tirsdag 28. juni 2011

Om luft som luktar godt

Eg brukar dei første sommardagane i Oslo til å pakka, drøyma om Hellas, pakka meir, vaska, jobba og ordna ting. Så alt det kjekke: kjøpa blomeskjørt, laga pannekaker med Mathias, gå på kafé, lesa i fine bøker, ikkje ha på strømpebukse, sjå Midnight in Paris på kino, kyssa. Om ein månad flyttar eg og Mathias inn i ein søt liten leilighet på Korsvoll, det er litt utanfor byen men fullt av trær og luft som luktar godt og fiskar i ei bolle. Fiskebolle!

søndag 26. juni 2011

Prestekragekjærleik

Sånt som gjer ein sundag litt ekstra fin; å finna akkurat sånne øyredobbar som eg har ønska meg i ei æve, på markedet på Blå.

onsdag 22. juni 2011

Augneblinkar i bevegelse

tirsdag 21. juni 2011

søndag 19. juni 2011

Hurra!

Hurra for ein fantastisk ferie i eit kvitblått land, hurra for å vere heime i Oslo, og hurra for at verdens finaste kor og flinkaste You and Me Alfred har konsert i kveld! Snart kjem nokre fine feriebilete, men før det må eg reklamera litt for noko som kjem til å bli ein skikkeleg fin sundagskveld på kafé Mir. I kveld klokka ni, om du treng litt positiv energi eller berre vil lytta til fine tonar. Meir informasjon ligg her. Eg gler meg!

mandag 6. juni 2011

HELLAS

Cos,Greece

Berre nokre få timar står mellom meg og azurblått hav, greske salatar, kvite hus og tsatziki. Tsatziki til det tyt ut av øyrene. Og kvitvin på terassen seint på kvelden. Eg gler meg til å symja i den nye kvitprikka badedrakten min, til å kyssa i skyggen av eit oliventre, og til å få sand mellom tærne og under armane og i rumpa. Hurra! Eg kjem attende med fine bilete om ei stund. I mens håpar eg at alle nyt sommaren!

søndag 5. juni 2011

Sommarvind


NO er det sommar for alle pengane, sommar mellom tærne og sommar på raude skuldrar. På laurdag var det musikkfest i Oslo, sushi til lunsj og pai til middag, nydelege menneske på alle kantar, og no er det berre fint. Finast av alt; på tirsdag reiser eg og Mathias til Hellas, og det er faktisk berre ein dag til. HURRA!

torsdag 2. juni 2011

Hei, morgon!

Det som er fint med å vera stor og bu for seg sjølv, er at ingen kan seia at det ikkje er lov med donut til frokost. Ha ein fin dag!

onsdag 1. juni 2011

Ein liten grill

I går hadde eg og Mathias bestemt oss for at me skulle grilla i parken uansett kva. Kjem ikkje sommaren til oss må me koma til han, sa me. Neidå, me sa ikkje eigentleg det, men eg tenkte det i alle fall litt. Det gjekk som det måtte, tre lag med gensarar og ikkje ei sjel i syne. Men me var jo der. Og me hadde det fint! Så det.

Mathias var grillmester og laga marshmallows til forrett.
Eg sat berre der.


Banansjokolade!

No er eg i den sjuande himmel, for me har nettopp bestilt billettar til SVANESJØEN. I operaen. Fine billettar til berre 100 kroner, sånn at ein får bøya seg litt over kanten og sitja i tog. Det var skikkeleg få igjen, så om det er nokon andre som og vil vera i den sjuande himmel og sitja i tog så må dei bestilla snart.