søndag 31. oktober 2010

Hei sundag

Då eg la meg var eg Minni mus, men då eg vakna var eg berre Frøydis. Eg og Mathias åt frokost på åpent bakeri på damplassen i ullevål hageby, der er det fint, fullt av folk og sjukt mykje godt. Me tok t-banen til sinsen, av alle plassar, såg på fine statuar og spiste marsipan, eg elskar marsipan nesten meir enn alt og difor var eg over gjennomsnittet glad. Etterpå besøkte me Mette Amalie og Laila som har fått seg verdas finaste pus som heiter Mille, me leika og kosa og vaska oss. Så gjekk me ut av døra og inn ei ny, plutseleg var me sjå Mathias sine foreldre og dei mata oss til me ikkje orka meir. Avslutning: modern family og sure bildekk.

Sundag <3

torsdag 28. oktober 2010

Bildebok!

"Ho peika på Ceylon og viste ein pupp". Berre høyr på tittelen liksom. Ein fin kar med navn Sigmund Falch har funne fram ein drøss med bilete frå gamledagar, og skrive tekstar til dei. På nynorsk. Eg ler kvar gong eg les i ho, og no finns det to bøker til som er i slekt. Sjå på bilete under for å få ei djupare innsikt i kva eg fablar om.

herifrå

Så om du skulle vera ein sånn galning som handlar julegavar i god tid, her har du ein bra ein.

onsdag 27. oktober 2010

Om absolutt ingenting

Kollektivliv er eit fint liv. I dag har me åte potetbåtar med konditorfarge og snart skal me sjå Billy Elliot, eg blir aldri lei av Billy og Alvilde har berre sett han ein gong. Men fyrst er me flinke jenter og gjer skulearbeid, utanom meg for eg skriv blogg. Og et kjeks. Eg har nemleg ein regel om å ikkje studera om kvelden, og den held eg kvar kveld. Det er nok eigentleg den beste regelen eg har.

Dagens tips: ikkje pill deg i nasen om du nett har kutta chili.

mandag 25. oktober 2010

Politimester Frøydis






















Nemleg.

søndag 24. oktober 2010

Komle

870741074107401740

Dette er ei komle, og komler er kanskje det beste eg veit. I dag har eg åte så mykje komle at det ikkje er plass til meir, og difor er eg skikkelig glad. Eg har til og med ei komle i kofferten, den skal vera med til Oslo og så skal eg eta ho og vera glad.

lørdag 23. oktober 2010

Heim til mor

Seint på torsdag kom eg heim til Klepp, fekk knuseklem på flyplassen og eplekake til kveldsmat. I og med at Klepp ikkje er ein stad som alle har eit forhold til, tenkte eg å skriva ti ting som gjer at Klepp kan vera OK pluss av og til.

¤ Stillhet. Ein kan høyra når naboen lukkar døra.
¤ Vind. Fin å lena seg på, fin å høyra på når ein sit med eit teppe og ein kopp kakao framfor ein knitrepeis.
¤ Kleppevarden. Ein haug, eg har budd på han i 13 år, og ein kan sjå sjø og fjell om ein finn toppen.
¤ Nysgjerrige kuer.
¤ Familie. Best i verda.
¤ Sjø. Og strender, evig lange og frykteleg fine å gå på tur langs.
¤ Biblioteket. Ikkje eit uvanleg bibliotek, men litt mitt.
¤ Familiegarden. Med minner under alle steinane.
¤ Jærsk. Mitt språk, mi dialekt, min heim.

Det vart berre ni.
Vannari.

torsdag 21. oktober 2010

Ikkje kva bok som helst

Då eg og Mathias var i Paris skulle me vera flinke turistar og gå på Pompidou-senteret for å sjå på moderne kunst. Det gjorde me òg, i kanskje eit kvarter. Resten av tida var me inni ein heilt fantastisk bokhandel i botnen av bygget, der fann eg denne boka her.

Ho er full av superfine teikningar, og best av alt: ein får teikna i ho sjølv! På kvar side står det kva ein skal gjera, på fransk, så får eg øva meg litt.

Hihi, alle gavane er til meg!

Ingenting å gjere, teikn på armen din.

Eg fekk teikna øyrer og nase på ein mann, det likte eg.

Her kan ein snyta seg om ein har ein nase som renn.

onsdag 20. oktober 2010

Om du treng ein ny hobby, om det regnar ute, om rommet ditt ikkje er så fint som det kunne ha vore fordi du ikkje veit kva du skal pynta med.

Om du ikkje har prøvd origami før kan det vera at du har gått glipp av noko. Heldigvis er det ikkje for seint, ein kan kjøpa origamisett i bokhandlar og i butikken på teknisk museum, som no har seilt opp blant mine absolutt favorittbutikkar i Oslo (Sebastien Bruno, Bare Jazz, UFF, Sprell og TEKNISK MUSEUM). Om du allereie har ark i heimen er det eigentleg berre å setta seg ned med youtube, som har tutorials alle veiar.

Mathias og eg bretta for første gong på sundag, alt vart ikkje like fint men det høyrer med til historia at eg lo så mykje at eg nesten tissa på meg, og det er verkeleg noko eg vil at alle skal få oppleva. Her er nokre av kunstverka (ordet kunst er her brukt i sterk overdreven form):


Pingvinar.

Desse skapningane skulle eigentleg enda opp som froskar, men i mitt tilfelle (det lilla) skjedde det noko rart på veien. Hiphop-billa, kallar eg ho.

Svaner.

Augnestikkarar.

Berre eit lite innetips, no når verda er blitt så kald.

mandag 18. oktober 2010

Mandagsmusikk



I helga var det sol, i dag er det regn. Det er sånn det skal vera, og eg skal på kjøpesenter. Av alle ting.

torsdag 14. oktober 2010

Om å bli stor

Eg vil ikkje bli stor. Vil ikkje ha ein jobb, vil ikkje forsikra leiligheten og vil ikkje skriva sjølvmelding. Eg vil ikkje skifta bleier og kjøpa brannslukningsapparat, ikkje sitta fast på ein plass og angra på alt eg ikkje gjorde.

Eg vil:
Sitta på ei strand i Thailand og sjå på solnedgangen, snakka heile natta og sjå på soloppgangen. Eg vil bu på ein seilbåt i tre månadar og sovna til bølgeskvulp kvar kveld. Eg vil ha ein hund og ein katt, eg skal elska dei så mykje at det gjer litt vondt kvar gong eg går ut av døra. Eg vil halda ein mikrofon og synga så fint at alle gløymer å klappa, men så hugsar dei det og klarar ikkje å stoppa. Eg vil skriva noko som får ein eller annan til å føla noko, motivasjon eller glede eller sorg eller håp, eg vil hoppa uti sjølv om eg har bind for augene og er så redd at hendene ikkje vil slutta å skjelva.

Kva vil du?

mandag 11. oktober 2010

Litt utanfor Oslo finns det noko som heiter skog

Helg betyr kjærleik, og denne helga var det kjærleik i skogen. Eg hadde på meg Martotopiasløyfa mi, det regna gule blad og Mathias var så kjekk at eg måtte blunka.

tur2

tur4

tur1

tur10

lørdag 9. oktober 2010

Oktobersprell

Photobucket

Me lagar bokstavar med kroppane og då er det offisielt haust.

onsdag 6. oktober 2010

Om eg nokon gong skulle kjøpa ein bil

Ja.

Rimi altså

Sushi + kjolar + strømpebukser + husleie + busskort + sjokolade = mykje pengar.
Har eg desse pengane?
Nei.
Korleis løyser eg det?
Eg byrjar på Rimi.
På tre dagar har lært meg at 4011 betyr banan, 3050 betyr hodekål og 4204 betyr norske epler. Dei er raude og OBS! kan lett forvekslast med tyske epler. Eg har blitt kjent med ein som heiter Ola, han jobbar ikkje på Rimi men syns at Frøydis er eit fint navn. Sånt kan eg lika. Eg har blitt invitert på date med ein gift mann som kjøpte ti skrapelodd og eg har laga kø heilt bort til snopehylla. Eg har smilt og smil og smilt, no skal eg sova og smila litt meir.
Rimi altså.

mandag 4. oktober 2010

Hovudet under dyna

Nokre dagar vil eg ikkje åpne augene, ikkje lyfte på dyna og ikkje trekke opp persiennene. Eg vil ikkje skru på lyset, eta frokost, pussa tenner, høyra på musikk eller seia hei til nokon. Eg vil berre ligga der med hovudet under dyna, heilt til du kjem og legg deg inntil meg og seier at no er eg her, eg skal ingen plass og me skal ligga her i heile dag. Nokre dagar er eg flink på avstandsforhold, men i dag er eg den dårlegaste i verda. Au.

Morgon

søndag 3. oktober 2010

Sundag i kollektivet

Me laga nøttescones mens me høyrte på hakkebakkeskogen, dei vart sabla gode og eg et ein akkurat no, sjølv om eg er mett som ein stein. Kollektivet er for ein gongs skuld så reint at det skin på utvalgte plassar, eg har vaska alt utanom tennene mine og det skal eg gjera i løpet av dei neste ti minutta. Etterpå skal eg springa ut i regnet og inn igjen på Blå, der spelar Frank Znort Quartet som er heilt perfekte om ein vil smila litt meir, vugga litt meir eller drikka litt meir vin på ein heilt vanleg sundag.
Eg vil.

fredag 1. oktober 2010

Eg veit ikkje kva eg skal bli i dag heller

Fotball?
Fotballspelar?