onsdag 24. april 2013

Sol og neglelakk

Eg feirar at våren har kome med å ta meg ein pause i sjølvaste heimlandet. I kveld reisar eg heim til steingardar, strender, teaterbesøk og konfirmasjon. Det trur eg blir langt over gjennomsnittet fint. Mens eg pakkar kofferten, smiler eg av sol som smyg seg inn vindauget, og ein skikkeleg blå neglelakk.


 

lørdag 13. april 2013

Kafé!

Å gå på kafé er ein av dei tinga som gjer livet litt lysare. Livet mitt er heldigvis ikkje så mørkt frå før, men å kikka ut av eit vindu med ein kaffikopp i hånda, er litt som meditasjon for meg. Her er tre av favorittkaféane min i London. Til no!

Tufnell Park Tavern, 162 Tufnell Park Road, London N7 0EE
Dette er lokalkaféen vår, som me fant på ein oppdagelsestur i nabolaget. Den har eit eige kaférom, og eit eige pub/restaurantrom. Dessutan har den tidenes beste cappuccino (spesielt når ho med det raude håret lagar han), store croissantar og ein fin og avslappa atmosfære. 

New London Cafe, 216 St. Paul's Road, London N1 2LL

Denne kaféen har kjedeleg navn, men snille innehavarar og fin musikk. Eg blir alltid skuffa når fine kaféar har slitsom musikk, men desse folka er like glade i Beatles som meg. Dessutan har dei god lunsj, og eg har oppdaga ein liten bakgård som eg har tenkt å sitta i når det blir litt varmare.

Candid Cafe, 3 Torrens St, London EC1V 1NQ
Denne er ordentleg fin! Det er ikkje så lett å sjå, sidan Mathias tar opp heile biletet, men eg lovar at det er sant. Den ligg litt gøymt vekk, så det føles heilt rett å belønna seg sjølv med eit kakestykke når ein har funne veien og gått opp ein haug med trapper. Så kan ein veksla mellom å kikka ut på fine hustak, i boka si, eller på dei unge/gamle/rare/kunstnariske folka som kjem og går.


lørdag 6. april 2013

Femten fortreffelege

1. Sola som skin på tastaturet mitt og seier "Skriv om meg!"
2. Puslespelet som eg kjøpte for eit pund, og som gjer meg glad
3. Å tenka på kor fint det var å vera i Berlin
4. Å oppdaga ein ny kafé med utsikt over Londons hustak


5. Å oppdaga ny musikk mens eg puslar (dei beste til no: Noosa, Tom Odell og Matt Corby)
6. At våren er på veg (eg kryssar alle fingrar)
7. Når påskeliljene endeleg åpnar seg
8. Å le av Mathias som bestilte den største calzonen NOKON GONG


9. Ingen planar, ingen bekymringer
10. Lakristannkrem
11. Hus som latar som dei er sjakkbrett

12. Å ha eit kapittel igjen i boka, og spara det til den rette augneblinken
13. Å lesa fine bloggar (mine favorittar nett no: Frøydis, Ine og Ennui)
14. Å belønna seg sjølv etter trening med sjokolade
15. Å gjera nye ting saman med Mathias, som for eksempel å bygga eit kamera av papir