onsdag 5. november 2014

Hausten inni telefonen

Eg har laga meg litt for sterk kaffi og sit på heimekontoret mitt. Eg har på meg ein strikkegenser som er litt for stor, men akkurat passe varm. Eg har brukt formiddagen på å synga så høgt at naboane trampa i golvet, og seinare skal eg eta det eg trur blir ein over middels god burger. Det er haust utanfor vindauget og inni telefonen min. Her er beviset!


Min nærmaste park har nokre blad igjen, så eg passar på å gå gjennom han før han blir heilt naken.


Eg har pynta veggen min i frykt for å bli snøblind på alt det kvite


Eg har klemt lufta ut av ein sårt etterlengta kjærast i eit haustpynta Oslo



Og plukka blåbær på strå til hyttefrokost



Eg har fått kriblande fingrar av å gå på på legoutstilling


Eg har laga middag på skype med Mathias og pizzafisken


...og prøvd å matcha hausten. Hurra for ullsokkar!

6 kommentarer:

Lindis sa...

Fin bildeveggen din er! Har lyst på en sånn jeg også! Herlig at du synger så høyt at naboene tramper! :D

June sa...

Hallo, du er best! Og fin klesstil :)

Frøydis sa...

Hei, de er fine! Eg kan anbefala både bildevegg og naboplaging :)

Synne sa...

Åh, så heftige lego-bilder! Dette ser ut til å ha vært en fin høst så langt, og jeg håper den fortsetter i det samme koselige sporet. Hurra for høy sang, varme klær og inspirerende ting på veggen!

nordbygdene.net sa...

Å, eg elskar naboplaging, og driv sjølv med det dagleg. Du er kul!

nordbygdene.net sa...

Å, eg elskar naboplaging, og driv sjølv med det dagleg. Du er kul!