onsdag 21. desember 2011

Ting som er fine nett no

1. Fiskar som kyssar fiskekyss i fiskebolla

2. Å kjenna at det blir ein bra dag med ein gong ein åpnar augene

3. Å høyra på Sufjan Stevens si juleplate medan ein les aftenpoften som ligg og ventar utanfor døra

4. Å byrja på første sesong av Gilmore Girls. Igjen. Og igjen.

5. Julegavar som ventar på å få bli pakka opp

6. At det berre er to dagar igjen før eg får flyplassklem

7. Å lesa fine sitat som får ein til å tenka at alt er mogleg og at det kjem til å gå bra til slutt.

"If you can dream it, you can do it"
- Walt Disney


onsdag 14. desember 2011

Julestemning?

Om du treng litt ekstra julestemning, ein liten pause frå eksamenslesing eller berre har lyst til å gå på konsert, syns eg du skal koma på julekonserten vår i kveld! Eg syng i Trill vokalensemble, og me er eit jentekor som lagar masse fine lydar.  Det blir litt jul, litt pop, litt madonna og kanskje litt pepperkaker. Eg gler meg! Meir info finn du her.

mandag 12. desember 2011

23

Chambley - Lorraine Mondial Air Ballons - Record du Monde en ligne - 26 juillet 2009

I dag har eg bursdag! Den skal feirast med korøving, sjokolade, ein fin kjærast og kanskje bittelitt sushi.

torsdag 8. desember 2011

Kvit glede

Åh, finaste snø! Eg måtte hoppa og hyla då han kom, fordi det kribla sånn i magen. I går gjekk eg tur for å kjenna korleis han knaka under skoa, og for å sjå på kor fint han har pynta trea. Lykke!




søndag 4. desember 2011

Lang sundag

Sundagar eignar seg godt til å gå tur, til å sjå på tv, til å spela spel. Og til skikkeleg mange andre ting. I dag har eg prøvd å få tak i nokre solstråler bak ein haug, tørka støv, og prøvd å lesa Anna Gavalda på fransk. Det er ikkje så lett, men eg blir skikkeleg glad når eg forstår kva det dreiar seg om. For eksempel om å eta middag med ein framand som ein nettopp har møtt, og så aldri sjå han meir. Hurra for desember og lange sundagar!