mandag 17. januar 2011

Fem fine ting på F

Fruktsalat. Helst med litt vaniljekesam eller yoghurt i. Den under åt eg på nighthawk diner og det var kanskje den beste frokosten i heile fjor.


Filmar. Eg likar konseptet med å forsvinna inn i ei anna verd i ein og ein halv time. Og komma ut igjen med noko anna i tankane. Musikkfilmar treff meg hardast av alt, og Koret (eller Les Choristes) er ein fin og vond sådan. Litt sånn rampete sølvguttar.

kjelde

Fargar. Eg vil ikkje vera med på ei verd utan fargar.

kjelde
Familie. Nesten finast av alt. Eg har vore frykteleg heldig med min, og hadde ikkje bytta dei vekk for ein heil willy wonka-fabrikk ein gong. 

Søskenbarn og jul  (og det er dei som er høge)


Fransk. Språket og landet og filmane og maten og musikken. Alt som er franskt eigentleg.

5 kommentarer:

Kathleen sa...

Og frokost og forelskelse!

Hanne sa...

Du glemte Frøydis;-)

Silje sa...

Fruktsalaten så lekker ut, de har deilig milkshake også!

Anonym sa...

ja, du glømte jo den finaste F-en!! Frøydis!! og, hehe... det e geir og øyvind som e høge, eg bare joksa med møje hæla:) men det va et veldigt kosele bilde av oss <3

Anonym sa...

hilsen eli ;)