tirsdag 29. juni 2010

Foreign Accent Syndrome

I min to år lange karriere som lingviststudent har eg lært særs mange unyttige, fleire interessante og nokre ganske rare ting om språk. Noko av det som fekk meg til å gapa høgast sist år, var då læraren min i fonetikk og fonologi fortalde om Foreign Accent Syndrome. Det er ein gong slik at språket styrast av hjernen, og dersom ein skadar hjernen kan ein også koma til å skada språket. Vanligvis betyr dette at ein kan få problem med å hugsa ord, med grammatikk, med uttale eller med forståelse. Afasi er ei samlebeteikning for slike vanskar. Ikkje så veldig rart eigentleg. Det rare er at i nokre sjeldne tilfeller har folk som har fått ein hjerneskade byrja å prata med ein annan aksent. Ei dame, til dømes, som var heilt norsk og snakka heilt vanleg østlandsmål, byrja etter eit slag å snakka østlandsk med engelsk aksent, eller det var i alle fall slik det høyrdes ut for alle andre. Hallo, går det verkeleg an?

Eg gapar framleis littegrann. Og blir stadig meir imponert over hjernen og alt han finn på.

Stille dagar

Eg skulle jo berre lesa litt, eigentleg berre bittelitt, og plutseleg kom det ikkje fleire kapitel. Det er fryktleg lenge sidan eg har lese ei heil bok på ein dag, og eg merkar at eg har sakna det, utan å vita det ein gong. Så om nokon skulle vera i beit, les Stille dagar i Mixing Part. Av fine fine Erlend Loe. Kanskje får det deg til å føla deg sånn her:

fredag 25. juni 2010

Kjærleik på foten

Plutseleg sto dei berre der, nederst i hylla på Fretex. Då eg stakk foten i forstod eg at det var ekte kjærleik.


<3

torsdag 24. juni 2010

Du

Du som aldri har budd på landet skulle vore der, stått så nært bålet at du måtte lukka augene og kjenna at kinna vart raude og varme. Du som aldri har tråkka i ein kuskit, du skulle ha vore der, sete tett inntil meg under teppet og klødd meg på ryggen, hardt, for å koma gjennom alle laga med klede. Du skulle ha sett på kuene, eg skulle tatt deg i handa og vist deg at dei ikkje er farlige, berre frykteleg nyfikne. Me skulle gått, eg fysst, oppå steingarden med sola som bada i sjøen og eg skulle snu meg og kyssa deg akkurat på det høgaste punktet der ein kan sjå nesten så langt ein vil i alle himmelretningar.

tirsdag 22. juni 2010

Eg og mor og Praha




fredag 18. juni 2010

Åh

Å gud. No sit eg her med den kjensla i magen som aldri vil la seg skildra, men som dukkar opp av og til, likevel. Så mykje som har hendt på så få dagar, springing og lyfting og synging og snakking, og først no, no er eg her med meg sjølv og kan føla på kva som foregår der inne. Så godt å berre stirra i veggen, eller ut vindauget, på tre som bøyer seg så langt at dei så vidt klarar å klamra seg fast. Lukkeleg. Det er det eg er, på min måte, slik som alle andre må vera lukkelege på sin måte. Og i morgon skal eg tusla i gamle gater med kina-skoa medan mor er oppgitt og nesten litt sint og spør for fjerde gong kvifor eg ikkje har tatt med meg betre sko til Praha.
Åh, Praha.

søndag 13. juni 2010

Laurdag

Eg vakna og var glad inni meg, sjølv om det var tidlegare enn det burde vera og sjølv om fest vart til narchspiel ein gong seint seint seint for dei som bur berre to meter over hovudet mitt.

For i går var fin, så fin at ho får ei liste.
- sitja i vindauget og sjå på trikkar utan tak
- ligga på golvet og snakka om hukommelse og fis
- sjå på Pippi og tenka på korleis barneauge ser ting på andre måtar
- fortsetta å eta sjølv om magen er full og beltet er tatt av
- sjå gravid ut når ein skal setja seg i sofaen
- sjå på Gilmore Girls og ikkje få med seg nokon ting fordi ein kjem på nye ting å spørja om som ikkje kan venta
- dansa utan musikk og lukta på tigerbalsam etterpå

onsdag 9. juni 2010

ISBILEN!

Isbilen har byrja å klinga på litt rare tidspunkt, akkurat når eg nettopp har sagt Å eg har lyst på dessert, for eksempel. I dag gjor han det igjen, og nett no sym ein lakrisis rundt i magen min. Det må jo vere eit teikn frå is-guden, ikkje sant?



Hei sommar <3

tirsdag 8. juni 2010

Døs

Eit bittelite ord, mykje mindre enn maraton og heisreparatør, og ei av dei finaste kjenslene eg veit om. Helst om morgonen, når du ikkje har opna augene, og let som du søv for å lura deg sjølv sånn at du kan ligga litt lenger, snu deg litt meir, krypa litt meir samen og kjenna på armen som har smyge seg rundt magen berre litt til.

På innsida av augelokka mine ser det kanskje slik ut:



Bilete henta frå her

lørdag 5. juni 2010

Gut tut fut sprut knut lut stut grut nut



Ja for tenk at eg er den heldigaste jenta!
Sjå berre kor fin han er <3
Og så har eg rima litt, for av og til kan me sitta og rima på det same ordet superlenge og det er eit av nøtteskala me passar inn i. Og når han les dette kjem han til å finna enda fleire ord som rimar, galningen.

torsdag 3. juni 2010

Dikt?

Kva
om månen trilla ned på jorda
Og sola gløymde å stå stilt

Skulle jorda bry seg då?

Pingu



Då eg var lita elska eg Pingu. Han snakka ikkje norsk, men eg forstod nesten alltid kva han ville likevel, og det syntes eg var frykteleg smart av meg. Eg skulle nok ha likt å vore ein pingu, ete plastelinafisk heile dagen og kjefta med trompetmunnen på han kjipe selen som alltid laga krøll, men som var snill til slutt, happy ending er ikkje klisjé på barne-tv. Men kaldt då. Is og sånn. Og iglo! Eg skulle hatt ein varm iglo som berre smelta akkurat når eg var tørst og haldt fram glaset mitt. Og så skulle eg berre aka heile dagen og gått på skøyter, aldri skitur men masse kvikklunsj. Og kjærasten min skulle vore den kjekkaste pingukjærasten i heile pinguland, som kunne fanga tretten plastelinafisk mens han aka baklengs ned den brattaste bakken og song pingusangen mens han plystra.

Om du er trøyt og glad, sånn som eg, kan du òg drøyma om å vera ein pingu. Det kan eg nemleg anbefala.

tirsdag 1. juni 2010

Kjolesesong

Før var eg gutejente med guteshorts og kort hår, no er eg jentejente med leppestift og halehår. Og kjole! Her ein dag kjola eg meg sånn her:



Og nett no er det berre seksten timar til eg er ein fogel og skulen er ein maur.

Ikkje dra i meg

Eg har litt av alt inni meg i dag. Eg er så glad at eg slår hjul og ser stjerner og eg er så sint at eg ropekjeftar på han eg likar mest av alt berre fordi han ikkje høyrer kva eg seier. Eg vil sitta stilt bak ein skjerm og gjøyma meg for alt som finns, og eg vil springa så fort at alt fyk forbi og alle ser.

Photobucket




Men det går bra altså.