torsdag 16. september 2010

Du og eg og Paris








Me gjorde Paris på vår måte. Vår måte er å spela spel på kafé, å gå seg vill i endelause gater, å eta suppe med spisepinnar, å ha høgtlesing i fine parkar. Det er å synga opera i resepsjonen, å sjå sære filmar om menn som fødar fiskar og å drikka seg full på flyplassen. Men mest av alt er det å halda hender og kyssa på metroen og at det kiler i magen fordi det er du og eg og Paris, me høyrer saman og det kiler.

2 kommentarer:

Alvilde sa...

herlig!

sigrid agnethe sa...

og café chéri(e), herregud, café chéri(e).