fredag 28. juni 2013

Sun up

God morgon! Før eg flyr til Norge og lar internett sova, tenkte eg å visa fram demoane våre! Med litt flaks og litt pågangsmot fant eg fire engelske guttar som ville laga musikk med meg. No heiter me Sun up, og her er to sangar som me har pusla med i det siste. Eg er så glad for å endeleg få visa dei fram, og håpar at de liker dei i alle fall bittelitt!


onsdag 26. juni 2013

(No kjem eg snart)

I det siste har eg sakna Oslo meir enn alt. Oslo er den første byen eg har budd i, den første byen eg har vore student i, og den første byen eg rekna som min. Inni hovudet mitt bur det masse fine Oslominner som eg kikkar på innimellom, men det er jo ikkje heilt det same. Heldigvis skal eg på Osloferie om berre nokre dagar! Eg gler meg så mykje at eg har laga liste.
  • Dansa/vagga/smila til Frank Znort på Blå
  • Kjøpa makronar på Sebastian Bruno
  • Spela brettspel på Colonel Mustard
  • Rusla/jogga langs Akerselva
  • Sjekka ut mathallane
  • Skrapa kryssordflax
  • Drikka espresso på Kaffefuglen
  • Spela kubb i parken
  • Laga middag i det rosa huset
  • Synga høgt på øvingshotellet
  • Eta ei terte på Liebling
  • Gå på kjolejakt på UFF og Frøken Dianas salonger
  • Kjøpa ei bok på Tronsmo
  • Treffa dei beste eg veit

torsdag 20. juni 2013

Afternoon tea

Eg kjem ikkje på så mange ting som er meir engelsk enn afternoon tea. Ein kan jo ikkje driva og bu i London utan å ha vore med på det, så me pynta oss og undergrunna oss i veg til vest-London. Nam nam hurra! Eg fekk til og med ned ein kopp te utan å laga meir enn tre grimasar. Ny rekord!



lørdag 15. juni 2013

To ting

Her fins det ikkje nokon samanheng, berre eit fargerikt mellommåltid på sjølvaste Klepp-duken, og ein liten promotering for ein flink kjærast som skal regissera kortfilm. Ein litt småskummel science-fiction-kortfilm om in vitro-kjøtt, som eg gler meg til å sjå!







søndag 9. juni 2013

Sundagsglede #6

Sundag er ein bra dag for å ha bandøving! Eg har ikkje sagt så mykje om det, men eg har vore så heldig å finna fire engelskmenn som vil laga musikk med meg. Det er første gong eg speler i eit ordentleg band, så det er litt skummelt, men mest av alt finfint. No har me spelt inn vår første demo, og om ikkje så lenge skal me visa han fram. Det gjer meg kriblekribleglad!

Det som må vera verdens søtaste forsterkar

søndag 2. juni 2013

Greenwich


På fredag hadde me fill-in-the-blanks-dag. Det betyr at me reiser til plassar på kartet me ikkje har vore før. Når eg seier fill in the blanks så høyres det ut som me har vore nesten overalt, men det er altså langt frå sanninga. Skikkeleg langt. Det eg eigentleg skulle seia var at Greenwich viste seg å vera veldig fint! Ein liten landsby i byen, nesten. Me krabba oss opp til observatoriet på toppen av Greenwich Park, og fekk solnedgang og full baluba. Kanskje ikkje så mykje baluba, men i alle fall litt frisbee. Eit bra Londontips til feriefiningar!