fredag 21. desember 2012

Snø?



Eg skulle berre seia at no er det jul. Det må det vera, for eg er heime i Norge, og her ligg snøen og ventar på meg. Midt i mitt vakre vestland, som vanlegvis diskar opp med vind og regn i jula. Det skal bli godt å varma seg framfor peisen, å eta lussekattane mor har spart til meg, og å treffa familie og gode vennar. Julemagien byrja med eit par nye sko (raude og varme), og ein fantastisk magisk julekonsert med Bugge Wesseltoft. Fint!

onsdag 12. desember 2012

12.12.12 (24 år)

I dag er det bursdagdag! Det er den finaste dagen eg veit, for eg får gjera berre fine ting og eta berre gode ting. Så langt er planen å gå på skøyter, besøka naturhistorisk museum, eta kake, drikka øl, og ha konsert saman med Londonkoret. Eg håpar at alle får ein skikkeleg fin dag og unnar seg noko fint, om ikkje anna fordi det er 12.12.12. Hurra! 

fredag 7. desember 2012

Samvittigheten er ei bøtte med vatn

Hihi! Det siste eg og Mathias gjorde før me flytta til London, var å spela inn kortfilm. Saman med nokre andre finingar hadde me 48 timar på å laga noko som kunne passa til ordet straff. Det vart blaut. Og kjekt! Og truleg den einaste gongen eg kjem til å vera med i ein kortfilm. Her er han i alle fall, med litt Oslosommar på kjøpet.

søndag 2. desember 2012

Der var du jo, desember





På vår nye kommode står tre julekalendarar, Sufjan Stevens syng om snø, og i vindauget er det raude lys i plassen for kvite. Desember vinn over dei andre månadane fordi han inneheld advent, jul og bursdag på ein gong. Eg feirar at han er her med min bestaste julekjole!