onsdag 5. november 2014

Hausten inni telefonen

Eg har laga meg litt for sterk kaffi og sit på heimekontoret mitt. Eg har på meg ein strikkegenser som er litt for stor, men akkurat passe varm. Eg har brukt formiddagen på å synga så høgt at naboane trampa i golvet, og seinare skal eg eta det eg trur blir ein over middels god burger. Det er haust utanfor vindauget og inni telefonen min. Her er beviset!


Min nærmaste park har nokre blad igjen, så eg passar på å gå gjennom han før han blir heilt naken.


Eg har pynta veggen min i frykt for å bli snøblind på alt det kvite


Eg har klemt lufta ut av ein sårt etterlengta kjærast i eit haustpynta Oslo



Og plukka blåbær på strå til hyttefrokost



Eg har fått kriblande fingrar av å gå på på legoutstilling


Eg har laga middag på skype med Mathias og pizzafisken


...og prøvd å matcha hausten. Hurra for ullsokkar!

mandag 13. oktober 2014

Monday blues

Regn på ruta, treige brødristarar og skohælar som fell av. Heldigvis fins det òg nytrakta kaffe, tepper med armar og sudokuar som går opp. Så eg trur denne mandagen går i null.



søndag 7. september 2014

Pluss og minus

Avstandsforhold. Noko av det kjipaste eg veit om! Og no har eg altså vikla meg inn i enno eit. Min finaste Mathias har vendt tilbake til Norge for å laga eksamensfilmen sin, og eg heng att i London for å synga litt meir. I den anledning tenkte eg at ei pluss-og-minus-liste var på sin plass, kanskje mest fordi eg treng å hugsa på at det faktisk fins eit par plussar.

- Å vakna om morgonen utan nokon som mumlesøv på sida
- Vondt i hjartet
- At det ikkje er nokon til å varma opp dyna på kalde kveldar (må kjøpa varmeflaske!)
- Å sjå ein rev eller ein rar pinne, og ikkje ha nokon å sei "sjå!" til
- Å laga middag til éin

+ Gjensynsglede!
+ Å ta sit-ups saman på skype
+ Å ligga midt i senga, gjerne i stjerneformasjon
+ Å samla opp kaféar og fine gater som eg kan visa fram på neste besøk
+ Å planlegga og gleda seg
+ Pakkar i posten med sjokolade og kjærleik i

Og når alt kjem til alt er eg jo svinheldig som har nokon å sakna i det heile. Trur eg skal legga meg i stjerneformasjon og eta litt sjokolade.

fredag 1. august 2014

Lyd

Eg lagar ikkje så mykje lyd her inne, men i det siste har eg har laga desto meir lyd andre plassar. Eg har dyppa tærne i havet, hatt besøk av mi fine mor, og kjørt land og strand i ein bil full av gitarar og symbalar. Sommaren! Me har og rukke å spela inn vår første musikkvideo, som min beste Mathias har regissert. Den er full av hender! Eg kryssar fingrane for at sommaren held seg lenger enn lengst, og for at kaffien snart er klar.



torsdag 12. juni 2014

Brighton

Kvifor har me ikkje vore her før? Eg og Mathias kjørte tog frå London, og då me kom ut på plattformen boksa sommaren oss i fjeset. Magen min var glad og kriblete fordi han skulle spela konsert om kvelden, og fordi han hadde veldig lyst på kake. Det fekk han! I tillegg fekk han ein genser med firkantar på, og jammen vart det ikkje pizza på han òg. Så gjekk eg hen og forelska meg i enno ein by. Brighton, me snakkes.






tirsdag 20. mai 2014

Palmesus og makronar


Hei ifrå palmeland! Eg er på ferie i Cannes, omringa av palmer og filmfolk som spring frå den eine filmen til den andre. Eg spring ikkje så mykje, men et desto meir makronar og baguettar. Snart skal eg tilbake til London for å finna tilbake til kvardagslivet, men først skal eg drikka litt meir øl. Hurra!

mandag 28. april 2014

Finaste København

Av og til får eg Københavnabstinensar. I byrjinga av april var det så ille at eg berre måtte gje etter, og me landa blant danske samtalar og danske hus og danske pølsehorn. Me fann ein leilighet med fint lys på airbnb, og så var livet perfekt i fire dagar. Håper me snakkes igjen snart, København!






mandag 24. mars 2014

Våren våren våren

Våren, du er så bra! Eg er glad for at fine folk finn veien heilt til London, og for at eg om ei veke sit og dinglar på eit fly til København. På tide med ein liten vårdans!



lørdag 15. mars 2014

Ting som har gjort meg glad i det siste


Rosa tre er verkeleg aldri feil.


Rolege kafebesøk med yndlingsmagasinet mitt


Minipannekake!

Fine ord om musikken vår som eg nesten måtte grina av. Her og her.


Å få trena yoga i ei gammal kyrkje (og få garderoben heilt for meg sjølv!)

At eg klarte å posjera mitt første egg. Små barn, store eggegleder.



Dette mennesket, alltid alltid alltid.

onsdag 5. mars 2014

Fint med frilans

Å sova ein ekstra time på dei dagane ein verkeleg treng det.

At det ikkje fins kleskoder og at det er heilt okei å kjøra på med pysjbukser og leppestift om ein kjenner trangen.

At ein kan lata som det er ein del av jobben å testa ut nye kaféar.

At det er skikkeleg kort til do og at ingen har tissa på golvet.

Å ta syngepausar når ein vil (og at naboen av og til syng med).

Å trekka frå gardinene og kikka ut på dette kvar morgon.





tirsdag 25. februar 2014

Tirsdagsmusikk

God morgon! Eg syns at denne tirsdagen passar bra til å setta av fire minutter og tjue sekund til å høyra på ein heilt flunkande ny sang. Rett frå ovnen! Eg veit til og med kvifor ein ovn han kjem frå, for eg har baka han sjølv. Håpar de liker han!
 

mandag 17. februar 2014

Gjørme, søtpotet og tårer i augene

Denne helga har London smilt og smilt. Eg har fått gjørme på skoa, søtpotet i magen og tårer i augene. Av og til treng ein berre å klatra i eit tre.

Gjørme:



Søtpotet:




Tårer i augene.




fredag 31. januar 2014

2013

Før 2014 kom 2013. Og før internett kom notatboka! Her er nokre augneblink frå mitt 2013.













søndag 26. januar 2014

2014

2014. Der var du jo! Og her er eg. Eg har gøymt meg litt frå internett den siste månaden, men no har eg funne veien tilbake. I år skal eg læra meg å lika oliven, og koka eit posjert egg for første gong. Sånn her har dei første vekene i 2014 sett ut. Eg håper resten blir like fine!








Kattekos, MONOPOL, boksikling, øldrikking, gatevandring, frokostkos, fargerik onsdag og fine kaféveggar.