søndag 25. april 2010

Ei blokk, mange veggar

1. Kvinna med den store magen tek med seg hunden med dei store labbane ut på terassen. Terassetur er ikkje ein ordentlig tur, men det kan vera nok når ein har så mykje å bæra på og ingen som kan ta ei veske eller ein pose. Hunden bjeffar på mannen i gata fordi han lagar ein høg lyd som borer seg inn i øyra og set seg på ein plass som det er vanskeleg å nå. Snart blir det betre seier dama, men hunden høyrer ingenting lenger, alt er berre vonde lydar og gult gras.

2. Mannen med den store bilen sit i lenestolen med den eine armen på armlenet. Han lukker augene og høyrer ho som skramlar med muffinsformar og kakedeig og oppvaskkost og ho ler når ho får skum på haka og kjem ut til han for å visa, han åpner augene og ho står ikkje der, er ikkje der, ler ikkje. Ein hund bjeffar og han lukker augene att.

3. Jenta med det rosa armbåndet spring ut på terassen og inn att, slår hjul på det lille golvet og kjem borti den store lampen med dei fine blomane, han knuser i åttiseks bitar. Ein av dei minste bitane har laga eit sår på foten. Det gjer ikkje vondt men ho grin, det er den finaste lampen ho veit. Ein hund bjeffar og armbåndet er borte.

4. Guten med alle kvisene sit i lag med datamaskinen sin. Dei har kjent kvarandre lenge, og datamaskinen veit meir enn alle dei andre. Det seier pling, og ho som sit i ei anna blokk sju mil borte seier eg bryr meg. Ein hund bjeffar men guten bryr seg ikkje.

5. Mannen med den lille kona som går med blomstrete kjolar sjølv om det er vinter kjem inn døra med ein liten pose i handa. Ho får eit kyss og eit stryk og det er lenge sidan sist. Ho tenner lys og dei et middag på golvet sånn som dei gjorde ein gong for lenge sidan. Ho opner posen, ein hund bjeffar og alt vert plutseleg mykje lysare, kven mala veggen grøn.

6. Kvinna med den vonde ryggen og dei lange rynkene lagar ingen lydar, berre når ho pustar. Hvis ho ikkje svarar trur dei at ho ikkje er heime, hvis ho ikkje reiser seg kan ho sitta stilt. Ein hund bjeffar, ho reiser seg og er heime likevel.

Ingen kommentarer: