdag 1. juni 2011

Ein liten grill

I går hadde eg og Mathias bestemt oss for at me skulle grilla i parken uansett kva. Kjem ikkje sommaren til oss må me koma til han, sa me. Neidå, me sa ikkje eigentleg det, men eg tenkte det i alle fall litt. Det gjekk som det måtte, tre lag med gensarar og ikkje ei sjel i syne. Men me var jo der. Og me hadde det fint! Så det.

Mathias var grillmester og laga marshmallows til forrett.
Eg sat berre der.


Banansjokolade!

No er eg i den sjuande himmel, for me har nettopp bestilt billettar til SVANESJØEN. I operaen. Fine billettar til berre 100 kroner, sånn at ein får bøya seg litt over kanten og sitja i tog. Det var skikkeleg få igjen, så om det er nokon andre som og vil vera i den sjuande himmel og sitja i tog så må dei bestilla snart.

3 kommentarer:

Ine sa...

Eg sat berre der. + Og var fin.

Åå, jeg vil også på Svanesjøen! Hvordan får man tak i sånne fine, billige billetter? :)

Maren sa...

Søte!

Frøydis sa...

På operaen sine nettsider. Like lett som å få tak i dyre billetter trur eg :)