mandag 29. oktober 2012

Tirsdag i timar

Eg blir alltid så fasinert når eg får vera med på nokon andre sin dag. Difor tenkte eg å ta dykk med på min tirsdag. Her kjem (nesten) alle timane, med bilete på. Hurra!

 09.30 Eg vakna av at Mathias var på veg ut døra. 
Han knytta skolisser mens han sang ein morgonsang.

10.30: Eg har vokse opp med at det må vera frukt til frokost. Modern Family er heller ikkje feil.

11.30: Der var eg. Ut på tur!

12.30: Kaffi på ein fin kafé i nabolaget vårt, saman med notatbok og bok.

13.30: Eg gjekk meg ein liten tur, for å pusta frisk haustluft og sjå på fine haustfargar.

 
14.30: Lunsj! Omelett med søtpotet og soltørka tomatar. 
Eg bør nevna at dette  ikkje er kvardagskost, sidan lunsjen min
vanlegvis er frokostblanding. Dermed vart tirsdag plutseleg ein ekstra fin dag.

15.30: Gitarspeling og låtskriving/rabling/hårriving

16.30: Eg traff Mathias etter han var ferdig på skulen,
og åt cookie til middag. Det kan eg, for eg er vaksen. Hihi!

 18.30: To timar seinare kjørte eg tuben til Elephant & Castle for å gå på mi første korøving.

21.30: Koret var heilt perfekt og så kjekt at eg gløymde av heile 
timeprosjektet. Plutseleg var me ferdige, og så var eg på tuben igjen.

22.30: Heime venta ein snill kjærast med øl. 

00.00: Dagen slutta med neglelakk som burde fjernast, og med min venn Harry Potter.


lørdag 27. oktober 2012

Piano

Ein av mine største bedriftar i London er at eg har bygga eit piano. Av papir og lim. Utan bruksanvisning! No står det i vindauget og flottar seg, og passar på at leiligheten vår er fin.

lørdag 20. oktober 2012

Hausthår

Plutseleg sto me på badet. Eg med eit håndkle rundt skuldrene, han med ei flaske hårfarge i hånda. 

onsdag 17. oktober 2012

Besøk

Til slutt fant hausten London. Men var heilt greit, for det gjorde Hanne òg! Dei siste dagane har vore pusterom med mjuke kaféstolar, mimring om videregåande, og vin i sofaen under dyna. Eg føler meg veldig priviligert som har fått ha ein Hanne på luftmadrassen på golvet, som lagar te til seg sjølv og som ikkje er einig i definisjonen av marineblå.

Hanne og Frøydis i 2007. Tenk på det, Hanne!

onsdag 10. oktober 2012

Sånne ting

Dei siste dagane har eg kjent på korleis det er å ha fri når ein eigentleg burde jobba. Dessutan har eg farga håret, prøvd å finna spelekameratar, laga gode vegetarmiddagar og sett på ungar som leikar utanfor vindauget (vår nærmaste nabo er ein barneskule, hihi). Eg har det fint, men saknar å kunne senda melding til nokon og seia hei. Skal me spela minigolf? Blir du med på kafé? Sånne ting.

fredag 5. oktober 2012

5 seriar

Eg er litt veldig skikkeleg glad i tv-seriar, og i år har eg funne fleire nye favorittar. Eg tenkte at eg kunne dela litt! Og om det er nokon som har ein serie å anbefala, blir eg veldig glad. Her er mine favorittar frå 2012, mest nytt, litt gamalt.

Link
1. New Girl
Trur eg har nevnt denne serien før, og det må vera fordi eg ikkje får nok. Morsom og søt, og full av klede som eg vil eta opp. Hvis eg skulle hatt ein jentekjærast, skulle det vore Zooey Deschanel.


Link
2. Six Feet Under
Dette er meg og Mathias sin kjærastserie, den me ser på når me et middag, og før me legg oss. No er me på fjerde sesong, og det er fortsatt like bra. Og då meiner eg superbra. Makabert og sårt og varmt og kaldt. Og så får eg alltid lyst til å farga håret raudt når eg ser Claire.

Link
3. Girls
Denne serien blir eg glad av, mest fordi han er morsom på ein klein måte, og fordi han er ærleg på ein måte som eg ikkje heilt har vore borti før. Om jenter, av jenter. Det likar eg.

Link
4. Bunheads
Ein serie eg alltid kjem tilbake til, er Gilmore Girls. Då eg fant ut at Amy Sherman (som laga Gilmore Girls) har begynt på ein ny serie, vart eg gira. Og veldig glad då det stadig dukka opp skodespelarar frå Stars Hollow! Stikkord: ballett, superraske samtalar, småby, rare karakterar.

Link
5. Just Desserts
Okei, eg har ein ting for realityseriar. Spesielt dei som involverar ein konkurranse av noko slag. Eg kan for eksempel nevna at Top Model og Project Runway er mine favoritt-guilty pleasures, hihi. I vår kom eg over Just Desserts, der konditorar konkurrerar i å laga dei beste dessertane. NAM. Nytas best saman med kake, is og sjokolade.

Bileta er linka.