onsdag 5. mai 2010

Ho og han og eg under ei sky

I går kveld var eg på ein sånn konsert som ein berre blir med på utan at ein eigentleg veit kven som spelar, fordi ein som ein liker godt eller veldig godt treng nokon å gå saman med. Og noko nydeleg og magisk skjedde; eg vart forelska! I alle fall litt. Det var nesten berre glade tonar, oppvarmingsband som varma meg opp på innsida, fine tamburinar som eg aldri huskar namnet på, hår som flaug når ho hoppa på scenen og kanskje den største samlinga av låge gutar eg har sett i heile mitt liv. Så fint, og det kjendes som om eg stod under denne skya og akkurat der var alt perfekt.


Og dei som laga skya heitte She & Him.

2 kommentarer:

Anton sa...

Næmen det var jo en usedvanlig flott sky.

er den ensom

Frøydis sa...

Ho ser litt einsam ut, får ikkje leika med dei store svarte bølleskyene. Tenk om det finnes apartheid i himmelen òg.