tirsdag 20. april 2010

Ikkje ein sånn tysdag

Tysdagar kan vera veldig lange. Det er mest fordi eg må stå opp heilt aleina og sjå med store små trøtte auge på han som får ligga under den varme dyna og purka så lenge han vil. Då blir det kaldt på ankelen og i hjarterota.

I dag er det tysdag, men det er ikkje ein sånn tysdag. Her er mine fine tysdagsaugneblink, ein skulle nesten tru dei var onsdagsaugneblink eller sundagsaugneblink.

- Då du ikkje ville skifta til treningsklede, for då måtte me gå i kvar vår garderobe og ikkje vera saman. Søt.
- Då me sprang som to galninga for å prøva å treffa den bittelille squashballen.
- Då eg måtte ligga på golvet for eg lo og lo og lo
- Då du skrudde på globusen og laga fint globuslys
- Då eg fekk ta leppepomade på ørkenlepper
- Då du bestilte bilettar til Paris sjølv om eg sa at eg ikkje hadde råd men du visste at eg hadde så lyst at du gjorde det likevel og eg var så glad og alt var så fint og det er det enno.


Å hald meg fast.

3 kommentarer:

Hanne sa...

Paris, Frøydis?:-D Bra tirsdag! Eg blei dynka i vann på jobb idag, ikkje fullt så bra:-P

Frøydis sa...

Har du våre i barnehagen igjen Hanne?

Hanne sa...

Nei, eg va hjemma hos de.. Litt lei av trening og fullt vannglass tilgjengelig..;-)