søndag 18. april 2010

Harold and Maude

Det fins så mange grunnar til å sjå denne filmen at eg må laga eit heilt eige blogginnlegg. Ein grunn er at ein blir glad og trist og varm og rar, sånn som ein skal når ein ser på dei beste filmane. Ein annan grunn er at Maude er så vidunderleg og blomstersøt og morosam at eg ikkje kan anna enn å ønska langt ut i kvar finger at eg blir sånn som ho når eg er 79 år. Det er Pippi, bare at det er Maude, og eg skulle verkeleg ønska at ho fantes på verkeleg og gjekk rundt og stjal bilar og redda tre og samla på lukter og var bestemor mi.

Dessutan er det 20 pluss 79 og det er den finaste kjærleikshistoria som fins kanskje i heile verda. No seier eg ikkje meir.




3 kommentarer:

Liv sa...

Hei fine, fine Frøydis!
Forrige gang jeg var inne på bloggen din var for to måneder siden, og da hadde du ikke postet noe siden forrige mai. Og så plutselig har du begynt å poste masse fine innlegg igjen! Det er gøy. Nå er jeg din "follower" på bloglovin. :)

Du må lese hjartesmil og martotopia hvis du ikke allerede gjør det. Mine to favoritter. :D

Frøydis sa...

Fine Liv i australia! Eg leste heile det lange innlegget ditt, Australia er så fint! Litt trist at den neste plassen du skal bu er på Rena. Men det er litt fint og, for då kan eg koma og seia hei av og til :)

fredrikke dorothea bolette sa...

åååh. jeg elsker denne filmen.
en grunn til å se denne filmen er jo at cat stevens har heile soundtracket. åååh. jeg elsker den sånn.
han som spiller harold ser jo ut som ei porselensdukke. åååh. hihi.

/fredrikke