fredag 30. april 2010

Horisonthelg

Eg har funne horisonten, hurra!
Den har våre langt borte lenge no, eg har gleda meg til å halde han tett inntil meg. I dag er det grøn og gul, det er kapitler som er ferdig lesne, musikk som dinglar i øyrene, blå himmel hvis ein snur seg og ei hand som skal leiast i gamle gater. Det er nesten ingen pengar, men kanskje akkurat nok til ei flaske med noko godt i og ein bitteliten makron.

onsdag 28. april 2010

Der eg skulle tru at eg kunne bu

Fine Mette Amalie skal ut av si lille leiligheit og inn på eit lite rom heilt i toppen av eit hus med utskjæringar på kantane. Eg har vore flink venninne og pesa og lyfta og tørka svette. I den verda der ingenting er som no, og eg ikkje bur saman med min nydelege halvdel skulle eg gjerne ha budd på det rommet. Litt fordi det fantes eit eige rom til klede, og det må vera frykteleg fint å ha. Litt fordi det var så høgt under taket at ein skulle få plass til alle tankane sine og litt til. Litt fordi det fantes eit bad med eit reint og reint vidunderleg badekar som ein kunne senka seg ned i og få raude kinn. Litt fordi på hjørnet låg ikkje kvafor bokhandel som helst, men den som søte Hanna jobbar i. Og litt fordi Frogner låg og lurte bak eit anna hjørne, og lokka med makronar og vandring med auge som kikkar opp.

Det er så fint å dagdrøyma. Det tenker eg aldri å slutta med, sjølv om eg har det så fint som ingen skulle tru at nokon kunne bu.

tirsdag 27. april 2010

Eg som glor

Det fins ganske mykje å sjå om ein berre kikkar litt meir. I dag kikka eg litt meir, og såg desse tinga då eg sat på bussen.

- Ein moped som køyrde på sykkelstien.
- Ein million forskjellige syklar. Dei fekk meg til å tenka på den sykkelen eg såg den gongen i det vindauget i København som ikkje vart min. Åh, kor eg saknar ho!
- Ein mann med regnboge på låret.
- Fem store tre som hadde plankar festa rundt stammen. Eg lurte fælt på om det var ein slags miljøkampanje men eg trur eigentleg ikkje det.
- Ein mann som grov opp noko frå jorda, eller grov noko ned. Bussen køyrde så fort at eg ikkje fekk sett kva det var og det gjorde meg frykteleg nyfiken.

Heilt til slutt kom eg heim til kjærleik og middag og eg vart så glad at eg bøyde armane mine i rare vinklar


I postkassa låg to bittesmå skattar som eg skulle få, den eine hadde til og med med seg ei lita eske som var sånn



Dette var ein special gift for you som fylgte med utan at eg hadde spurt. Mathias fekk ein mann med skjegg ovanfor korsryggen og eg fekk noko litt rart og ikkje så fint men kanskje littegrann morosamt

søndag 25. april 2010

Ei blokk, mange veggar

1. Kvinna med den store magen tek med seg hunden med dei store labbane ut på terassen. Terassetur er ikkje ein ordentlig tur, men det kan vera nok når ein har så mykje å bæra på og ingen som kan ta ei veske eller ein pose. Hunden bjeffar på mannen i gata fordi han lagar ein høg lyd som borer seg inn i øyra og set seg på ein plass som det er vanskeleg å nå. Snart blir det betre seier dama, men hunden høyrer ingenting lenger, alt er berre vonde lydar og gult gras.

2. Mannen med den store bilen sit i lenestolen med den eine armen på armlenet. Han lukker augene og høyrer ho som skramlar med muffinsformar og kakedeig og oppvaskkost og ho ler når ho får skum på haka og kjem ut til han for å visa, han åpner augene og ho står ikkje der, er ikkje der, ler ikkje. Ein hund bjeffar og han lukker augene att.

3. Jenta med det rosa armbåndet spring ut på terassen og inn att, slår hjul på det lille golvet og kjem borti den store lampen med dei fine blomane, han knuser i åttiseks bitar. Ein av dei minste bitane har laga eit sår på foten. Det gjer ikkje vondt men ho grin, det er den finaste lampen ho veit. Ein hund bjeffar og armbåndet er borte.

4. Guten med alle kvisene sit i lag med datamaskinen sin. Dei har kjent kvarandre lenge, og datamaskinen veit meir enn alle dei andre. Det seier pling, og ho som sit i ei anna blokk sju mil borte seier eg bryr meg. Ein hund bjeffar men guten bryr seg ikkje.

5. Mannen med den lille kona som går med blomstrete kjolar sjølv om det er vinter kjem inn døra med ein liten pose i handa. Ho får eit kyss og eit stryk og det er lenge sidan sist. Ho tenner lys og dei et middag på golvet sånn som dei gjorde ein gong for lenge sidan. Ho opner posen, ein hund bjeffar og alt vert plutseleg mykje lysare, kven mala veggen grøn.

6. Kvinna med den vonde ryggen og dei lange rynkene lagar ingen lydar, berre når ho pustar. Hvis ho ikkje svarar trur dei at ho ikkje er heime, hvis ho ikkje reiser seg kan ho sitta stilt. Ein hund bjeffar, ho reiser seg og er heime likevel.

Augneblink som eg ikkje huskar fordi eg ikkje fantes

I dag er ein fin dag for å visa nokre gamle skattar eg har lånt av mor mi. Den aller finaste får eg ikkje lov å visa, men eg kan seia nokre ord som du kan lima saman til eit bilete oppi hovudet ditt: papirhatt, plante med augene att, flaskefargar, drikkeskål og brillebrolle. Tenk så heldige me er som kan laga bilete og filmar inni hovuda våre! Fine hjernen.



"Åmer i Harstad" står det bakpå dette bilete. Ein fin tittel i grunn.



Før i tida måtte ein vera to for å åpna ei vinflaske.



Der sit ho fine mor mi med ein annan kar som nok syns ho er ganske søt.



Nesten det beste bilete av alle, fordi det er akkurat ein sånn bil som eg vil ha, som mor mi hadde og solgte, fy. På baksida står dette:
"første ferjekø - me trudde det var ei bilulykke"
Eg lo.

lørdag 24. april 2010

Litt merkeleg og fint

Plutseleg har to av mine tre bukser bestemt seg for å riva seg opp akkurat på den same plassen. Eit teikn frå universet om at eg skal kjøpa kjolar og skjørt? Eg trur det. I dag har det vore skjørt, psykolingvistikk, italienske verb og klem, no skal det bli øl, sløyfe, besøk og kyss. Eg ynskjer meg så veldig ein squash-racket og fem nye kjolar som kostar ei krone kvar. Kan eg få det av deg universet?

torsdag 22. april 2010

Fine Louis som syng og dirrar

I Kina må du sova i stallen dersom du er 188 cm. Her er noko anna som får meg til å smila, kanskje deg og.

">

Om knappar og ping

Hvis eg hadde fått bestemma så hadde eg hatt ein mute-knapp bak øyra. Den skulle eg ha trykka på kvar gong eg ville tenka heilt for meg sjølv, kvar gong eg sat på t-banen og kvar gong Mathias såg på gamle science-fiction-filmar med altfor store edderkoppar og omlag tjueseks høge smell i minuttet. Men tenk om knappen hang seg opp? Ingen pusestemme som kviskrar i øyra når ein akkurat har sovna, ikkje nokon sangar som set seg fast på hjernen bare alle dei gamle som har vore der før, ikkje regn på ruta når ein lukker augene og ikkje noko som knaser når ein tygg på oreoskjeksen sin.
Ikkje noko ping i ping-pong?

Eg trur eg avbestiller den knappen der.

onsdag 21. april 2010

Tankar frå venstre og høgre hemisfære

Det luktar bakeri på alleslags plassar og der står det eit legotårn som sga bli høgast i verda. Makronane på Pascal er i alle fall ikkje like gode som dei på Sebastien Bruno, og det er fint å ha oppdaga noko slik at ein ikkje treng å oppdaga det igjen. Raud og blå er fine saman sjølv om det ikkje er syttande mai, og det fins kanskje litt for mange former av italienske verb til at det kan vera heilt nødvendig.

tirsdag 20. april 2010

Ikkje ein sånn tysdag

Tysdagar kan vera veldig lange. Det er mest fordi eg må stå opp heilt aleina og sjå med store små trøtte auge på han som får ligga under den varme dyna og purka så lenge han vil. Då blir det kaldt på ankelen og i hjarterota.

I dag er det tysdag, men det er ikkje ein sånn tysdag. Her er mine fine tysdagsaugneblink, ein skulle nesten tru dei var onsdagsaugneblink eller sundagsaugneblink.

- Då du ikkje ville skifta til treningsklede, for då måtte me gå i kvar vår garderobe og ikkje vera saman. Søt.
- Då me sprang som to galninga for å prøva å treffa den bittelille squashballen.
- Då eg måtte ligga på golvet for eg lo og lo og lo
- Då du skrudde på globusen og laga fint globuslys
- Då eg fekk ta leppepomade på ørkenlepper
- Då du bestilte bilettar til Paris sjølv om eg sa at eg ikkje hadde råd men du visste at eg hadde så lyst at du gjorde det likevel og eg var så glad og alt var så fint og det er det enno.


Å hald meg fast.

søndag 18. april 2010

Harold and Maude

Det fins så mange grunnar til å sjå denne filmen at eg må laga eit heilt eige blogginnlegg. Ein grunn er at ein blir glad og trist og varm og rar, sånn som ein skal når ein ser på dei beste filmane. Ein annan grunn er at Maude er så vidunderleg og blomstersøt og morosam at eg ikkje kan anna enn å ønska langt ut i kvar finger at eg blir sånn som ho når eg er 79 år. Det er Pippi, bare at det er Maude, og eg skulle verkeleg ønska at ho fantes på verkeleg og gjekk rundt og stjal bilar og redda tre og samla på lukter og var bestemor mi.

Dessutan er det 20 pluss 79 og det er den finaste kjærleikshistoria som fins kanskje i heile verda. No seier eg ikkje meir.




fredag 16. april 2010

Sol

No sit du der og legg gull på bildene dine, så dansar du ein blanding av aerobic og Mathiasdans sånn at eg smiler nesten heilt rundt hovudet. Eg er glad fordi me ikkje skal trena likevel, og for at sola treff bordet og lagar grøne prikkar på innsida av augelokka mine. Det er kjole og hopping og park og kafé og snop i fine fargar, og det boblar mellom magen og brystet, der som dei gode kjenslene ligg og lurar. Dei får lura så mykje dei vil.

torsdag 15. april 2010

Ting som eg elskar bittelitt


Kjolar, og dette er eit veldig godt eksempel på ein slik.



Høgtlesing er kanskje litt undervurdert. Du kan begynna med denne, eller Gummitarzan.



Og det må vera denne tannkremen. Dei andre brenn eg meg på.



Denne ringen laga eg då eg var 8 år, så den er nesten vintage. Mintage seier eg.



Finast av alle. SJÅ!

onsdag 14. april 2010

Fire kroner og litt meir

I dag hadde eg nesten ingen pengar att, og det var eigentleg ganske fint. Eg måtte tenka nøye på kva eg skulle bruka kroner på, og då vart det liksom litt spesielt kvar gong eg kjøpte noko. I framtida når eg er rik og har ballrom med sklie og sengerom og musikkrom med alle instrumenta i verda, skal eg ha ein sånn dag av og til så eg ikkje gløymer korleis ein teljer kroner. Det kan nemleg vera ganske nyttig.

Dette kjøpte eg:
- ein pose sprøstekt løk
- ei flaske corona utan lime
- ein dobbel espresso på Kaffefuglen

Okei, så hadde eg kanskje ikkje så lite pengar. Men plutseleg var det bare fire kroner att, og dei brukte eg på ein tippekupong med to halvgarderingar for det høyres så fint ut. Det gjeld å tippa på dei laga som bur nærme der ein kjem frå trur eg.


Dette bilete stjal eg frå google, og det visar litt av kor fint det er på Kaffefuglen. Eigentleg ser det mest ut som ei stove, men det bur ingen der, og så kan ein kjøpa alt som gøymer seg oppå hyllene og rundt omkring. Og espresso. Den er smelt-smelt-grr-grr-langt-bak-i-halsen-god.

tirsdag 13. april 2010

Om krig og fred og sånn

Eg har verdens søtaste kjærast som må kjøpa dvd-ar om natta inne på internett og nesten kvar gong han går forbi eit platekompani. Eg må ikkje det, eg smiler heller litt i plassen. Tenk så skummelt å vera soldat under andre verdenskrig seier han no, og det er eg heilt einig i. I filmar er det ingen som døyr utan at dei først har kjempa mot minst tretten troll med fem armar og ørner som slepp bomber med hengemyr i, og sjølv har dei seks spyd og piler stikkande ut av brystet og kneet. Eg er nesten heilt sikker på at dersom eg var med i ein krig, så eg hadde falt utfor eit fjell lenge før trollet hadde sett meg og ikkje fått bli med i filmen ein gong.

I min film skal det vera fullt av blå og grøn og lilla og gul, og det skal vera regnbogar og luftballongar og musikk som får ein til å grina og smila og kikka ut av vinduet. Det skal vera sol og regn som trommar på skråtaket i den lille hytta som er midt inni byen men likevel langt utanfor. Det skal vera snop under alle steinane og alle skal vera glade fordi dei nettopp har vunne hundre kroner på flaxlodd. Hundane og kattane kan snakka, og dei kan fortelja så magiske historiar at ein må knipa saman augene og le heilt nede frå navlen og opp. Eg kan alle språk i heile verda og eig så mange kjolar at eg må ha eit eige hus til dei, med sytten etasjar og heis som skiftar farge etter kva humør ein er i. Og alle får pakke i posten. Det kan vera at det ser litt sånn her ut:





søndag 11. april 2010

Glede på fire bein

Eg har ein liten hemmelighet eller løyndom, som ein eigentleg burde seia på nynorsk, men eg får det ikkje heilt til for eg lyg jo ikkje. Eg veit om noko heilt fantastisk som kan gjera ekle dagar fine og som kan lura fram eit smil sjå kven som helst, til og med han læraren som eg hadde på ungdomsskulen som me kalla for smiley fordi me bare såg han smila ein gong.

I Frognerparken fins det ein stad litt oppe til høgre for monolitten, opp ein liten bakke med ei lita bu der ein kan kjøpa seg sorbet-is og anna fint. Der får alle hundar springa utan bånd, og gjera akkurat kva dei vil. Dei vil snusa! Og leika! Og mest av alt er dei glade og morosamme og rare, sånn at ein må le og smila og peika. I dag overhøyrte eg denne samtalen mellom to hundar:

-Du ser gamal ut! Kan eg lukta deg i rompa?
-Nei
-Eg gjer det likevel
-Javel då
-Du ER gamal, og liten!
-No er det nok, eg går til far
-Du har ete noko rart
-NEI!

Når eg blir stor skal eg ha ein hund, og den skal kanskje sjå slik ut:

lørdag 10. april 2010

Besøk av fine

På torsdag stod det fire menneske inni den bittelille gangen vår. Der er det er akkurat plass til fire, men eigentleg ikkje. Når ein har besøk kan ein spela spel og drikka vin og eta brownies heile dagen utan å tenka på ting som ein burde ha gjort, vaska klede og klyppa tånegler. På tommelen min sit ein liten raud flekk som ikkje vil bort, og eg klarar ikkje å huska korleis han havna der. No kikkar ein baby inn vindauget vårt, og me ler og ler for ho ser ganske dum ut med flat nase. Me høyrer ikkje kva ho seier heller. Mathias tippar hei.

No nettopp har me våre på skattejakt og blitt trykka og dytta rundt omkring på eit loppemarked. Der var det mange skattar, og nokre av dei fekk vera med oss heim sjølv om me ikkje har plass. Det kunne kanskje passa med nokre bilete akkurat her, men det går ikkje når filmrullen sit inni eit gamalt kamera som ein må kikka ned i for å sjå kva ein tar bilete av. Besøk er i alle fall frykteleg fint.

torsdag 8. april 2010

Ymse

Finfint. Å plutseleg bli kyssa på kinnet når ein sit heilt i si eiga verd og tenker på snop og gule ballongar. Så kriblar det litt i magen, og ein dreg ut for å finna seg ein skatt eller kanskje to skattar, og det regnar litt men kva gjer vel det når ein har så fine gummistøvlar og kan hoppa i alle fall i dei små sølepyttane.

tirsdag 6. april 2010

Eg saknar.

varme armkrokar som luktar mannesvette
å laga kitling i magen
nase med naseplaster
lesing om haren som spring
å pussa tenner med deg
munnskyllevatn som drep insekt
kameraer
klede i sofaen på golvet under putene oppå stolen
hud utan klede
football manager kvar gong eit minutt er ledig
tårer som ikkje er triste, heilt motsatt
synging ikkje bare i telefonen
hobbitfot

Her er det mykje internt men det skal det vera. Hei du der i den lille leiligheita i den store byen, som eg saknar deg! I morgon kjem eg med kyss og bilete og kanskje noko anna som er til deg, fordi eg vil gje deg alt mogleg heile tida.

mandag 5. april 2010

Minimeg

Då eg var lita trudde eg at eg såg ekstra tøff ut hvis eg stod med beina langt frå kvarandre og hendene på hofta. Mest av alt ville eg vera gut og heitta Martin, så eg klippa håret kort og fekk rare blikk når eg gjekk på damedo. Eg drøymde om å vera i mannskapet til Kaptein Sabeltann, for der var jo Pinky, og han kunne eg godt lika. I senga mi budde kanskje tjueseks kosedyr som heitte Bella og Blåhans og Bomse og Raske, eg likte best Jonatan og difor var alle dei andre misunnelege. Me drog på speidertur under bordet i stova og på togtur inni kjøkkenstolane. Av og til var det ein bamse som brakk eit bein, han fekk bandasje og tran for det kan hjelpa på det meste. Finast av alt var å vera heilt åleine på garden til Mobråge og laga bondegard med dyr av kvistar og steinar og av og til eit rosa tyggispapir. Ein gris.

Eg huskar mange ting når eg kjem heim til Klepp. Her luktar det bæsj, akkurat som det skal gjera. Himmelsk.

Å bare

Å bare køyra midt på natta og synga så høgt ein kan.
Å bare gløyma at det fins andre mennesker og andre stader og andre kjensler.
Å bare tenka på ingenting som fyk forbi.
Å bare høyra på alt som er stilt.
Å bare sova.

søndag 4. april 2010

Fint

Det er så fint å koma heim til ho fine mor mi som steikar vaflar og stråler som ei lilla stjerne når ho ser at eg kjem ned rulletrappa på flyplassen. Inne på rommet mitt ligg det ei bunke med avisutklipp som ho har lagt der fordi ho trur eg kanskje syns dei er interessante eller fordi dei handlar om nokon eg veit kven er. I går viste ho meg bilete frå si viltre ungdomstid og ga meg gamle klede som eg ikkje passa fordi ho pleide å vera så tynn. Etterpå såg me krim og gjømte oss litt bakom kvarandre når me vart redde. Ein annan gong skal eg leggja ut eit slikt fint gammalt bilete der alle har store briller og må vera to for å opna ei flaske vin og dansar sving og har hattar med sitt eige navn på. Det blir fint.

fredag 2. april 2010

Terapi






torsdag 1. april 2010

Litt forandring bare

Sjå kor fint det har blitt her inne! Ute er det nesten bare grått, men her inne er det blått og fint og forandra. Eg pleier ikkje seie at forandring frydar fordi eg likar når ting er sånn som dei pleide å vera og når alt er trygt og godt. Det har eg tenkt å slutta med, i alle fall bittelitt.