tirsdag 29. mars 2011

Ein dag delt opp i punkt

  • vakna opp til mitt eige sure fjes, høyrte på vampire weekend på banen og tok meg sjølv i å smila sånn heilt utan vidare.
  • slapp ein fis på lesesalen, men lata som ingenting
  • forelsning i psykologiens historie, fekk bekrefta at eg er betre venn med nåtida
  • pause i forelesninga, fann ein tom krok med eit stort vindu og drøymde meg til ei blomstereng 
  • hadde 1,19 kroner på kortet, fann ein reddande engel som baud på middag og sitrongele til dessert
  • prøvde å laga fine tonar saman med Erlend og pianoet
  • kraup opp i senga mi med postmann pat-dyne og ei bok, åt sjokolade berre fordi ingen kunne seia at eg ikkje fekk lov (og fordi det smakar godt)
  • eg har ikkje sovna enno så dette er ein spådom : sovna med elefanton i armane, gløymte ikkje å sette på vekkerklokka.

Sunflowers at Lake Mary

søndag 27. mars 2011

Sol i hjartet

Å lesa ut saman er ein mindre aleine medan shakira syng og alle moglege menneske pratar om ingenting på den fine kaféen som ein kan sjå heile Carl Berner-krysset frå.

Sundag <3

fredag 25. mars 2011

Flettefint


O lykke! For første gong i livet (!) har eg langt nok hår til å laga heidifletter. I alle fall nesten.

onsdag 23. mars 2011

Ein ørliten købensvipp

Mathias har ein snill far som ordnar gratis billettar i hytt og pine, og i helga ordna han oss heilt til København med danskebåten. København! Sånn her såg det ut:


Lange slangegangar som gynga under føtene.


Mathias bestilte noko smugt som godt kan vera ein jentedrink, blå og fin med skvulp i glaset.



Den finaste restauranten med frokost i små krukker som me fekk blanda heilt sjølv.


Eg fekk to nye legovennar.


Mathias ville berre eta alt.


På gamle-klede-jakt med små skattar som gøymde seg i lommane.



Gurkemeiebrød og kryssordflax på dansk, tenk det! Me vann tretti kroner, men gløymde å casha dei inn.


Og så litt paradisis med lakrissmak. Ikkje feil, frykteleg fint og det var den turen.

lørdag 19. mars 2011

Laurdagslykke

Å vakna til lyden av eit anna menneske som pustar

Å hugsa at det er han som pustar

Å kjenna at asfalten har kome attende under skoa

Å sjå ein dokumentar om gamle menneske som er så søte og fantastiske at ein må smila i ein og ein halv time i strekk

Å kjenna varmen frå ei hand utan vott

Å laga mat i kveldslys saman med fine vennar

Å sovna til lyden av eit anna menneske som pustar

Sunshine...

torsdag 17. mars 2011

Kvalitetsunderhaldning



Eg ler meg i hjel av det her. Kan nokon hugsa at Max Mekker var så morosam?

tirsdag 15. mars 2011

Barneord

Sist gong eg var heime på Klepp fann eg ei bok frå barneskulen, full av snirklete løkkeskrift og teikningar. Det er rart å tenka på at eg har vore så lita, at eg har tenkt på ein heilt annan måte enn eg gjer no. Det einaste som dessverre ikkje har forandra seg mykje sidan 1996 er teikningane. Heldigvis har eg oppdaga dei dob(b)le konsonantane!

i fårigår fik eg en ring og en kulerame

- eg likar å rule i greset. eg likar å klate i tre. eg likar å håpe strik.

- gutane får bank vis dei erter.

Akkurat så rar.

søndag 13. mars 2011

Mmm, sundag

Eg skulle berre seia at eg er så sjukt lukkeleg. Og gratulerar med dagen til det finaste som nokon gong har hendt meg.

torsdag 10. mars 2011

Eit postkort er noko heilt lite som trivs særskilt godt på veggar og i postkassar

Eg må nesten alltid kjøpa med meg ein postkortvenn når eg er i eit anna land. Dei finaste får henga på veggen, og dei plar vera av gamle menneske som et, jenter som lyfter på skjørtet, pippi, eller folk som visar fram alle fiskane dei har fanga. Menneske er noko av det finaste som finns å sjå på, og det er psykologiboka mi einig i. Ho seier at bittesmå babyar som nettopp har komt ut frå varmen foretrekkar å sjå på fjes framfor andre figurar. Genetisk forklaring, er ikkje det fint vel?

tirsdag 8. mars 2011

Hurra!

Hurra for alle oss jenter som er flinke og sterke og tøffe, som tørr sjølv om det er skummelt og som seier ifrå når det er nok. Me er fantastiske!

Birthday Cake

søndag 6. mars 2011

Apropos ballett

Fredag var ein fin dag på grunn av to ting.
Ein, eg åt ein himmelcoockie som var så god at eg klappa på innsida. Oslo city er ikkje akkurat yndlingsplassen min, men coockie, det kan dei.
To, ballett i operaen. På andrebalkong med hovudet utover kanten, med kriblekjensle i magen og frysningar på ryggen. Tidlegare har eg tissa på operadoen, og sjølv om det var fint så var det enno betre å få koma inn i operasalen. Me såg eit stykke som heitter Don Quixote, fullt med snurring og hopping og vindmøller og prinsessekjolar. Etterpå måtte me berre gapa, og Hilde snubla i trappa fordi ho nesten trudde ho kunne sveva. Ekte magi for berre ein hundrelapp, tenk det.

torsdag 3. mars 2011

Om snurring

Tiny dancer

Ein gong i sommar sa eg til Solveig: skal me byrja på ballett?
Og så gjorde me det.
No har me byrja på del to, får lov til å kalla oss litt øva sjølv om me eigentleg er litt kjempedårlege. Men evig fint er det, å høyra på pianomusikk og snurra til ein kræsjar i spegelen. Eg veit ikkje heilt om eg vil kalla det me driv med for dans så mykje som eg vil kalla det for bøying og snurring og flaksing. Og trening. Eg vert raud som eit granateple. Eg skulle berre seia det, at eg snurrar ein gong i veka og at eg anbefalar alle som vil vera bittelitt som Natalie Portman å gjera det same. Eg lovar at det ikkje veks ut fjør.

tirsdag 1. mars 2011

Og så på den første vårdagen og allting


Akkurat no skulle eg mest av alt hatt sjumilsstøvlar, ikkje sånne vanlege støvlar som sklir på isen og lagar sår i hånda. Nokon som har eit par stående?